Arkiv for desember 2009

– og så er det jul

Eg sit her på vesleafta i Geologibygningen medan juleroa sig innover Blindern og instituttet. Det er ellers sjeldan stille i bygget – det er til vanleg liv og aktivitet til nesten alle døgnets tider og alle dagar i veka. No er det lenge mellom kvar gong dørene slår og fellesskriverane går. Det er som det skal vere, no er det tid for høgtid, familie, vener og å nyte vinterdagane vi har fått som ei ekstra gåve denne jula. Før eg sløkker lyset og låser døra vil eg få takke for stor innsats i 2009, og ynskje dykk alle fredelege og velfortente høgtidsdagar. Det samme ynskjet går til alle kollegaer og samarbeidspartnerar utanfor instituttet!

God jul!
Nils Roar

Reklame

Gijs Breedvelt «back in business»

Det er med glede me ynskjer Gijs attende i aktivt fagleg arbeid, etter at han i sju veker har fronta NGI i rettsaka som pågår om massedeponeringa ved Malmøykalven. NGI er her tiltala saman med Secora og Oslo Havn. Forhandlingane er no avslutta. Sjølv om dom fyrst fell i februar, må det vere lov å peike på at det tilhøvet at reist tiltale mot NGI i saka reiser viktige prinsipielle spørsmål om fagkompetansen si stilling og omdøme i samfunnet i dag.

Disputasar

Vi har to disputasar før jul. Hedda Breien (Vista/ICG) disputerar fredag 11. desember med avhandlinga «On the dynamics of subaqueous and subaerial gravity mass flows – a comparison». Prøveforelesning og disputas er i Auditorium I i Geologibygningen. Måndag 14 desember disputerar Lene Kristensen (UNIS) med avhandlinga «Glacier surges and landforms in a permafrost environment at the tidewater glacier Paulabreen, inner Van Mijenfjorden, Svalbard». Disputasen vert halden på UNIS.

Seminar med Rajendra Pachauri

Dr. Rajendera Pachauri, leiar for IPCC og direktør for the Energy and Resource Institute (TERI), vitjar Oslo i høve fredsprisutdelinga, og vil halde eit foredrag i CIENS fredag 11. desember, med CIENS, Cicero og UiO som arrangørar. Foredraget vert i Forum, auditoriet i CIENS-bygget. Tidspunkt og tittel kjem seinare.

Geologi i Sogndal

Høgskulen i Sogn og Fjordane har starta opp eit nytt bachelorstudium i geologi og geofare. Sentral person i dette er professor Stein Bondevik. Studiet kan vere eit rekrutteringsgrunnlag for mastergrad hjå oss, og vi skal sjå på kva tilvalg som vil vere naudsynt for opptak. Det hyggeleg å kunne ynskje HiSF velkomen i geofagfamilien att!

High Performance Computing seminar

Tungreknegruppa til USIT arrangerer halvdagsseminar om High Performance Computing for for geofag 10. desember frå lunsj. Dei store brukarane av tungreknetilbodet på instituttet er MetOs, men mange fleire ville kunne utnytte det gode tilbodet vi har på dette feltet. Detaljar kjem seinare.

Bomberommet

Som alle veit som har vore innom der – bomberommet i kjellaren i Geologibygget ser ut som om det skulle vere bomba, og er ikkje tenleg verken som bomberom eller lagerrom. Ein ting er det formelle – bomberommet skal kunne klargjerast på 24 timar, og det er snaut mogeleg i dag. Viktigare er det nok at vi alle ville ha meir nytte av dette arealet dersom det vert rydda opp. Vi tek ein større oppryddingsprosess etter jul med Arnstein som general – dette er eit førevarsel.

Instituttseminar

Fredag den 4. desember vert det nytt instituttseminar, Avdeling for miljøgeologi, hydrologi og naturkatastrofer er vertskap. Professor ChongYu Xu presenterar
Global Hydrological Modeling and Models.
Tida er kl 14:15 og staden Auditorium I, Geologibygningen.

Vel møtt til alle!

Juleavslutning

Det vert juleavslutning 17. desember, kl 16 – etter arbeidstid. Det er fleire grunnar til å bryte tradisjonen med julelunsj, mellom anna trur eg at julestemninga betre senkar seg over selskapet utpå ettermiddagen. Vi kjem attende med meir informasjon og påmeldingsskjema over helga.