Posts Tagged 'vannkraft'

Kvifor geofag?

Vindkraftverk på Huhnsrück

Dersom du står framfor det viktige valet av studium og framtidig arbeidsfelt, og oppteken av dei store miljøutfordringane i verda i dag bør du sjå på studieretningane i geofag. Her er ei liste over miljøspørsmål der geofaga står sentralt:

  • Klima og klmaendringar
  • Naturfare – flaum, skred, stormar, jordskjelv, vulkanutbrot, tsunami, tørke
  • Naturressursar – mineral, vatn, olje, kol, gass
  • Fornybar energi – vasskraft, vind, sol, hav
  • Vatnressursar og vassdragsforvaltning

I tillegg lærer du å forstå landskapet og kva som har forma det, om hav og atmosfære, om hydrosfære og kryosfære, om jordas historie og jordas indre. Velkomen til geofagstudiet!

Foto: NRS

Reklame

Borten Moe om Norge som Europas batteri

Ola Borten MoeTeknisk ukeblad refererer fra dagens miniseminar om Norges energiframtid under overskrifta «Moe knuste batteridrømmen» – «Energiminister Ola Borten Moe (Sp) knuser kraftbransjens drøm om Norge som Europas fornybarbatteri, og mener vi isteden bør levere fleksibel gass.» Les meir her.

Det er lov å undre seg over at ministeren brukar som motargument mot effektkøyring mot Europa frå sørnorske kraftverk at «Hvis Blåsjø-magasinet skulle begynne å stige og synke med ti meter i døgnet, kan det være noen som reagerer på det». Det ville dei sikkerte, men eksempelet er heilt urealistisk, ettersom det ville innebere installasjon av eit kraftverk med kapasitetet 20000 m3/s, og det mellom Blåsjø og havet, ettersom det ikkje finst noko mellomliggande magasin som kan ta imot slike vassmengder. Halve døgnet måtte ein så pumpe tilsvarende mengder saltvatn attende – det ville heilt sikkert nokon reagere på!

Northern Research Basins

NRBNorthern Research Basins er eit circumpolart nettverk som vart etablert under den Internasjonale Hydrologiske Dekade, attende i 1975. Deltakarar er hydrologimilhø i Canada, Danmark (Grønland), Finland, Norge, Sverige, Island, USA og Russland, med Storbritannia, Tyskland, Sveits og Japan som assossierte medlemer. Fokus på i arbeidsgruppne er naturleg nok arktisk og alpin hydrologi og glasiologi. Nettverket har arbeidsgruppemøter og symposium annankvart år. Årets møte, det 18., var arrangert av Norge, og i beste NRB-tradisjon arrangert som eit «road show» på Vestlandet, frå Bergen via Loen og Fjærland til Voss. Slike opplegg er naturleg nok også av interesse for lokale media, som dette oppslaget om bresmelting og vasskraft frå NRK Sogn og Fjordane.

Meir om NRB her.

Store vasskraftreguleringar – kroken på døra eller redninga for fornybar energi?

OddatjønnsdammenNorsk elektrisitetsforsyning er basert på fornybar energi, og ryggrada er dei store vasskraftreguleringane. Reguleringskapasiteten i dette systemet har også gjeve Norge ei rolle i det europeiske energisystemet som lastutjamnar mot andre energibærarar. I nyttårstalen 2001 sa statsminister Jens Stoltenberg:
Men fordelene ved disse utbyggingene er ikke store nok til at de forsvarer de ugjenkallelige inngrepene i naturen. Uberørt natur får en stadig større verdi. Vi nå er kommet dit at tiden for nye store vannkraftutbygginger i Norge er over.

Energiforsyning og klimaendringar heng tett saman. Er det i dag, ti år etter Stoltenbergs nyttårstale, på tide å ta opp att diskusjonen om nye vasskraftreguleringar? I samband med jubileumsfeiringa til UiO arrangerar Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Institutt for geofag debattmøtet «Store vasskraftreguleringar – gårsdagens eller framtidas fornybare energi?» i Litteraturhuset Fredag 20. mai kl 16. Alle er velkomne. Meir informasjon finn du her.

Vitjing frå prærien

Norse nationUte på prærien i Midt-Vesten, i Iowa, ligg Decorah, ein liten «norsk» by med vel 8000 innbyggarar. For norskamerikanerar er byen særleg kjent for Decorah-Posten, norsk avis som vart utgjeven frå 1874 til 1972, slektgransking på biblioteket, og Luther College. Luther College vart grunnlagt av norske innvandrarar i 1861 og feirar dermed jubileum i år. Det er altså berre 50 år yngre enn UiO – rektor Ottersen har nett vitja dei i høve jubileet. Det er eit «liberal arts» college, altså bachelor-høgskule, og talet på studentar har vokse frå 16 til 2500. I januar tilbyr dei «danningskurs» for sisteårstudentar i utlandet. Ei av klassane, to lærarar og 25 studentar frå all slags fagområde, vitja oss i januar etter å ha vore i Tyskland og Danmark. Kurset var «Advanced Models of Sustainability», som har fokus på fornybar energi. Hjå oss lærde dei om norsk vasskraft – produksjon og marknad, om konflikter rundt vasskraftutbygging og monstermastdebatten. Det var mitt tilskot. Vidare hadde dei forelesingar om smarte gatelys i Oslo og Hynor – den norske hydrogenvegen (frå Stavanger til Oslo). Dagen etter diskuterte dei Lofoten og oljeutvinning med Natur og ungdom. For den som måtte vere intessert: Kurset er på fire US credits og kostar 3800 USD …

Biletet: «Norse Nation», frå heimesidene til Luther College.