Posts Tagged 'tsunami'

1000-års bylgje?

TsunamiDet er sjølvsagt for tidleg å analysere den katastrofale tsunamien i Japan – det fysiske omfanget er knapt kartlagt enno. Dr. Roger Musson, som er leiar for «Seismic Hazards and Archives» ved British Geological Survey, har likevel tankar om at dette kan vere ei 1000-års hending. Bakgrunnen er at den førre tsunamien i Japan av samme storleik ser ut til å ha vore den i 869 e.kr., og at ein kjenner til et par tidlegare hendingar i samme klasse over dei siste 3000 åra. Slike hendingar set både historiske og geologiske spor, og det er grunnlaget for at ein kan ha ei meining om frekvensen. At det er ei tusenårshending betyr (diverre for Japan) ikkje at det er 1000 år til neste gong, men at det er 1/1000 sannsynlegheit for at hendelsen skal skje i eit bestemt år. Nå må ein nok tru at det går eit stund til neste gong i Japan, sidan det nok tek tid før det bygger seg opp store nok spenningar i jordskorpa til at det kan utløyse eit nytt styrke 9-jordskjelv.

Ein skal også merke seg at dersom analysen til Musson er rett, så betyr det at dette var ei tusenårshending i Japan, ikke globalt.

Meir hjå BBC, som også har rettane til biletet.

Reklame

Mjølnir – då Tors hammar slo til i Barentshavet

ForsideFor vel 140 millionar år sidan slo ein meteoritt med diameter på ca 2 km ned i det som nå er Barentshavet, 250 km nord for Nordkapp. 150 km3 masse vart flytta på og vatnet i området fordampa, samtidig som ein enorm tsunami vart skapt. Krateret vart oppdaga i 1993 av Steinar Thor Gudlaugsson, då ved Institutt for geologi ved UiO. Forskinga på krateret så langt er no oppsummert i ei bok utgjeve på Springer, «The Mjølnir Impact Event and its Consequences», redigert av Henning Dypvik (UiO), Filippos Tsikalas (Eni/UiO) og Morten Smelror (NGU). Boka har ti kapittel, og medforfattarar frå UiO er Roy H. Gabrielsen, Trond Torsvik, Jan Inge Faleide, Stephanie Werner og Hans P. Langtangen. Boka finst også som e-bok på Universitetsbiblioteket. Den er på 318 sider med 50 illustrasjonar. Les meir her.

Flott å få dette stoffet mellom to permar!