Northern Research Basins er eit circumpolart nettverk som vart etablert under den Internasjonale Hydrologiske Dekade, attende i 1975. Deltakarar er hydrologimilhø i Canada, Danmark (Grønland), Finland, Norge, Sverige, Island, USA og Russland, med Storbritannia, Tyskland, Sveits og Japan som assossierte medlemer. Fokus på i arbeidsgruppne er naturleg nok arktisk og alpin hydrologi og glasiologi. Nettverket har arbeidsgruppemøter og symposium annankvart år. Årets møte, det 18., var arrangert av Norge, og i beste NRB-tradisjon arrangert som eit «road show» på Vestlandet, frå Bergen via Loen og Fjærland til Voss. Slike opplegg er naturleg nok også av interesse for lokale media, som dette oppslaget om bresmelting og vasskraft frå NRK Sogn og Fjordane.
Meir om NRB her.
Fint å lese at denne seminarrekka fortsatt er aktiv. Jeg var mye med på 80-tallet, spesielt husker jeg Northern Research Basin seminaret som jeg var med å arrangere i Ullensvang i mars 1982 med mest vekt på snømælingsmetoder. Det skjedde ting som ikke var planlagt under dette seminaret – størst inntrykk på utenlandske deltakere var nok orkesterplass i spisesalen på hotellet til snøskredene som dundret nedover fjellsida på den andre siden av Sørfjorden.
Arve Tvede
De kan angre dykk på at de ikkje var med. Både fagleg, sosialt, og naturmessigt var dette ei stor oppleving.
Som arrangør er eg kanskje inhabil, men lell…
Det neste møte er i August 2013 i Alaska og då blir det sikkert like bra på alle vis. Eg oppmodar alle som likar kombinasjonen om å sette igang å førbu ein aktuell presentasjon.
Tema snø, vatn, is relatert til vasskraft, oljesand eller andre samfunnsmessige forhold vil bli prioritert.
Oddbjørn