Posts Tagged 'utdanning'

Eit semester på Svalbard

På BertilbreenEr du godt i gang med bachelorstudier innan realfag og interessert i Arktis, så kan eit semester på Universitetssenteret på Svalbard, UNIS, vere noko å tenkje på. Som hydrolog vil eg sjølvsagt promotere kurset AT-209, Arktisk hydrologi og klimaendringar – Arctic hydrology and climate change (undervisningsspråket er engelsk). Dette kurset gjev 15 studiepoeng, så du treng eit kurs til. Arctic hydrology and climate change er eit full-semesterkurs, med feltkurs (i området ved Pyramiden) og kortare dagekskursjonar ut frå Longyearbyen. Det krev ingen forkunnskap i hydrologi eller geofag. Meir om kurset her: http://www.unis.no/course/at-209-arctic-hydrology-and-climate-change/
Siste søknadsdag er 15. april. Ring eller mail meg for meir informasjon.

Foto: NRS

Reklame

Kvifor geofag?

Vindkraftverk på Huhnsrück

Dersom du står framfor det viktige valet av studium og framtidig arbeidsfelt, og oppteken av dei store miljøutfordringane i verda i dag bør du sjå på studieretningane i geofag. Her er ei liste over miljøspørsmål der geofaga står sentralt:

  • Klima og klmaendringar
  • Naturfare – flaum, skred, stormar, jordskjelv, vulkanutbrot, tsunami, tørke
  • Naturressursar – mineral, vatn, olje, kol, gass
  • Fornybar energi – vasskraft, vind, sol, hav
  • Vatnressursar og vassdragsforvaltning

I tillegg lærer du å forstå landskapet og kva som har forma det, om hav og atmosfære, om hydrosfære og kryosfære, om jordas historie og jordas indre. Velkomen til geofagstudiet!

Foto: NRS

Føremelding frå geofagstudentane

Snømåling25. februar var studentane i GEO2010 Overflatehydrologi og GEG2110 Landformdannende prosesser ute i felt for å ta snømålingar. Målingane var frå byrjinga planlagt til mars, men slik denne vinteren utviklar seg verka det tryggast å ta dei medan vi enno har snø i marka. 25 studentar fordelt på fem grupper la ut til Nikulpmyrene i Tryvannsåsen og målte snøstrekk både i ope terreng og i skog. Trass i mildveret var det i snitt 60-70 cm snødjup med nokså kompakt snø, så skiføret i høgda (Nikulpmyrene ligg 420 moh) skal nok halde ei god stund enno. Men det finst ikkje tele, og snøen er nokså metta, så smeltebekkar kan fort opne seg.

Studentundersøkinga 2014

IntromøteNOKUT publiserar i dag Studentundersøkinga 2014, ei intervjuundersøking som går til alle programstudentar i Norge – stort sett svarar ein tredel, alt i alt 17600. Undersøkinga er ganske detaljert, og respondentane gjev karakter frå 1 til 5, der 5 er best. Hovedinntrykket er det ikkje står så verst til, alt i alt gjev 77%  fire eller fem som uttrykk for kor nøgde dei er med sitt eige studium. 

Korleis det står til med geofaga? Som heilheitsvurdering får Fysikk, astronomi og meteorologi  (FAM) 4.4, Geofag: geologi, geofysikk og geografi (GGG) får 4.2. FAM scorar best på læringsmiljø, engasjement og eksamen, dårlegast på undervisning (likevel 3.5), medan GGG gjer det best på yrkesrelevans og eksamen, men er heilt nede på 2.6 på medverknad og har eit klart betringspotensial på undervisning (3.0). Masterprogrammet ligg med 4.0 i heilheitsvurdering, og jamnt over rundt 4, også her svakast på medverknad og undervisning.

Det er alltid spennande å samanlikne seg med andre. Dersom vi ser rundt oss på Matematisk-naturvitskapleg fakultet toppar Matematikk, informatikk og teknologi av dei bachelor-programma som har nok svar til å få karakter med 4.7 som heilheitsvurdering, så kjem Informatikk: språk og kommunikasjon med 4.6, etter det FAM, Molekylærbiologi og biologisk kjemi og GGG. All bachelorprogram på MatNat der det er nok respondentar har 4 eller betre som heilheitsvurdering.

På nasjonal basis er gjennomsnittet av geofag-bachelorprogramma 4.1, og Geovitenskap i Bergen og Geologi og geofare i Sogndal toppar med 4.7. Hatten av for dei!
Det er meir detaljar på NOKUT si studentbarometerside – her
Foto: NRS, Introduksjonsmøte GGG

Gode søkartal til geofag

Tala frå Samordna opptak for studieåret 2013/14 er nå offentleggjort, og vi kan glede oss over svært god søking til studieprogramma våre. «Geofag: geologi, geofysikk og geografi» har 167 fyrstevalgsøkarar, opp 17% frå i fjor, og «Fysikk, astronomi og meteorologi» er attende til gammal styrke med 155 søkarar, opp 27%. Sjølv etter auken av talet på plassar dei siste åra er nå geofag-proframmet det som flest søkarar i høve til studieplassar på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, 2,23 pr studieplass.

Samtidig har vi også stor auke på søkinga til masterprogrammet, 152 1. prioritet-søknader. Geofag er i vinden!

God arbeidsmarknad for geofag-kandidatar

Tabell 2.1NIFU – Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning – har annakvart ei undersøkning av situasjonen til bachelor- og masterkandidatar eit halvt år etter at dei har teke eksamen. Data frå den siste undersøkinga, Kandidatundersøkelsen 2011, er nett publisert. Den bygger på svar frå 2800 kandidater (ein svarprosent på omlag 50), og inneheld mykje interessant informasjon. Det er til dømes ikkje svært stor skilnad på arbeidsløysa for masterkandidatar mellom hovedfaggruppene – lågast ligg pedagogikk og lærarutdanning med 2% og høgast ligg juridisk med 7.7% – det siste kanskje noko overraskande. Naturvitskaplege og tekniske fag ligg på 7.3%. Mellom naturvitskapane har geofag klart den lågaste arbeidsløysa, med 2.7%, sjå figuren. Alt dette gjeld altså eit halvår etter eksamen.

Medan det ikkje er stor skilnad på naturvitskapane og dei andre faggruppene når det gjeld arbeidsløyse, er det langt færre naturfagkandidatar i jobbar som er dårleg tilpassa utdanninga enn i til dømes humanistiske fag og samfunnsvitskaplege fag.

Heile rapporten, «Arbeidsmarkedssituasjon og tilfredshet med utdanningen blant ulike grupper av nyutdannede», NIFU-rapport 39/2012, finn du her.

Oppdatering: Oppslag i TU på nett.

Opptaket er klart

Samordna opptak har no lagt ut tala for hovudopptaket. Vi hadde svært god søking i år, og sjølv om vi har auka opptaket til Geofag-programmet (GGG) kraftig (over 100 har fått tilbod, så har karakterkrava stege. Poenggrensa for ordinært opptak er i år 48.3, mot 43.8 i fjor, for fyrstegongsvitnemål 44.2. Til Fysikk, astronomi og meteorologi-programmet (FAM) ligg poenggrensa omtrent som i fjor, rundt 40.

Detaljane finn du på heimesidene til Samordna opptak. Kommentar til opptaket ved UiO her

Då ser vi fram til å møte mange flinke nye studentar over sommaren!

Gode søkartal for geofag

OpptakstalFørebels tal frå samordna opptak er no klare. Totalt er ein auke i søkarar på 6.6% frå 2011, for realfaga 11.2%.  UiO har ein generell auke på 5.2%

På studieprogrammet GGG – Geofag: Geologi, geofysikk og geografi er det 143 fyrstevalgssøkarar, opp 46% frå i fjor, og på FAM – Fysikk, astronomi og meteorologi 122, ein liten nedgang frå i fjor. Kvinnedelen er på 50% på GGG, 34% på FAM. Dette er ein fin auke for begge programma, i fjor var tala 44 og 30%. 

Vi ser liknande utvikling for dei andre lærestadene. Geovitenskap ved UiB har tilsvarande auke, 55%, medan Meteorologi og oseanografi har ein nedgang. Geologistudiet ved NTNU har ein auke på 58% og  geologistudiet ved UiT har nesten ei dobling av søkartalet, frå 30 til 54. Petroleumsfag ved NTNU toppar lista med ei tredobling av søkninga frå i fjor. Høgskulen i Sogn og Fjordane held fram med den fine utviklinga på programmet Geologi og geofare, opp frå 17 til 25. Geomatikkstudiene syner noko varierande  utvikling – ved UMB aukar søkinga, medan den går noko ned ved Høgskolen i Gjøvik.

Rapportsida for samordna opptak finn du her, og søkartala for UiO her. Med 2.4 søkarar for kvar av dei 60 studieplassane på GGG og med den store interessa for geofag saman med den store etterspurnaden etter kandidatar innan faget ser vi at det ville vere fint om talet på studieplassar kunne aukast.

Studiekvalitet.no

Gruppearbeid på SVALEXTekna med samarbeidspartnerar (Telenor, Nordea, Abelia, NCE Systems Engineering Kongsberg, NHO, Microsoft, Civita, NIFU og Norsk Studentorganisasjon) har lansert nettsida studiekvalitet.no. Studentar og søkarar skal her kunne sjekke kvalitetsindikatorar på dei ulike studieprogramma og studiestadane. Eit godt tiltak – når vi vert evaluert på forskningskvalitet, og stadig vert ranka på internasjonale indeksar er det berre naturleg at vi blir evaluert utanfrå på studiekvalitet også. Det vil vere nyttig for søkarar og eit insitament til å forbetre seg studiestadane.

Nå skal det seiast at portalen verkar noko uferdig enno. Mellom anna går det ikkje klart fram at det berre er masterprogramma som er lista opp for universiteta. Den som vil ta master i geofag hjå oss skal søke opptak på eit av bachelorprogramma «Geofag: Geologi, geofysikk og geografi» eller «Fysikk, astronomi og meteorologi». Det er karakterkrava for desse som er relevante for opptak. Vidare er bakgrunnsdata frå kandidatundersøkingane ikkje detaljert ned til studieprogramnivå – det ser ein til dømes av at nesten alle studieprogram innan realfag på UiO har 91.4% av kandidatane i relevant arbeid etter eit halvt år, med ei månadsløn på 31 263 kr.

Det sagt, så ser vi at realfagsprogramma på UiO ligg svært høgt i nasjonal samanheng på alle kvalitetsindikatorar, så for den som vil ha ein spennande studieplass og vere sikra relevant arbeid etterpå er dette sikre valg!

Studentopptak hausten 2011 på Institutt for geofag

Antall primærsøkereTilboda har nå gått ut til søkarane til bachelorprogramma, med svarfrist 26. juli. På programmet Geofag: Geologi, geofysikk og geografi (GGG) med 60 studieplassar (etter utviding) er det 560 søkarar totalt, av desse 101 fyrstevalg. Her har det gått ut tilbod til 77. På programmet Fysikk, astronomi og meteorologi (FAM) med 85 studieplassar er det 771 søkarar, 120 fyrstevalg – her har det gått ut 130 tilbod. Velkomstmøtet på instituttet for dei nye bachelorstudentane vert 15. august.

Talkjelde: Samordna opptak