Posts Tagged 'utdanning'



The cryosphere kid

Does sending a geography student to Norway offer the answer to fostering Arctic scientists of the future? «Canadian Geographic» har vore med Robert Way, ein av dei kanadiske utvekslingsstudentane i CryoEx-programmet (leia av Bernd Etzelmüller), på strabasane hans i den norske fjellheimen. Les om opplevingane hans her.

Geologi i Sogndal

Høgskulen i Sogn og Fjordane har starta opp eit nytt bachelorstudium i geologi og geofare. Sentral person i dette er professor Stein Bondevik. Studiet kan vere eit rekrutteringsgrunnlag for mastergrad hjå oss, og vi skal sjå på kva tilvalg som vil vere naudsynt for opptak. Det hyggeleg å kunne ynskje HiSF velkomen i geofagfamilien att!

Kjappe realfagjenter!

Melding frå fakultetet:
Kvinnene som fullførte doktorgrad i realfag ved Universitetet i Oslo i 2008, kom i mål rundt ett år før gutta.
Meir i forskning.no.

Bachelorseremoni 8. september

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet inviterer for andre gong til diplomseremoni for studentar med avlagt bachelorgrad. Seremonien er 8. september i Gamle festsal, oppmøte i Frokostkjelleren kl 16:20. Det er godt oppmøte frå FAM, men ingen påmeldte frå GGG. Skulle nokon nokon angre seg, er det mogeleg med etterpåmelding (bindande!) til kristine.jossang@matnat.uio.no til og med 1. september. Dette er ein spesialservice for trege geofagstudentar …

Meir om tilstellinga finn du her.

Ny Kopinor-avtale

Det er no forhandla fram ein utvidelse av UiO sin avtale med Kopinor om kopiering av opphavsverna material.  Det nye i denne avtalen er at de no er tillete å digitalisere materialet (det er kanskje ikkje kjent for alle at dette ikkje har vore tillete tidlegare). Nokre punkt frå avtalen:

  • Forhåndsdefinert pensum kan framleis berre distribuerast på papir
  • Tilleggsstoff kan leggast distribuerast på email og leggast ut på Classfronter, men ikkje i opne internettsider.
  • UiO har lisensavtale med dei fleste tidsskrift som vert utgitt i digital fom – desse kan distribuerast digitalt (men ikkje på opne internettsider.)

Som ein hovedregel kan altså ikkje opphavsverna material leggast ut på semestersidene til kursa våre («vortex-sidene»), dersom dei er opne. Bruk fronter!

Meir om avtalen.

Arbeidsplikt for postdoktorar og studentar

Praktisering av arbeidsplikt for stipendiatar og postdoktorar har vore nokså varierande på instituttet, og dette har ført med seg både uklare arbeidstilhøve for dei det gjeld, og ikkje-optimal utnytting av den viktige ressursen dette er. Vi har laga forslag til retningslinjer for arbeidsplikta, og også eit utkast til arbeidsplan. Kommenter gjerne her, eller på email til instituttleiar.

Skulejobb som leiartrening?

Enkelte har vel fått med seg at StatoilHydro og Oslo kommune etablerar eit samarbeid om undervisningsstyrking i utsette skular. Opplegget går ut på å rekruttere flinke realfag-masterar til å få pedagogisk etterutdanning ved «Teach First» og undervise to år i ungdomsskulen. StatoilHydro ser på si side på dette som leiarutvikling, og tilbyr jobbintervju mm etter endt periode. Dette er i utgangspunktet eit engelsk opplegg, «Teach First», utvikla for å støtte svake skular i utsette område. Meir om saka i DN. Det mest banebrytande i saka er kanskje at det fokuserar på lærararen som leiar(emne). Kanskje noko for våre studentar også – ikkje minst for dei som ikkje er geologar.

Nye master-studentar

Vi har i dag teke i mot 64 nye masterstudentar, eit av dei største masterkulla vi har hatt. Velkommen skal dei vere!

Nordisk forskarkurs i hydrologi / Nordic Ph.D.-course in hydrology

Frå professor Chongyu Xu:
I am pleased to tell you that this autumn there is a joint Nordic PhD course on climate and hydrological modeling, for details see
http://www.tvrl.lth.se/utbildning/graduate_courses/nordic_course_on_climate_hydrology/
If you are interested and have questions you can also contact me.

Vidareutdanningskurs for lærarar

Det er nå mogleg å melde seg på «Geofag – videreutdanning for lærere». Påmeldingsskjema og informasjon finnes på denne sida: http://www.geo.uio.no/evu/geofagvgs.html. Påmeldingsfristen er 3. august.

Årets kurs er det fyrste av fire, og heiter «Arbeid i geotop – feltarbeid i geofag». Det er på 15 studiepoeng. Programmet er eit samarbeid mellom Naturfagsenteret og Institutt for geofag.