Posts Tagged 'geologi'



Geofag og biologi

Aubrey RobertsMange ser på geofag og biologi som to skilde deler av verda, med lite kontakt. I røynda er det mykje overlapp og aukande fagleg kontakt – til dømes innan klimaforskinga, dei biogeokjemiske syklusane (t.d. vatn, karbon) og ikkje minst innan paleontologien (makro- og mikro-). Den som i år vann Norske Shell Geopris for beste presentasjon av masterarbeid ved Den geologiske vinterkonferansen var Aubrey Roberts, bachelor i biologi og nå masterstudent ved Institutt for biovitenskap med Jørn Hurum ved Naturvitenskapelig Museum som rettleiar. Foredraget og masterarbeidet hennar er «Characterization of a new Ophthalmosaurid ichtyosaur from the Upper Jurassic of Spitsbergen». Les om tildelinga på Geoforskning.no, og Aubrey si forteljing om korleis ho hamna i eit gjørmehol på Svalbard saman med geologar og forhistoriske fiskeøgler på masterbloggen hennar.

Vi gratulerar på det varmaste!

Foto: Halfdan Carstens

Advertisements

Brøggerprisen til Roy Helge Gabrielsen

Roy GabrielsenVinterkonferansen 2013, geologane sin viktigaste nasjonale møtestad, går mot slutten, og Norsk Geologisk Forenings heiderspris, Brøggerprisen, gjekk i år til professor Roy Helge Gabrielsen. Dette er ei utmerking som heng høgt, statuttane er som fylgjer:

§1 Brøggerprisen (NGFs Hederspris) er opprettet av Norsk Geologisk Forening og tjener følgende formål:

a) Prisen skal tjene som en æresbevisning til en geolog som har bidratt på en unik måte til forståelsen av norsk geologi eller geovitenskap generelt.

b) Prisen skal hjelpe til med å forbedre profileringen av norsk geologi i samfunnet, tatt i betraktning den betydning geofagene har for norsk økonomi og samfunnsutviklingen generelt.

§2 For å komme i betraktning må kandidaten oppfylle følgende betingelser:

a) Kandidatens har gjennom en livslang innsats bidratt på faglig høyt nivå vedrørende norsk geologi eller geovitenskap generelt.

b) Kandidatens arbeid må inneholde nye og vesentlige bidrag til forståelsen av norsk geologi, og/eller geovitenskap generelt.

Les meir om tildelinga på geoforskning.no.
Vi gratulerar på det varmaste!

Trond Torsvik vinn fram att!

TrondMellom dei trettan nye SFFane – Senter for framifrå forsking – som Forskingsrådet delte ut i dag er Trond Torsvik sitt Centre for Earth Evolution and Dynamics, ei storfelt satsning på å vinne ny innsikt i dei store prosessane i jorda. Trond og den store internasjonale forskargruppa hans har gjort eit imponerande arbeid med søknaden som no har vunne fram i ein beinhard konkurranse, og som sikrar ei solid grunnfinansiering i ti år framover. Institutt for geofag gledar seg stort til å vere vertskap for senteret!

Samtidig gledar vi oss over at geofaga gjer det godt også ved denne tildelinga, Ved Universitetet i Tromsø får Jürgen Mienert senteret «Centre for Arctic Gas Hydrate, Environment and Climate», og ved Universitetet i Bergen har Nikolai Østgaard vunne fram med «Birkeland Center for Space Science». Nok eit prov på at norsk geofagleg forsking stå sterkt internasjonalt!

Forskningrådet om prosessen:
Forskningsrådet er imponert over nivået på SFF-søknadene. Konkurransen har vært knivskarp. Hele 139 forskningsmiljøer søkte om å bli et SFF. Av disse ble 29 vurdert som så gode at de gikk videre til den siste, avgjørende runden. Bare tretten slapp gjennom nåløyet, etter en grundig og tidkrevende søknadsprosess.

Foto: http://www.geodynamics.no

På Gaustatoppen med Henrik Svensen

Henrik SvensenNRK P2 sitt program «Radiofront» hadde invitert med seg Henrik Svensen (PGP) til Gaustatoppen søndag 29. august, for å få innsikt i kvifor ein finn bølgeslagmerker 1800 meter over havet. Innslaget finn du som podkast, frå 11 til 19 minutt ute i innslaget.

Den som ikkje har tenkt seg på Norges tak kan sjå bølgeslagmerker frå Gaustatoppen i inngangen til Geologibygningen på Blindern. Der er det innstøypt to plater mellom dørane – rettnok verna av gummimatter. Utsikta er ikkje heilt den same som i orginallokaliteten …
Bølgeslagmerker
Bilder: Geoforskning.no og Nils Roar Sælthun

Høgsesong for disputasar

TorborgEin månad ut i året har vi allereide hatt tre doktordisputasar. Fyrst ut var Lars Eivind Augland, med avhandlinga «Intercontinental interactions between Baltica and Laurentia – Terrane identifications and correlations in the Caledonides». sa har vi på løpande band hatt Misganu Debella-Gilo med avhandlinga «Matching of repeat remote sensing images for precise analysis of mass movements» og Torborg Heid over temaet «Deriving glacier surface velocities from repeat optical images». Vi gratulerar dei nye doktorane og rettleiarane deira. For den som vil ha snøgge innføringar i kva som skjer på forskningsfronten i geofaga er prøveforelesningane eit flott tilbod. Prøveforelesningane til desse tre var til dømes: «Exhumation of high grade metamorphic rocks», «Laser scanning in geosciences» og «Remote sensing of changes in surface velocities of Greenland outlet glaciers, and what may be influencing these changes». Og tru meg, desse førelesningane er av høg klasse!

Northern Research Basins

NRBNorthern Research Basins er eit circumpolart nettverk som vart etablert under den Internasjonale Hydrologiske Dekade, attende i 1975. Deltakarar er hydrologimilhø i Canada, Danmark (Grønland), Finland, Norge, Sverige, Island, USA og Russland, med Storbritannia, Tyskland, Sveits og Japan som assossierte medlemer. Fokus på i arbeidsgruppne er naturleg nok arktisk og alpin hydrologi og glasiologi. Nettverket har arbeidsgruppemøter og symposium annankvart år. Årets møte, det 18., var arrangert av Norge, og i beste NRB-tradisjon arrangert som eit «road show» på Vestlandet, frå Bergen via Loen og Fjærland til Voss. Slike opplegg er naturleg nok også av interesse for lokale media, som dette oppslaget om bresmelting og vasskraft frå NRK Sogn og Fjordane.

Meir om NRB her.

Studentopptak hausten 2011 på Institutt for geofag

Antall primærsøkereTilboda har nå gått ut til søkarane til bachelorprogramma, med svarfrist 26. juli. På programmet Geofag: Geologi, geofysikk og geografi (GGG) med 60 studieplassar (etter utviding) er det 560 søkarar totalt, av desse 101 fyrstevalg. Her har det gått ut tilbod til 77. På programmet Fysikk, astronomi og meteorologi (FAM) med 85 studieplassar er det 771 søkarar, 120 fyrstevalg – her har det gått ut 130 tilbod. Velkomstmøtet på instituttet for dei nye bachelorstudentane vert 15. august.

Talkjelde: Samordna opptak

Tour de France og geologi

Sur l'oeil du géologueAlle som fylgjer Tour de France på TV kan ikkje unngå å verte slegne av kor variert landskapet er. Touren tek oss gjennom kystflatene, kulturlandskapet og fjellkjedene – Massif Central, Pyreneane og Alpane. Fantastisk turistreklame, og hjå mange reiser det vel også spørsmål om korleis dette landskapet har vorte forma. På heimesidene til touren, letour.fr, finn ein under etappebeskrivelsane også ein kort video for kvar etappe som gejv aktuell informasjon om geologien – «Sur l’oeil du géologue/Through the geologist’s eyes» – laga av BRGM, Frankrikes nasjonale geologi/geofag-institutt. På heimesidene til BRGM er det også ei samla oversikt over etappane og videoane på eit geologisk kart. Fin måte å nå ut til eit stort publikum på!

Gode søkartal på Geofag

Antall primærskereSamordna opptak friga søkartala til høgare utdanning i dag. På landsbasis aukar talet på søkarar i snitt med 5.3% frå 2010 til 2011, og søkinga til realfag med 8.6%. På fakultetet aukar talet på primærsøkarar med 14%. På «våre» program er stoda at for Geofag: Geologi, geofysikk og geografi held den gode utviklinga fram, med 98 primærsøkarar, opp 18% frå i fjor, og meir enn ei fordobling frå 2005 (41 søkarar). Fysikk, astronomi og meteorologi, har ein liten nedgang frå i fjor, men har ser ut til å ha stabilisert seg på rundt 140 søkarar etter ein svak periode for nokre år sidan. Skal ein peike på ei negativ utvikling må det vere at lektorprogrammet i realfag har ein nedgang på 22%. Vi treng dyktige lærarar i realfag!

På dei andre lærestadane ser vi gjennomgåande ein auke for geologi-programma, og stor sett status quo for dei andre geofaga. Det er særleg hyggeleg å kunne gratulere Høgskulen i Sogn og Fjordane med ein auke frå 17 til 26 på det unge programmet i geologi og geofare!

Kjelde: Samordna opptak

Mangel på geokompetanse

geomatikkDet er stor etterspurnad etter geofagleg kompetanse i samfunnet. Tekniske Ukeblad har i dag eit oppslag med tittelen «Vill jakt på kartdata-hoder» der hovudmeldinga er at bransjen er bekymra for framtida sidan prosjekta og utfordringane står i kø medan rekrutteringa sviktar. Samtidig leitar oljebransen både etter nye funn og norske fagfolk. Tilsvarande meldingar får vi frå andre miljøa som rekrutterar frå faget vårt. Geofag opnar dørane til arbeidslivet!