Posts Tagged 'universitetsranking'

Quacq… what? Geofag på UiO gjer det bra på QS-rangeringa

QS rankingTrass i det spesielle namnet er Quacquarelli Symonds-rangeringa (QS) den mest interessante av dei store universitetsrangeringane på institituttnivå. Dette fordi dei går ned på fagdisiplin-nivå. Dei baserar rangeringa i hovudsak på spørjeundersøkelsar i akademia (40%), hjå arbeidsgjevarar (internasjonalt – 10%) og siteringar pr vitskapleg tilsett (20%). I tillegg kjem intervju med eigne studentar, del internasjonale studentar, og del internasjonale tilsette. 2013-rangeringa er no publisert, og mellom anna plukka opp av Aftenposten: «Norske universiteter best i historie, geografi og medievitenskap».

Det er rett at Universitetet i Oslo gjer det best i samfunnsvitskap og humaniora, og er inne mellom dei 50 beste miljøa i verda innan kommunikasjon og mediastudier, historie, geografi, pedagogikk og statsvitskap. Når det gjeld naturvitskapane er biletet meir variabelt. Geofag – «Earth & Marine Sciences» – gjer det bra. Vi ligg mellom plass 50 og 100 (QS-rangeringa har berre nummerert liste på dei 50 på topp) – best av dei norske miljøa, og saman med København og Uppsala av dei skandinaviske universiteta. Det er ingen skandinaviske universitet mellom dei 50 beste.

UiO gjer det godt på akademisk omdøme og siteringar. Det som dreg ned er omdømet hjå arbeidsgjevarane, noko geofag deler med dei andre naturfaga i Oslo. Den same tendensen ser vi for Bergen – er vi for lite synlege hjå det internasjonale næringslivet? «Earth and Marine Science»-rangeringa til QS finn du her.

Advertisements

Ny QS-rangering, gode tal for geofag ved UiO

QS rankingQS (Quacquarelli Symonds Ltd) er nett ute med 2012/13-rangeringa av toppuniversitet. Dei baserar rangeringa i hovudsak på spørjeundersøkelsar i akademia (40%), hjå arbeidsgjevarar (internasjonalt – 10%) og siteringar pr vitskapleg tilsett (20%). I tillegg kjem intervju med eigne studentar, del internasjonale studentar, og del internasjonale tilsette. Universitetet i Oslo er best i Norge, men har gått attende frå plass 100 til 111 på verdsbasis medan UiB som det nest beste universitetet i Norge er på plass 145. Eit trekk ved utviklinga er at universiteta i den tredje verda er på snøgg frammarsj – det er mange indiske og kinesiske universitet å finne høgt oppe.

QS rangerer også på fagdisiplin, og for oss er det sjølvsagt naturleg å sjå på «Earth and Marine Sciences». Her kjem UiO i klassen 51-100, og Bergen i klassen 101-150. Det er dei einaste norske universiteta mellom dei 200 beste, som er så langt som fagdisiplin-lista går. Andre skandinaviske universitet inne mellom dei 100 beste er Stockholm, Lund, og København. Uppsala har falle på lista sidan 2011. UiO gjer det godt på akademisk omdøme og siteringar. Det som dreg ned er omdømet hjå arbeidsgjevarane, noko geofag deler med dei andre naturfaga i Oslo. Den same tendensen ser vi for Bergen – er vi for lite synlege hjå det internasjonale næringslivet? «Earth and Marine Science»-rangeringa til QS finn du her.

Andre fagområde ved UiO mellom dei 100 beste finn vi fyrst og fremst mellom samfunnsvitskapane og humaniora. Det gjeld juss, økonomi, kommunikasjon og media, utdanningsvitskap, geografi, filosofi, moderne språk og lingvistikk – alle i klassen 50-100. Det som skil desse fagområda fra naturvitskapane er at skåren for arbeidsgjevaromdøme er gjenomgåande mykje høgare.