Vi som ikkje er best i noko …

23. mai hadde Aftenposten eit oppslag om at norske universitetet ikkje var på topp i nokon disiplinar. Kjelda var ein nordisk rapport om publisering og sitering, «Comparing Research at Nordic Universities using Bibliometric Indicators», laga på for Nordforsk av eit konsortium der NIFU, Norsk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning, var norsk deltakar. Det er lagt særleg vekt på siteringsindeksane. Hovudmeldinga var at Norge ikkje gjer det best i nokon disiplinar, sjølv ikkje geofag, der norsk forskning står sterkt. Nå skal nok dette sjåast på ein bakgrunn av at datagrunnlaget er frå perioden 2005 til 2008, medan vitskapleg produksjon aukar snøggare i Norge enn i resten av Norden. Då må ein også rekne med at siteringsutviklinga heng litt etter.

Til trøyst har eg teke fram rapporten NIFU laga for Forskningsrådet om vitskapleg publisering innan geofag i Norge, «Evaluation of Earth Sciences – Publication and Citation Analysis». Den er som det går fram av tittelen laga i høve geofagevalueringa. Denne rapporten syner til dømes utviklinga i publiseringsaktivteten i Norge og andre nordiske land:
Publiseringsutvikling

Sidan Norge heller ikke er mellom dei største landa i verda, ser rapporten også på publiseringrate pr innbyggjar i Norge og land det kan vere naturleg å samanlikne seg med:
Publisering

Oppslaget i Aftenposten knytte seg mykje til siteringsstatistikk – her går det litt opp og ned, men vi har ikkje noko å skjemmast over:
Sitering

Lurer nokon på korleis det står til på instituttet, seier rapporten:
The Department of Geosciences performs well in terms of citation rates. The publications are cited 57 % more than the field normalized world average (citation index 157) and 21% more than the corresponding Norwegian average. Geologidelen av PGP er rekna saman med instituttet i denne samanhengen.

Når eg no nyttar litt tid på denne saka, er det ikkje for at vi skal slå oss til ro med at alt er såre vel. NIFU-rapporten nemner mellom anna at vi gjennomgåande nyttar tidskrift som har noko lågare siteringsindeks enn gjennomsnittet. Men vi skal vere stolte over at både norsk geofagforsking generelt og vår eiga forsking er av verdsklasse. Det les ein ikkje lett ut av oppslaget i Aftenposten!

Advertisements

0 Responses to “Vi som ikkje er best i noko …”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s




Advertisements

%d bloggarar likar dette: