25. februar var studentane i GEO2010 Overflatehydrologi og GEG2110 Landformdannende prosesser ute i felt for å ta snømålingar. Målingane var frå byrjinga planlagt til mars, men slik denne vinteren utviklar seg verka det tryggast å ta dei medan vi enno har snø i marka. 25 studentar fordelt på fem grupper la ut til Nikulpmyrene i Tryvannsåsen og målte snøstrekk både i ope terreng og i skog. Trass i mildveret var det i snitt 60-70 cm snødjup med nokså kompakt snø, så skiføret i høgda (Nikulpmyrene ligg 420 moh) skal nok halde ei god stund enno. Men det finst ikkje tele, og snøen er nokså metta, så smeltebekkar kan fort opne seg.
Posts Tagged 'studier'
Føremelding frå geofagstudentane
Published 2015/03/01 Funderingar , UiO Leave a CommentStikkord:geofag, kryosfære, snø, studier, utdanning
Studér geofag!
Published 2014/04/15 Uncategorized Leave a CommentStikkord:fjernmåling, flom, geofag, geofysikk, geografi, geohazards, geologi, geomatikk, glasiologi, klima, kryosfære, meteorologi, oseanografi, studier
Frist for søknad til samordna opptak er like rundt hjørnat. Er du interessert i realfag så er geofag eit sikkert valg – aldri har vel kunnskap den blå planeten vore så aktuell som i dag. Klima, energi, miljø, naturessursar, naturfarer – alt finn du innan geofagstudia.
Geofag ved Universitetet i Oslo:
http://www.uio.no/studier/program/geofag/
http://www.uio.no/studier/program/fam/
Fotomosaikk: NASA
Studentundersøkinga 2014
Published 2014/02/03 Instituttsaker , UiO Leave a CommentStikkord:geofag, realfag, studier, utdanning
NOKUT publiserar i dag Studentundersøkinga 2014, ei intervjuundersøking som går til alle programstudentar i Norge – stort sett svarar ein tredel, alt i alt 17600. Undersøkinga er ganske detaljert, og respondentane gjev karakter frå 1 til 5, der 5 er best. Hovedinntrykket er det ikkje står så verst til, alt i alt gjev 77% fire eller fem som uttrykk for kor nøgde dei er med sitt eige studium.
Korleis det står til med geofaga? Som heilheitsvurdering får Fysikk, astronomi og meteorologi (FAM) 4.4, Geofag: geologi, geofysikk og geografi (GGG) får 4.2. FAM scorar best på læringsmiljø, engasjement og eksamen, dårlegast på undervisning (likevel 3.5), medan GGG gjer det best på yrkesrelevans og eksamen, men er heilt nede på 2.6 på medverknad og har eit klart betringspotensial på undervisning (3.0). Masterprogrammet ligg med 4.0 i heilheitsvurdering, og jamnt over rundt 4, også her svakast på medverknad og undervisning.
Det er alltid spennande å samanlikne seg med andre. Dersom vi ser rundt oss på Matematisk-naturvitskapleg fakultet toppar Matematikk, informatikk og teknologi av dei bachelor-programma som har nok svar til å få karakter med 4.7 som heilheitsvurdering, så kjem Informatikk: språk og kommunikasjon med 4.6, etter det FAM, Molekylærbiologi og biologisk kjemi og GGG. All bachelorprogram på MatNat der det er nok respondentar har 4 eller betre som heilheitsvurdering.
På nasjonal basis er gjennomsnittet av geofag-bachelorprogramma 4.1, og Geovitenskap i Bergen og Geologi og geofare i Sogndal toppar med 4.7. Hatten av for dei!
Det er meir detaljar på NOKUT si studentbarometerside – her
Foto: NRS, Introduksjonsmøte GGG
Gode søkartal til geofag
Published 2013/04/22 Instituttsaker Leave a CommentStikkord:geofag, geofysikk, geografi, geologi, meteorologi, oseanografi, Samordna opptak, studier, utdanning
Tala frå Samordna opptak for studieåret 2013/14 er nå offentleggjort, og vi kan glede oss over svært god søking til studieprogramma våre. «Geofag: geologi, geofysikk og geografi» har 167 fyrstevalgsøkarar, opp 17% frå i fjor, og «Fysikk, astronomi og meteorologi» er attende til gammal styrke med 155 søkarar, opp 27%. Sjølv etter auken av talet på plassar dei siste åra er nå geofag-proframmet det som flest søkarar i høve til studieplassar på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, 2,23 pr studieplass.
Samtidig har vi også stor auke på søkinga til masterprogrammet, 152 1. prioritet-søknader. Geofag er i vinden!
Gode søkartal for geofag
Published 2012/04/23 Fagnytt , Instituttsaker , UiO Leave a CommentStikkord:geofag, studier, utdanning
Førebels tal frå samordna opptak er no klare. Totalt er ein auke i søkarar på 6.6% frå 2011, for realfaga 11.2%. UiO har ein generell auke på 5.2%
På studieprogrammet GGG – Geofag: Geologi, geofysikk og geografi er det 143 fyrstevalgssøkarar, opp 46% frå i fjor, og på FAM – Fysikk, astronomi og meteorologi 122, ein liten nedgang frå i fjor. Kvinnedelen er på 50% på GGG, 34% på FAM. Dette er ein fin auke for begge programma, i fjor var tala 44 og 30%.
Vi ser liknande utvikling for dei andre lærestadene. Geovitenskap ved UiB har tilsvarande auke, 55%, medan Meteorologi og oseanografi har ein nedgang. Geologistudiet ved NTNU har ein auke på 58% og geologistudiet ved UiT har nesten ei dobling av søkartalet, frå 30 til 54. Petroleumsfag ved NTNU toppar lista med ei tredobling av søkninga frå i fjor. Høgskulen i Sogn og Fjordane held fram med den fine utviklinga på programmet Geologi og geofare, opp frå 17 til 25. Geomatikkstudiene syner noko varierande utvikling – ved UMB aukar søkinga, medan den går noko ned ved Høgskolen i Gjøvik.
Rapportsida for samordna opptak finn du her, og søkartala for UiO her. Med 2.4 søkarar for kvar av dei 60 studieplassane på GGG og med den store interessa for geofag saman med den store etterspurnaden etter kandidatar innan faget ser vi at det ville vere fint om talet på studieplassar kunne aukast.
Studiekvalitet.no
Published 2012/04/01 Fagnytt , UiO Leave a CommentStikkord:geofag, studier, utdanning
Tekna med samarbeidspartnerar (Telenor, Nordea, Abelia, NCE Systems Engineering Kongsberg, NHO, Microsoft, Civita, NIFU og Norsk Studentorganisasjon) har lansert nettsida studiekvalitet.no. Studentar og søkarar skal her kunne sjekke kvalitetsindikatorar på dei ulike studieprogramma og studiestadane. Eit godt tiltak – når vi vert evaluert på forskningskvalitet, og stadig vert ranka på internasjonale indeksar er det berre naturleg at vi blir evaluert utanfrå på studiekvalitet også. Det vil vere nyttig for søkarar og eit insitament til å forbetre seg studiestadane.
Nå skal det seiast at portalen verkar noko uferdig enno. Mellom anna går det ikkje klart fram at det berre er masterprogramma som er lista opp for universiteta. Den som vil ta master i geofag hjå oss skal søke opptak på eit av bachelorprogramma «Geofag: Geologi, geofysikk og geografi» eller «Fysikk, astronomi og meteorologi». Det er karakterkrava for desse som er relevante for opptak. Vidare er bakgrunnsdata frå kandidatundersøkingane ikkje detaljert ned til studieprogramnivå – det ser ein til dømes av at nesten alle studieprogram innan realfag på UiO har 91.4% av kandidatane i relevant arbeid etter eit halvt år, med ei månadsløn på 31 263 kr.
Det sagt, så ser vi at realfagsprogramma på UiO ligg svært høgt i nasjonal samanheng på alle kvalitetsindikatorar, så for den som vil ha ein spennande studieplass og vere sikra relevant arbeid etterpå er dette sikre valg!
Open dag – studentar in spe
Published 2011/03/10 Instituttsaker , UiO Leave a CommentStikkord:CO2-lagring, geofag, klima, kratere, skulen, studier
Der er ekstra liv på campus i dag, vi har vitjing av elevar frå vidaregåande skular over heile Austlandet. Instituttet deltek med foredrag i vårt nyopppussa bibliotek og stand i idrettsbygningen. Foredraga er:
Elin Kallesson: Meteorittkratere
Camilla Weum Stjern: Forurensning påvirker nedbørsmengden. Kan vi kontrollere regnet?
Brigt Ove Vaage:Geofag: Studier som gir spennende jobber
og ein gjesteforelesning frå IFE:
Tor Bjørnstad: Oljedetektivene – de syngende molekyler
Standen i idrettsbygningen er om CO2-lagring (Helge Hellevang) og metorittkrater (Elin Kallesson).
Vi ynskjer våre framtidige studentar velkomen!
Tal frå samordna opptak
Published 2010/04/28 Instituttsaker , UiO Leave a CommentStikkord:studier, utdanning
«99%-tala» frå Samordna opptak 2010 er no offentleggjort. Talet på søkarar med Geofag-bacheloren som fyrstevalg er 83, opp frå 70 i fjor. 35 kvinner – 42%. På Fysikk, astronomi og meteorologi er søkartalet 140, opp frå 112 i fjor. Det er ein nedtur at det berre er 33 kvinner – dette er eit program som har hatt god kvinneandel. Siri – kvar er du? For heile MatNat er det ein nedgang i søkartalet på 5%. Elektronikk og datateknologi har størst auke, så kjem dei to bachelorprogramma «våre», og så Matematikk, informatikk og teknologi. Alle tala finn du her.