Arkiv for november 2009



Rista, men ikkje rysta

NORSAR melder om eit jordskjelv i Østmarka, styrke 2, 12 km sør for Lillestrøm, kl 3:30 natt til 10. november. Skjelvet vart følt frå Rælingen til Siggerud, men eg reknar med at ingen ramla ut av senga. Men det står til liv i Oslofeltet …
Meir på jordskjelv.no

E-bøker på UB

Biblioteket har fått til ein avtale med Springer som gjev tilgjenge til alle bøker etter 2005 som e-bøker. Ein del eldre bøker ligg også ute. Eit flott tiltak! Frå overbibliotekar Live Rasmussen:

Vi har nå fått åpnet tilgang til E-bøker fra Springer for årene 2005-2009. Vi tar gjerne imot kommentarer på hvordan dette fungerer.

hilsen biblioteket
v Live
live.rasmussen@ub.uio.no

Bøkene finn du her. Dette gjev ei liste på over 20000 bøker, og det er ikkje heilt klart for meg kva fagfelt ein kan avgrense søket etter. Eg har funne geografi, geologi og oseanografi.

Legg merke til at bøkene er oppdelte i kapittel. Bøkene kan lesast på PC, men også lastast ned på lesebrett (ikkje Amazon Kindle så vidt eg veit). Biblioteket har nokre lesebrett til utlån for dei som vil prøve. Det som eg vil rå frå, både av miljøomsyn og økonomisk, er å skrive ut pdf-filane. Ynskjer du å ha dei på pair, er det så vidt eg forstår høve til å kjøpe rimeleg papirkopiar.

Reklame

Arild i P2

I Radioselskapet i NRK P2 tirsdag 10. november mellom 11 og 12 fortel Arild Andresen om Afar-forsenkningen på Afrikas horn, og dei tektoniske prosessane som føregår her («Afrika sprekk opp»).

Heider og ære

I tillegg til pengesummen knytt til StatoilHydros forskarpris som Jan Inge Faleide fekk tidlegare i haust fylgjer det også heider og ære. I morgon torsdag 5. november arrangerer Statoil eit dagsseminar i Forskningssenteret i Trondheim for å heidre Jan Inge. Vi gratulerer ei gong til, vi!

Academic Ranking of World Universities

Dei fleste har vel fått med seg at UiO held stillinga på ARWU-indeksen (Shanghai Jiao Tong University) – tredje beste i Norden etter Karolingska Institutet og Københavns Universitet, mellom dei 20 beste i Europa og nr 68 i verden. Det er den posisjonen UiO har hatt dei siste fem åra. UiO gjer det best i «Computer Science» og Samfunnsvitskap, innan naturvitskap når vi ikkje opp mellom dei 100 beste (displin-rangeringane går ikkje lengre enn til dei 100 beste). Vil du sjå meir, er kjelda her. Sidene er overbelasta om dagen, så dette er tydeligvis populære saker!

Research Colloquium and Après Science

Eg har lyst til å skryte av dette initiativet frå dei yngre forskarane våre – flott initiativ frå grasrota som bygger både kompetanse og nettverk. Dagens kollokvium er i Auditorium III kl 17:15:
Kirsten Fristad: On mass extinction and carbon isotopes
Torborg Haug: Glacier Velocity Measurements