I dag tek Brit Lisa Skjelkvåle Monsen over som leiar av Institutt for geofag. Eg kan lene meg litt bakover og sjå attende på åtte spennande år sidan eg starta det fyrste åremålet mitt den 1. mars 2005. Eg har fått vore med på ein periode med stor vekst og utvikling av geofaga, både nasjonalt og på instituttet. Nokre tal visar dette:
- Fyrstevalssøkarar til bachelorprogrammet i geofag: 2005: 47, 2013: 167 – og 155 søkarar til Fysikk, astronomi og meteorologi
- Doktordisputasar: 2005: 8, 2012: 25 (rettnok eit særleg aktivt år)
- Publikasjonar i internasjonale tidsskrift: 2005: 100, 2012 213
At talet på faste vitskaplege tilsette heller har gått ned enn å auke i denne tida set desse tala i sitt rette perspektiv, og peikar også på ein klar ubalanse i finansieringa av universitet.
Eg har fått vere med på gjennomføringa av to Senter for framifrå forsking (PGP og ICG), oppstart av eit nytt (CEED), etablering av av eit Senter for miljøvenleg energi (FME-SUCSESS) og eit Nordisk senter for framifrå forsking (SVALI). Vi hadde stor aktivitet i det internasjonale polaråret, og leia to store IPY-prosjekt. Vi har fått to ERC Advanced Grants, og har vore gjennom ei fagevaluering med flygande faner. Eg er takksam for å fått vore med på dette og meir til, og er svært stolt av å ha kunna samarbeide med slike flotte medarbeidarar. Takk til alle, og takk for meg!
Nils Roar
P.S. Denne bloggen held fram, men nok med eit meir personleg preg. Mykje geofag vert det i alle fall. Takk til dei 7919 som har titta innom så langt!
0 Svar to “Åtte spennande år”