Posts Tagged 'Kina'

Hestens år

Hestar i ErdalVi er alt to dagar inne i Hestens år, og våre kinesiske og vietnamesiske vener er godt i gang med feiringa av nyår og vårfestival. Det er ein familiefest som jul og nyttår tilsaman. Den kinesiske og vietamesiske kalenderen har som kjent ein tolvårleg syklus, alle med namn og eigenskapar etter eit dyr, verkeleg eller mytisk. Kvifor tolv? Omlaupstida til Jupiter rundt sola er nær 12 år. Så jordas rotasjon gev døgnet, månens omlaupstid gjev månaden, jordas omlaupstid året og Jupiter gjev 12 årssyklusen. Dei tolv dyrenamna (åra har også eit regulært namn) svarar til dei tolv stjerneteikna i den kinesiske dyrekretsen (zodiaken). I tillegg til 12 års-syklusen er det også ein tiårssyklus, der to og to år høyrer til eit element – tre, eld, jord, metall og vatn. Desse to syklusane gjev saman ein 60 årssyklus. Vi er nå i trehestens år, Jia Wu. Hesten sin styrke og sjølvstende gjev positive trekk til året, men tre er knytta til eld og energi, som også kan føre med seg konflikt og krig. Det fine med 60 årskalenderen er at den framhevar at kvart nytt år opnar for nye mogelegheiter, og at alle år er ulike. Dette skriv ein Bing Xu – eldhund. Godt nytt år!
Foto: NRS, frå Erdal

Reklame

Xīnnián hǎo ya – Godt nytt år!

Slangens årSola og månen har frå gamalt vore tidsreknarane til menneska. Den gamle tidsrekninga til den norske bonden starta året med Torre månad, fyrste nymåne etter vintersolsnu, når det går mot lysare dagar. Den kinesiske jordbrukskalenderen (og vietnamesiske) startar året ved andre nymåne etter vintersolsnu, i år 10. februar, med den fyrste aninga av vår. Nyttårsferinga varer heile den veksande månefasen, til Lanternefesten 24. februar, då er månen full. I går slutta dragens år, med nymånen i dag startar slangens år, den sjette av dei tolv dyreteikna. Kalenderåra høyrer også til eit av fem element (dei kinesiske elementa er tre, eld, jord, metall og vatn). 2013 er vatnet og slangens år.

Vi ynskjer våre kinesiske vener Xīnnián hǎo ya – Godt nytt år!
Likeså til den vietnamesiske Tết-feiringa: Chúc mừng năm mới!

Three Gorges klarte testen

Three Gorges Three Gorges dammen i Yangtze har flaumdemping som eitt av hovudføremåla (dei andre er skipsfart og vasskraft). Dammen er ein massiv betongdam, 185 m høg, 2300 m lang og 115 m brei ved fundamentet. Den demmer opp elva 660 km oppover ved fullt magasin, gjennom dei kjente kløftene oppover til Chongquing. Dammen sto ferdig i 2006, etter 12 års byggetid, men det står att ein del arbeid på infrastrukturen enno (fleire aggregat, båtheis for mindre båtar mm).

Det er noko motstridande opplysningar om kor stor vassføringa var under storflaumane i juli, men det ser ut til at tappinga frå dammen kom opp i 40000 m3/s, medan innstrøyminga til magasinet toppa på 56000 m3/s, så flaumdemping var solid. Til samanlikning nådde storflommen i Glomma i 1995 opp i 4000 m3/s.

Den største historiske flommen i Yangtze ved Ichang, like nedanfor Three Gorges er på 105000 m3/s, i 1870. Dammen er dimensjonert for å handtere ein flaum på 130000 m3/s, med eit tapping på litt over 100000 m3/s. Det er stadig duskusjonar om dette er høgt nok.

Eit problem som synte seg ved denne flaumen er mengda av søppel som samlar seg ved sluser og luker – det er rapportert at 3000 tonn søppel vart teke opp kvar dag under flaumen. Det skapar sjølvsagt store pronlem for drifta.