Grønland, vår store granne i vest, har ikkje eit særleg gjestfritt klima – det har nordmenn lange røynsler med. Det ligg likevel lengre sør enn kva Europa-sentrerte kart gjev inntrykk av, frå 59° 45′ på Kapp Farvel (som Oslo) til 83° 36′ i nord. Vêret på Grønland har ein tendens til å vere i motfase med Skandinavia, så no når vi har hatt ein dårleg sommar er det ikke overraskande at Grønland har hatt ein uvanleg varm sommar. Midt i juli var det varmegrader til topps på Summit, 3216 moh på 72° N, og snøsmelting over heile brekappa – ein svært uvanleg situasjon. Den våte snøen vart registrert av jordovervakningssatelittane, og NASA publiserte endringa av arealet med våt snø frå 8. til 12. juli som «Image of the Day» 25. juli. Dette vart mellom anna fanga opp av Dagbladet, og det er interessant å samanlike den nøkterne pressemeldinga frå NASA med det noko meir sensasjonsprega oppslaget i Dagbladet, som gjev inntrykk av ein dramatisk nedsmelting av Grønlandsisen:
NASA
Dagbladet
Det sagt, så skal vi ikkje klage over at media interesserar seg for geofag og klima!
Bilete frå NASA Earth Observatory
0 Svar to “Sommar på Grønland”