At flytrafikk kan påverke klimaet og veret er eit kjent tema i klimaforskninga – det gjeld drivhuseffekkten av CO2-utsleppa, men også verknadene av kondensasjonsstripene (contrails), som kan endre strålingsbalansen både i det kortbølga og langbølga området. Instituttet har vore involvert i forskning rundt dette spørsmålet lenge – mellom anna som medlem av det europeiske Network of Excellence ECATS (Environmentally Compatible Air Transport System), som nå er vidareført som sammenslutningen ECATS International. Når det gjeld kondensasjonsstriper har det springande punktet vore om effekten av dei er auka drivhuseffekt (pga redusert utgåande langbølga stråling) eller redusert drivhuseffekt (pga auka refleksjon av innkomande kortbylgja stråling. Det siste tilskotet til diskusjonen er ein artikkel i Journal of Climatology som analyserer bakketemperaturen i Tyskland i samband med massive allierte bombeangrep under andre verdskrigen. Forfattarane finn at den umiddelbare verknaden er ein temperaturreduksjon. Ein uventa bruk av gamle data, og eit eksperiment som vi får tru ikkje kan gjerast omatt!
Kondensasjonsstriper – eit spesielt eksperiment
Published 2011/07/12 Fagnytt , Instituttsaker Leave a CommentStikkord:geofag, klima, luftfart, meteorologi
0 Svar to “Kondensasjonsstriper – eit spesielt eksperiment”