Posts Tagged 'UNIS'

UNIS og Svalbard – ytterst i verda

UNIS and LongyearbyenSom ansvarleg for eit bachelorkurs (Arctic Hydrology and Climate Change) på UNIS – Universitetssenteret på Svalbard – har eg hatt godt høve til å fundere på kva som gjer dette til ein spesiell studiestad. Eg fylgjer gjerne studentane eit halvt år, og ser at dette er eit halvår som ikkje berre er eit minne for livet, men som også formar og utviklar i uvanleg grad. Alle lærestader er spesielle, men UNIS har kvalitetar som set institusjonen i ein særklasse.

Zodiac on Billefjorden
Naturen: Det skiftande lyset, dagslyset som svinn inn i polarmørket, det barske landskapet med pastellfargane, og det artsfattige men alltid nærværande dyrelivet gjev ei kjensle av å være på ein lett uverkeleg stad – ytterst i verda.

Sunset on IsfjordenKlassen: Studentar med svært ulik bakgrunn og erfaringar – i år er åtte nasjonalitetar representert i klassen på 12 – utviklar fort eit sterkt klassesamhald etter å ha hoppa i fjorden og trava over fly, fjell og bre i felt saman. A refreshing swim
Nettverket vert globalt, og sosiale media gjer det lett å halde kontakt etter at Svalbardtida er omme – og dei fleste gjer det.

AT-209 students on Bertilbreen
Lokalsamfunnet: Longyearbyen er liten (ca 2000 innbuarar), men med eit uventa stort tilbod av forretningar, restaurantar, barar og foreningar. Dei fastbuande har oppdaga kor viktige studentane er for aktivitetane lokalt, og dørane står opne for den som vil delta i aktivitetar og foreningsliv.

Den beste undervegs-evalueringen på UNIS er at studentane halvvegs i semesteret er på vill jakt etter opplegg som kan forlenge opphaldet –
Cool it, baby

Reklame

Eit semester på Svalbard

På BertilbreenEr du godt i gang med bachelorstudier innan realfag og interessert i Arktis, så kan eit semester på Universitetssenteret på Svalbard, UNIS, vere noko å tenkje på. Som hydrolog vil eg sjølvsagt promotere kurset AT-209, Arktisk hydrologi og klimaendringar – Arctic hydrology and climate change (undervisningsspråket er engelsk). Dette kurset gjev 15 studiepoeng, så du treng eit kurs til. Arctic hydrology and climate change er eit full-semesterkurs, med feltkurs (i området ved Pyramiden) og kortare dagekskursjonar ut frå Longyearbyen. Det krev ingen forkunnskap i hydrologi eller geofag. Meir om kurset her: http://www.unis.no/course/at-209-arctic-hydrology-and-climate-change/
Siste søknadsdag er 15. april. Ring eller mail meg for meir informasjon.

Foto: NRS

Ein ekstrem studiestad

Endre Før Gjermundsen på feilarbeid på Svalbard under doktorgradsstudietEndre Før Gjermundsen, doktorgradsstipendiat på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) og Institutt for geofag, har doktorgradsarbeidet sitt på nunatakkar på Svalbard og kva dei kan avsløre om glasiasjonshistoria og klimavariasjonar. Feltarbeidet hans er så spektakulær både når det gjeld lokalitetar og utføring at «Ut i naturen» på NRK sette av ein stor bolk til han i jubileumsprogrammet sitt 18. desember. Innslaget finn du her – start 11 minutt ute i klippet.

Endre disputerar 8. mars ved instituttet, tittel på avhandlinga er «Reconstruction of the Weichselian Ice Sheet in NW and Central Spitsbergen».

Ny doktorar

Desember tilhøyrde jentene:
11/12 disputerte Hedda Breien, og forsvarte avhandlinga «On the dynamics of subaqueous and subaerial gravity mass flows – a comparison». Hedda har vore VISTA-stipendiat (samarabeid mellom Vitenskapsakademiet og Statoil), har hatt arbeidsplassen sin i hovudsak på International Centre of Geohazards, og har hatt Anders Elverhøi og Kaare Høeg som rettleiarar. Mykje av det eksperimentelle arbeidet er utført ved St Anthony Falls Laboratory, University of Minnesota. Hedda har teke til i forskarstilling ved NGI.

14/12 disputerte Lene Kristensen, og forsvarte avhandlinga «Glacier surges and landforms in a permafrost environment at the tidewater glacier Paulabreen, inner Van Mijenfrorden, Svalbard». Doktorgradsstudiet og arbeidet er gjennomført på Universitetssenteret på Svalbard, og disputasen vart også halden på UNIS. Rettleiarar har vore Hanne H. Christiansen og Ole Humlum. At Lene låg værfast på Bjørnøya til dagen før disputasen ga eit ekstra spenningsmoment til denne disputasen! Lene tek i desse dagar til i stilling ved det interkommunale skredsenteret knytta til Åkneset – Åknes/Tafjord Beredskap IKS.

Vi gratulerer Hedda og Lene, og rettleiarane deira!