Ekko (NRK P1) feira i dag 100-årsdagen til Ragnar Fjørtoft med intervju med Anton Eliassen, direktør ved Meteorologisk institutt, som hovudoppslag. Ragnar Fjørtoft var ein føregangsmann for utviklinga av numerisk vêrvarsling og med i gruppa ved Institute for Advanced Studies på Princeton som gjorde dei fyrste vellukka numeriske værprognosene i 1950/51, og slik bestefar til Yr. Han var direktør for Meteorologisk institutt frå 1955 til 1978, og professor II ved instituttet vårt frå 1967 til 1983. Det er meir geofag i denne Ekko-sendinga – i «Abels tårn» diskuterar Rune Selbekk og Einar Uggerud om diamantar og då særleg mikrodiamantar er spennande eller ikkje.
Heile sendinga høyrer du her.
0 Svar to “Ekko feirar Ragnar Fjørtoft”