Arkiv for august 2009



Norsk-russisk samarbeid i Barentshavet

Nokre vil sikkert ha sett oppslag i Dagens Næringsliv om samarbeidsprosjekt med Russland i Barentshavet, eit samarbeid som også omfattar Universitetet i Oslo. Dette er i røynda ei gamal sak, det gjeld eit tilleggsprosjekt til PETROBAR-prosjektet (prosjektleiar Jan-Inge Faleide) som var etablert allereide i 2007, sjå f.eks her. At det er plukka opp av media no kjem truleg av at søknaden om årets tokt er ute til høyring no.

Oljen slutt om åtte år?

Forskar Helge Ryggvik på TIK har i samband med lansering av boka si («Til siste dråpe») vore mykje i fokus i media den siste veka med uttalelsar som er vorte tolka til at det kan vere slutt på oljeutvinninga på norsk sektor innan åtte år. Dette bygger på heilt urealistiske føresetnader – oljen ligg ikkje i eit spann som brått vert tomt, og saka er ikkje særleg hyggeleg for energikompetansen på UiO. Er du interessert i å gjere opp di eiga meining om dette så er ressursrapportane til Oljedirektoratet eit godt utgangspunkt – den siste kom i 2007. Særleg aktuelt i denne samanhengen er kapitlet «Scenarier for norsk kontinentalsokkels utvikling». Scenario C – «Stengetid» – er det som nok ligg nærast Ryggvik sine tankebaner. Merk ellers at Ryggvik snakkar om olje, rapporten om olje og gass i oljeekvivalentar. Det er som kjent mykje meir gass enn olje i dei kjente reservane på norsk kontinentalsokkel.

Bruk av terrassen i fjerde etasje i Geologibygningen

Etter fleire uheldige hendelsar ved bruk av terrassen i fjerde etasje må vi diverre stenge den av for ålmen bruk. Det vil bli installert kodelås på døra med begrensing av tilgangen. Tilsette vil ha tilgjenge.

Bruk epost-listene!

Administrasjonen på instituttet har ein del postlister som bør nyttast i standen for personleg post når det gjeld administrative funksjonar. I periodar med stort fråver er dette særleg viktig for at ting ikkje skal verte liggande – og vi kan som kjent vere på veg inn i ein slik periode no. Listene er:

drift (at) geo.uio.no: IT-drift
studieinfo (at) geo.uio.no: RT-liste (køordningsliste) for studieadministrasjonen, for studentar og phd-kandidatar
studieadm (at) geo.uio.no: Vanleg epost-liste for studieadministrasjonen – for dei fleste førespurnadene frå dei tilsette
innkjopere (at) geo.uio.no: For bestilling av innkjøp
prosjekter (at) geo.uio.no: Prosjektøkonomi og -administrasjon
okonomi (at) geo.uio.no: Andre førespurnader om økonomi

Ann-Helen Lang

Ann-Helen Lang har teke til i fast stilling som studieleiar hjå oss. Ann-Helen kjem frå Institutt for informatikk, og mange vil allereide kjenne henne frå perioden då ho hjalp oss gjennom underbemanninga i studieadministrasjonen i vinter. Hjarteleg velkomen til Ann-Helen!

Semesterstart

Så er dt ikkje lenger til å fornekte at sommaren er på hell. I går møtte dei nye bachelorstudentane våre på introduksjonmøtene, ca 45 programstudentar på GGG og 65 på FAM, og heile veka er tett med aktivitetar (og studentfestival). Vår nye rektor Ole Petter Ottersen helsa dei nye studentane på velkomstsermonien på Universitetsplassen i dag tysdag førmiddag, og vår rapportør (Annik) melder om stort frammmøte og ein flott seremoni. Vi ynskjer alle dei nye studentane våre velkomne! Ta godt i mot dei, så Blindern-sjokket ikkje vert for stort!