Posts Tagged 'modeller'

Ekko feirar Ragnar Fjørtoft

MartinEkko (NRK P1) feira i dag 100-årsdagen til Ragnar Fjørtoft med intervju med Anton Eliassen, direktør ved Meteorologisk institutt, som hovudoppslag. Ragnar Fjørtoft var ein føregangsmann for utviklinga av numerisk vêrvarsling og med i gruppa ved Institute for Advanced Studies på Princeton som gjorde dei fyrste vellukka numeriske værprognosene i 1950/51, og slik bestefar til Yr. Han var direktør for Meteorologisk institutt frå 1955 til 1978, og professor II ved instituttet vårt frå 1967 til 1983. Det er meir geofag i denne Ekko-sendinga – i «Abels tårn» diskuterar Rune Selbekk og Einar Uggerud om diamantar og då særleg mikrodiamantar er spennande eller ikkje.

Heile sendinga høyrer du her.

Reklame

Dagens disputas – hydrologiske modellar

MartinI dag, 21. mai, disputerar Martin Morawietz for graden Ph.D. ved Institutt for geofag. Avhandlingen er «Statistical uncertainty processing for probabilistic streamflow forecasting – Parametric and non-parametric approaches based on an autoregressive error model» – eit sentralt tema innan hydrologisk modellering, og ikkje minst flomvarsling, som jo er eit heitt tema om dagen. Prøveforelesinga «Do different hydrological processes have different model error signatures? Comparing ice-melt-fed, snowmelt-fed and rainfall-fed floods» er ein utfordring – det er ei viktig problemstilling, men det er gjort overraskande lite forsking innan det feltet, så her får kandidaten noko å bryne seg på. Komité for disputasen er Dr. Vazken Andréassian, Hydrosystems and Bioprocesses Research Unit (HBAN), National Research Institute of Science and Technology for Environment and Agriculture (Irstea), Frankrike, Associate Professor Micha Werner, UNESCO-IHE Institute for Water Education/Deltares, Delft, Nederland og professor Bernd Etzelmüller frå instituttet. Rettleiarar er professor Chong-Yu Xu, professor emeritus Lars Gottschalk og professor Lena M. Tallaksen. Les meir om arbeidet til Martin her.