Arkiv for januar 2010

Ny undervisningsleiar/nestleiar

Bernd Etzelmüller har teke seg ein velfortent forskningstermin, og i hans stad har Valérie Maupin teke over som undervisningsleiar og nestleiar. Valérie har godt innsyn i alle aspekt av undervisninga vår og vi er svært nøgde med å ha henne i denne rolla. Samtidig takkar vi Berndt for stor innsats og ynskjer han ein velfortent forskningstermin.

Advertisements

Frida!

Siste import av ISI-publikasjonar til Frida var 26. januar, og den har truleg fått med seg det meste av 2009. Nå er det slik at importen ikkje går rett til Frida, men vert kvalitetssikra sentralt ved UiO, slik at det stadig siv inn nye artiklar. Eg ber likevel alle gå inn på Frida og sjekke om produksjonen for 2009 er på plass, og legge inn eventuelle restansar. Legg også inn publikasjonar, foredrag mm som ikkje gjev publiseringspoeng – på grunn av geofagevalueringa er det viktig at totalproduksjonen er dokumentert, og ikkje minst formidlingsaktivitetane.
I tillegg skal fylgjande registrerast:

  • prisar
  • forskningsopphald på over ei veke (inn og ut)
  • forskningsterminar
  • arrangementer (her tek vi med det aller meste, også interne seminar pga evalueringa)

Dersom du ikkje legg inn informasjonen sjølv, så send email med informasjon til instituttleiar eller Thor Thorsen, så skal vi sjå til at det vert registrert. Så sant det er mogeleg, ber eg om at de kvalitetssikrar publikasjonar i løpet av måndag, resten av informasjonen er det fint om kjem på plass i løpet av neste veke.
Frida: http://frida.uio.no

Ny doktor

Torsdag 14. januar disputerte Marcus Beuchert, PGP, for graden philosphiae doctor med forsvaret av avhandlinga «Viscoelasticity, Centrifugal Forces and Long-Term Stability of Boundary Layer Anomalies in Mantle Convection Models». Rettleiarar har vore Yuri Podladchikov, Nina Simon og Lars Rüpke. Vi gratulere både den nyslegne doktoren, rettleiarar og PGP! Marcus arbeider no ved Goethe Universität Frankfurt am Main, Facheinheit Geophysik.

Sommarjobb på NGU?

Norges geologiske undersøkelser i Trondheim lyser ut sommarjobbar for geologistudentar. Meir informasjon finn du i denne posteren. Søknadsfristen er 28. februar.

Vitjing frå Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har tilsyn ved Universitetet i Oslo i desse dagar, og har vald ut Matematisk-naturvitskapleg fakultet som tilsynsobjekt. Truleg skal dei ta for seg eit fakultet til. Fokus er ein litt spesiell kombinasjon av aspekt frå arbeidsmiljøsaka på Odontologisk fakultet og kjemikaliesaka på Biologisk institutt. På vårt fakultet har vitjar dei sju institutt, mellom dei oss. Tilsynet var på tysdag, og var lagt opp som eit totimars møte. Fyrst ein halvtime med instituttverneombod, kontorsjef og instituttleiar, så ein time med intervju med fem tilsette, utvalde av instituttverneombod, kombinert med ei snøgg befaring på nokon av laboratoria, og til slutt attendemelding til instituttverneombod, kontorsjef og instituttleiar. Vi har også fylt ut ein nokså utførleg rapport rundt labdrift og kjemikalietryggleik.

Det kom opp lite kommentarar i høve til laboratoriene, men ein god del observasjonar rundt det psykososiale arbeidsmiljøet. Desse vi føre til ein del tiltak som med skal kome attende til. Ein observasjon var t.d. at dei tilsette kjenner for dårleg til varslingsrutinene ved universitetet. Varsling stod sentralt i dette tilsynet, så det var noko av det fyrste som vart sjekka ut. Andre observasjonar gjekk på saker som informasjonsstruktur, innsikt i avgjerder, stipendiatar og rettleing, medarbeidarsamtalar mm. Vi kjem attende til dette etter kvart.

Geoengineering og klimamanipulering

Det er aukande interesse for å utforske i kor stor grad det er mogeleg å motverke klimaeffektane av aukande mengder drivhusgassar med målretta tekniske tiltak som vil ha motsett, altså avkjølande, verknad på klimaet. Vi, det vil seie Jón Egill Kristjánsson, er med EU-prosjektet IMPLICC (Implications and risks of engineering solar radiation to limit climate change) som ser på klimamanipulering og miljøverknadene av slike tiltak. Prosjektet er leia av Max-Planck-Institut für Meteorologie, og i tillegg til instituttet deltek Cicero i prosjektet frå norsk side. I siste utgåve av Teknisk Ukeblad er Jón Egill intervjua om slike tiltak. Les her.

Petroleumsdagen 2010

Fakulteta HF, MatNat og SV arrangerer 4. februar saman med Norsk Petroleumsforening, Oljeindustriens landsforening og Polyteknisk forening årets utgåve at Petroleumsdagen. Arrangementet er i Helga Engs hus, frå 8:45 til 15:30, med plenumsmøter, parallelle fagsesjonar – og fri lunsj! Påmelding er obligatorisk, men gratis, og fristen er 1. februar – talet på deltakarar er avgrensa. Meir om Petroleumsdagen her.

Instituttet på Facebook

Instituttet har hatt si eiga side på Facebook i godt eit år nå. Nå og fram til fristen for samordna opptak køyrer vi ei annonsekampanje på facebook retta mot aldersgruppa 18 til 23. Sida finn du her – vi tek gjerne mot forslag til å gjere henne betre (og nye fans!)

Jordskjelvet på Haiti

Den som er interessert i dei geovitskapleg sidene av jordskjelvet finn informasjon på Norsars jordskjelvside jordskjelv.no, og i meir detalj hjå USGS.

IUGS uttalar:
TRAGIC EARTHQUAKE HITS HAITI
As we were going to press with this latest IUGS e-Bulletin, a magnitude 7.0 earthquake struck Haiti, near the city of Port-au-Prince on 12 January 2010 causing immeasurable loss of life and damage to critical infrastructure. As we usher in the year 2010, we are humbly reminded that many tragedies around the world often relate to the dynamic nature of planet Earth. As Earth Scientists, we all well appreciate the need to better understand the causes of natural hazards. It is terrible and unfortunate that events such as earthquakes, tsunamis, landslides and volcanic eruptions continue to impact such significant numbers of people around the world. Our collective efforts through geoscience education, practical field research and innovative studies can help to minimize the risks of natural hazards, reduce human vulnerability and enhance the safety of the global society. On behalf of the many geoscientists represented by the IUGS, we send our heartfelt condolences and sympathies to the many people affected by this recent catastrophe.

Geologibygningen

Det er ikkje nye garderobeskåp som tek opp plassen i vestibylen i Geologibygningen om dagen, men nye hovudtavler. Det skal altså skiftast tavler og stigeledningar. Tavlene vil verte innstallert komande helg. Straumen vert teken i to-tida på fredag, men skal vere attende til arbeidsstart på måndag. Instituttet sine serverar vert flytt til CIENS. Det vert avbrot på dei heimeområdene som ligg på desse, det gjeld fyrst og fremst fellesområda til instituttet. Arnstein Orten er vår mann på saka, og vil til ei kvart tid vere den som har best oversikt over den aktuelle situasjonen. Han kjem også til å melde frå når serverane våre er oppe og går att.

– og samstundes vil vi minne om ryddinga i bomberomet!