NOAAs sitt National Hurricane Center er den offisielle sida for stormvarsel, men ettersom den tropiske syklonen no trugar New York har New York Times svært god dekning, med track varsel, evakueringskart og reportasjar. Det vert ellers sagt mykje rart på norske media om Irene, som at 55 millionar skal evakueras, at det er ei skypumpe, og at den rører seg med ein far av 160 km/t, medan det heller er 20 km/t. Og så kan ein fundere over korleis ruta vert vidare når og dersom Irene dreg ut i Nord- Atlanteren.
Posts Tagged 'storm'
Irene på veg nordover
Published 2011/08/27 Fagnytt Leave a CommentStikkord:geohazards, meteorologi, storm, tropisk syklon
Ny naturkatastrofe undervegs i Queensland
Published 2011/02/02 Fagnytt Leave a CommentStikkord:geofag, geohazards, meteorologi, storm
Queensland har berre så vidt kome seg over storflaumen før neste katastrofe trugar. Den tropiske syklonen Yasi er nå i ferd med å nå land ved Cairns. Yasi er i høgste styrkeklasse, 5, og har vindstyrke på over 300 km/t. Dette er den sterkaste stormen som nokon gong er registrert i Australia, og overgår i vindstyrke for eksempel Katrina som raserte New Orleans i 2005. Tropiske syklonar har dobbel øydeleggande effekt – fyrst ved vinden, og så ved flaumar og skred som fylgjer den sterke nedbøren, 1 m (1000 mm) nedbørhøgde er ikkje uvanleg. Stormen når land nå i ettermiddag 2. februar (natt i Australia).
Meir om varsel og oversikter finn du på heimesidene til Australian Bureau of Meteorology.
Satellittdekning og andre bilete frå BBC.
Biletet er frå Wikimedia Commons