Posts Tagged 'utdanning'



Gode søkartal på Geofag

Antall primærskereSamordna opptak friga søkartala til høgare utdanning i dag. På landsbasis aukar talet på søkarar i snitt med 5.3% frå 2010 til 2011, og søkinga til realfag med 8.6%. På fakultetet aukar talet på primærsøkarar med 14%. På «våre» program er stoda at for Geofag: Geologi, geofysikk og geografi held den gode utviklinga fram, med 98 primærsøkarar, opp 18% frå i fjor, og meir enn ei fordobling frå 2005 (41 søkarar). Fysikk, astronomi og meteorologi, har ein liten nedgang frå i fjor, men har ser ut til å ha stabilisert seg på rundt 140 søkarar etter ein svak periode for nokre år sidan. Skal ein peike på ei negativ utvikling må det vere at lektorprogrammet i realfag har ein nedgang på 22%. Vi treng dyktige lærarar i realfag!

På dei andre lærestadane ser vi gjennomgåande ein auke for geologi-programma, og stor sett status quo for dei andre geofaga. Det er særleg hyggeleg å kunne gratulere Høgskulen i Sogn og Fjordane med ein auke frå 17 til 26 på det unge programmet i geologi og geofare!

Kjelde: Samordna opptak

Reklame

Arbeidsgjevarundersøkinga 2010

UiO har gjennomført ei undersøking mellom arbeidsgjevarane om kva dei tykkjer om kandidatar frå universitetet. Undersøkinga femner om fakulteta MatNat, SV, UV og HF.  Prosjektleiar har vore Kristoffer Barbøl Vikebak, MatNat, og undersøkinga er gjennomført av TNS Gallup som web-skjema mellom arbeidsgjevarar med meir enn fire tilsette. Annik Myhre representerte MatNat i styringsgruppa. Av dei som har svart har 1895 tilsette frå UiO innan dei aktuelle fagområda. Gjennomgåande er dei godt nøgde med UiO-kandidatane, og dei aller fleste (92%) vil tilsette fleire av våre. Dei med tilsette fra MatNat (663) vurderar som dei viktigaste kvalifikasjonane:

  1. Evne til å tileigne seg ny kunnskap
  2. Evne til å formidle kunnskap
  3. Evne til å arbeide sjøvstendig

MatNat-kandidatane scorar best på fagkompetanse, 4.4 på ein skala frå 1 til 5 (best). Etter det evne til analyttisk tenking, evne til å tileigne seg ny kunnskap og evne til å arbeide sjølvstendig, alle med score 4.2. Av tre viktigaste kvalifikasjonane, sett frå arbeidsgjevarsida er det altså svært god score på evne til å tileigne seg ny kunnskap, medan karakterane på evne til å formidle kunnskap er 3.9 og evne til å arbeide produktivt i team 3.6. Det siste er nok eit signal om at vi bør satse meir på gruppearbeid i undervisninga. Svakast score får kandidatane våre på evne til å leie (3.4) og å ha god bransje/verksemdkunnskap (3.3) – dette er likevel ikkje dårlege karakterar.

Det ser ellers ut til at kandidatane våre gjennomgåande gjev seg sjølv noko dårlegare karakterar enn arbeidsgjevarane. Dette er rettnok frå to ulike undersøkingar, denne og Kandidatundersøkinga 2008, men det er generelt sett godt samsvar mellom dei to.

Meir om undersøkinga og kortversjon av rapporten finn du her.

Mangel på geokompetanse

geomatikkDet er stor etterspurnad etter geofagleg kompetanse i samfunnet. Tekniske Ukeblad har i dag eit oppslag med tittelen «Vill jakt på kartdata-hoder» der hovudmeldinga er at bransjen er bekymra for framtida sidan prosjekta og utfordringane står i kø medan rekrutteringa sviktar. Samtidig leitar oljebransen både etter nye funn og norske fagfolk. Tilsvarande meldingar får vi frå andre miljøa som rekrutterar frå faget vårt. Geofag opnar dørane til arbeidslivet!

Auditorium I er opppussa

Auditorium 1Som dei fleste vil ha registrert har Auditorium I vore stengt i haust for oppussing og ombygging. Den direkte årsaka var kravet om «universell tilrettelegging» – det vil her seie tilgjenge for personar med rørslehemming. Heile auditoriet er nå snudd med inngang rett til grunnplanet. Utover det er alt nytt. Eit topp moderne auditorium med 80 plassar sto dermed klart til semesterstart 17. januar. Åpninga var likevel Geir Moholdts disputas 6. januar.

Geopad?

ipadI samarbeid med Universitetsbiblioteket køyrer vi i haust masterkurset GEO4220 – «Depositional Environments and Biostratigraphy» med heile pensum på lesebrett – iPad. Det er 40 studentar på kurset, så Henning Dypvik har fått ei dobbel utfordring i år – dobbelt så mange studentar som planlagt, og 40 lesebrett i tillegg. Tanken kom opp då vi diskuterte med UB at det er lite miljøvenleg med pensum på elektroniske media dersom studentane skriv alt ut på papir. GEO4220 er eitt av to kurs på UiO som er valgt ut som pilotar. Aftenposten var til stades ved utdelinga av lesebrett i biblioteket – les meir her. Bilete frå Aftenposten.

Samarbeid med Vietnam National University om geohazards

VNU14. juni var det underteikna ein trekantavtale om samarbeid innan undervisning og forsking innan naturfarar mellom Vietnam National University (VNU), NGI og UiO, og ein generell samarbeidsavtale mellom VNU og UiO. Samarbeidet har finansiell støtte frå UD, og dei to landa ser på dette som så viktig at både miljøvernminister Solheim og visestatsminister Huang Trung Hai var til stade ved underteikninga her i Oslo. Pressemeldinga frå UD finn du her.

I høve underteikninga vart vi vitja av ein delegasjon frå VNU, det var rektor Mai Throng Nhuan (geokjemikar og også leiar for Department of Geoenvironment), viserektor Nguyen Hoang Luong, (faststoff-fysikar), Nguyen Van Vuong, Dean of Faculty of Geology (tektonikk og geodynamikk) og Vu Quoc Huy, Dean, Faculty of Development Economics. Fokus for samarbeidet vil i fyrste omgang være hjelp til å bygge opp eit engelskspråkleg masterprogram i Hanoi tilsvarande vår linje «Environmental Geology and Geohazards», og student- og lærarutveksling i samband med dette. Delegasjone sette ellers stor pris på å møte dei vietnamesiske doktorkandidatane våre, Phan og Pham.
Biletet: Valérie og rektor Nhuan i livleg diskusjon.

Vår, geofagstudentane spring ut

AinsaVårveret har vore så som så, men eit sikkert vårteikn er det at studentar og lærarar dreg ut på ekskursjonar. Førre veka var kurset «Landformdannende prosesser» på rundtturar på Austlandet, og vekene før dette var masterkurset «Tektonikk» på Vestlandet. Denne veka er masterkurset «Bassenganalyse og sekvensstratigrafi» i Statoils forskningsfelt i Ainsa-området i Pyreneane. Dette kurset går på hausten, men er så populært at ekskursjonene må takast i to puljer. Vi får vone at oskeskyene held seg vest i havet, og at ekskursjonsdeltakarane slepp å feire 17. mai på buss opp gjennom Europa! Bilde: Phil’Ours

Tal frå samordna opptak

«99%-tala» frå Samordna opptak 2010 er no offentleggjort. Talet på søkarar med Geofag-bacheloren som fyrstevalg er 83, opp frå 70 i fjor. 35 kvinner – 42%. På Fysikk, astronomi og meteorologi er søkartalet 140, opp frå 112 i fjor. Det er ein nedtur at det berre er 33 kvinner – dette er eit program som har hatt god kvinneandel. Siri – kvar er du? For heile MatNat er det ein nedgang i søkartalet på 5%. Elektronikk og datateknologi har størst auke, så kjem dei to bachelorprogramma «våre», og så Matematikk, informatikk og teknologi. Alle tala finn du her.

Ny undervisningsleiar/nestleiar

Bernd Etzelmüller har teke seg ein velfortent forskningstermin, og i hans stad har Valérie Maupin teke over som undervisningsleiar og nestleiar. Valérie har godt innsyn i alle aspekt av undervisninga vår og vi er svært nøgde med å ha henne i denne rolla. Samtidig takkar vi Berndt for stor innsats og ynskjer han ein velfortent forskningstermin.

Tilsynssensormøte

Torsdag 14. januar arrangerer instituttet det årlege planleggingsmøteet med tilsynssensorane. Møtet startar kl 10, og på programmet står ein plenumssesjon, og så møter med faglærarane. Tilsynssensorane våre, som altså er kvalitetssikrarar meir enn sensorar, er Ivar Berthling, NTNU, Kåre Kullerud, UiT, Nils-Martin Hanken, UiT, Nils Gunnar Kvamstø, UiB, Rolf Mjelde, UiB, Gunhild Riise, UMB, Cecilie Rolstad, UMB og Per Terje Osmundsen NGU/UNIS.