Eit semester ved UNIS er eit minne for livet, og du får vener frå heile verda. UNIS tek ikkje opp studentar i 2020 pga Covid-19-situasjonen, men reknar med å vere i gang med undervisning i vårsemesteret 2021. Søknadsfrist er 15. oktober i haust.
Augusnettene er noko for seg sjølv. Stjernene dukkar opp att på nattehimmelen – det er mørkt nok til å sjå stjerneskota i Perseidene, og mildt nok til å ligge på ryggen på ei låvebru og vente på neste meteor. Sjølv på Oslohimmelen vinn dei sterkaste over strølyset, som eldkula på fotoet der ho fér sørover over Østmarka.
Foto: NRS
Ingen skriv om augustnatta som Jeremias i Tröstlösa:
En borde inte sova när natten faller på
för tänk, då blänker stjärnorna högt uppe i det blå.
Det är så tyst och stilla.
Att sova vore illa.
Jag vandrar mina vägar över slätt och genom skog,
och stjärnorna de följer mig, så sällskap har jag nog.
Det sägs dom äro tusen mil och mer ändå från oss.
Än brinner de med stadigt sken, än flammar de som bloss.
Som silver och kristaller,
nu deras gnistor faller,
och en annan flammer till när hon har brunnit ut,
så faller hon, då blir det som en strimma rök till slut.
En kan vel aldrig drömma så grant och underbart,
som själva natten ter sig när de stjärnor lyser klart.
Det er som om det hördes
ett silverspel som rördes.
En borde inte sova när natten faller på.
En borde se på stjärnorna. En borde vara två.
Jeremias bok. II : värs och visor.
Eit semester på Svalbard
Published 2015/04/13 Utdanning Leave a CommentStikkord:arktis, hydrologi, klima, UNIS, utdanning
Er du godt i gang med bachelorstudier innan realfag og interessert i Arktis, så kan eit semester på Universitetssenteret på Svalbard, UNIS, vere noko å tenkje på. Som hydrolog vil eg sjølvsagt promotere kurset AT-209, Arktisk hydrologi og klimaendringar – Arctic hydrology and climate change (undervisningsspråket er engelsk). Dette kurset gjev 15 studiepoeng, så du treng eit kurs til. Arctic hydrology and climate change er eit full-semesterkurs, med feltkurs (i området ved Pyramiden) og kortare dagekskursjonar ut frå Longyearbyen. Det krev ingen forkunnskap i hydrologi eller geofag. Meir om kurset her: http://www.unis.no/course/at-209-arctic-hydrology-and-climate-change/
Siste søknadsdag er 15. april. Ring eller mail meg for meir informasjon.
Foto: NRS
Føremelding frå geofagstudentane
Published 2015/03/01 Funderingar , UiO Leave a CommentStikkord:geofag, kryosfære, snø, studier, utdanning
25. februar var studentane i GEO2010 Overflatehydrologi og GEG2110 Landformdannende prosesser ute i felt for å ta snømålingar. Målingane var frå byrjinga planlagt til mars, men slik denne vinteren utviklar seg verka det tryggast å ta dei medan vi enno har snø i marka. 25 studentar fordelt på fem grupper la ut til Nikulpmyrene i Tryvannsåsen og målte snøstrekk både i ope terreng og i skog. Trass i mildveret var det i snitt 60-70 cm snødjup med nokså kompakt snø, så skiføret i høgda (Nikulpmyrene ligg 420 moh) skal nok halde ei god stund enno. Men det finst ikkje tele, og snøen er nokså metta, så smeltebekkar kan fort opne seg.
Skjeggestad bru og kvikkleira
Published 2015/02/08 Funderingar Leave a CommentStikkord:geofag, geohazards, geoteknikk, infrastruktur, kvikkleire, leirskred
Det er mykje kvikkleire i Norge, over store deler av arealet som er under øvre marine grense. Kvikkleire som er i sin opphavelege posisjon er i grunnen dømt til å rase ut etter kvart som havsaltet som stabiliserer henne vaskast ut. Dette er ein langsam prosess, over årtusener, og på ein gjeven stad er eit leirfall ein sjeldan hendelse som det er vanskeleg å føreseie. For lineær infrastruktur som vegar og jarnveg vert biletet eit anna – det er stor sannsynlegheit for at ein strekning vert råka i levetida til strukturen.
Etter leirfallet ved Skjeggestad bru sit ein utanforståande som eg att med to funderingar: Den eine – burde ikkje bruer i leirskredutsette områder vere fundamentert og dimensjonert med tanke på leirskred, eller i det minste ha varslingssystem for rørsle i grunnen? Den andre: Det ser ut til at det allereide hadde vore utgliding i terrenget ved brua – det er snakk om synkehol eller utgliding langs elva. Likevel køyres ein bulldosar ut for planere, eit potensielt svært farleg oppdrag, utan varsling av kommune eller vegvesen, og utan geotekniske undersøkingar. Det ser ut til at risikobiletet rundt leirskred er dårleg forstått, sjølv mellom dei som arbeider i «frontlinja» i slike høve.
Biletet: Eit utsnitt av farekartet for leirskred (http://atlas.nve.no) for området rundt Skjeggestad bru. Som vi ser er i området rett ved brua merka av, men like nord og sør for brua er det to soner med ulik fareklasse.
Sett nymånen? 20. januar gjekk me inn i Torre månad etter den gamle månekalenderen. Torre er den fjerde av dei seks vintermånaden, og saman med Gjø, som er den femte, den einaste som enno levde i folkeminnet då eg voks opp i Lærdal. Torre er den hardaste og kaldaste vintermånaden, noko som Gjø nok var avundsjuk på, etter bestefar min sitt herme etter henne (ho er kvinne, Torre er mann): «Hadde eg kome før Torre, bror min, hadde eg frose borken av tre, horn av fe, og barn or mors liv».
Så dersom du kjenner for nok ein fest etter julefeiringa, er det tid for Torreblot – skål!
Professor Jon Ove Methlie Hagen,Institutt for geofag ved UiO, fekk fredag 10.10.2014, på Fridtjof Nansens fødedag, tildelt Nansenbelønninga, eller Framkomiteens Belønning for Polarforskning som det formelt heiter.
Utdrag frå komiteen si grunngjeving:
Professor Jon Ove Methlie Hagen har mer enn 25 års erfaring innen feltet glasiologi med hovedfokus på studier av hvordan arktiske isbreers masse øker eller minker over tid. Han er en ledende norsk glasiolog som gjennom sin forskning har vært med på å gi meget viktige bidrag til bedre å forstå hvordan våre breer og ikke minst våre store isdekker vil respondere på fremtidige klimaendringer.
Prisen vart utdelt av Ole Petter Ottersen, rektor ved UiO.
Til lukke, Jon Ove! Dette er vel fortent!
Studér geofag!
Published 2014/04/15 Uncategorized Leave a CommentStikkord:fjernmåling, flom, geofag, geofysikk, geografi, geohazards, geologi, geomatikk, glasiologi, klima, kryosfære, meteorologi, oseanografi, studier
Frist for søknad til samordna opptak er like rundt hjørnat. Er du interessert i realfag så er geofag eit sikkert valg – aldri har vel kunnskap den blå planeten vore så aktuell som i dag. Klima, energi, miljø, naturessursar, naturfarer – alt finn du innan geofagstudia.
Geofag ved Universitetet i Oslo:
http://www.uio.no/studier/program/geofag/
http://www.uio.no/studier/program/fam/
Fotomosaikk: NASA