Statoil har engasjert seg sterkt i realfagsrekrutteringa, og arrangerer kvart år ein realfagskonkurranse for vidaregåande skular i samarbeid med dei regionale vitensentra. Dei regionale vinnarane vart kåra i april, for Austlandet vann Lise Wessel Larsen, Maria Storm-Gran og Sofie Smith Vågen frå Elvebakken vgs. Nå har det vore nasjonal finale, og nasjonale vinnarar er Lea Sjurine Starck, Rebekka Frøystad og Simon Stava fra Danielsen vgs skole i Bergen. Det ser ut som gutane må skjerpe seg! På regionalt nivå skulle laga skulle svare på fem oppgåver med fylgjande overskrifter:
Oppgave 1 – Klimautslipp fra kull, verdens mest forurensende fossile energikilde, eller bruk av vannkraft?
Oppgave 2 – Sukkertare – en alternativ energikilde?
Oppgave 3 – Kjernereaksjoner – kan de løse fremtidens klima og energiutfordringer?
Oppgave 4 – Energiutfordringer etter ulykken i Fukoshima
Oppgave 5 – Energieffektivitet – Tenke globalt, handle lokalt. Hva kan du gjøre?
Den som har lyst til å røyne seg mot «morgondagens heltar» finn dei fulle oppgåvene her.
Posts Tagged 'skulen'
Statoil sin realfagpris
Published 2013/06/10 Funderingar Leave a CommentStikkord:priser, realfag, rekruttering, skulen, Statoil
Open dag – studentar in spe
Published 2011/03/10 Instituttsaker , UiO Leave a CommentStikkord:CO2-lagring, geofag, klima, kratere, skulen, studier
Der er ekstra liv på campus i dag, vi har vitjing av elevar frå vidaregåande skular over heile Austlandet. Instituttet deltek med foredrag i vårt nyopppussa bibliotek og stand i idrettsbygningen. Foredraga er:
Elin Kallesson: Meteorittkratere
Camilla Weum Stjern: Forurensning påvirker nedbørsmengden. Kan vi kontrollere regnet?
Brigt Ove Vaage:Geofag: Studier som gir spennende jobber
og ein gjesteforelesning frå IFE:
Tor Bjørnstad: Oljedetektivene – de syngende molekyler
Standen i idrettsbygningen er om CO2-lagring (Helge Hellevang) og metorittkrater (Elin Kallesson).
Vi ynskjer våre framtidige studentar velkomen!
ENTER-TENK – vellukka rekrutteringstiltak med internasjonal heider
Published 2010/03/06 Fagnytt , UiO Leave a CommentStikkord:skulen
Realfagsprosjektet ENTER-TENK starta opp som TENK i 2006, og er no ein del av den nasjonale matematikktreningopplegget ENTER som i stor grad er bygd på erfaringane fra TENK. Modellen vart utforma på oppdrag fra Kunnskapsdepartementet og ynsker å legge til rette for av liknande prosjekt på høgskular og universitet. RENATEsenteret har nå det overordna ansvaret for ENTER-programma, men drifta er fullstendig studentstyrt, og sponsa av Tekna, Statkraft og NHO. Leiaren for ENTER-TENK er Margrethe Lunder, som er sisteårs masterstudent på MetOs.
Programmet har fått godt gjennomslag, les for eksempel denne reportasjen på Teknas heimesider.
Programmet har no vunne den internasjonale Global Best Award for 2010, les meir i Teknisk Ukeblad. Margrethe finn du midt på det fyrste biletet. Vi er imponert!
Fagleg-pedagogisk dag 2010 avvikla
Published 2010/01/12 Instituttsaker , UiO Leave a CommentStikkord:arrangement, formidling, skulen
Fagleg-pedagogisk dag er attende etter at den vart avlyst i 2009. Dette årlege etterutdanningsarrangementet har ein viktig funksjon i kontakta mellom UiO og skulane i regionen, og vart i år arrangert 8. januar. Vi hadde fem foredrag, fire i Geologibygningen og eitt i Georg Sverdrups hus. Desse var:
I Aud I, Geologibygningen:
- Energi og miljø. Professor Anders Elverhøi
- CO2-lagring. Forskar Helge Hellevang
- Hvor går den neste generasjonen klimamodeller? Professor Terje Berntsen
- Vannressurser og globale endringer. Professor Lena Tallaksen
I Aud 2, Georg Sverdrups hus:
- The Jet Stream, high and low pressure systems and fronts; Understanding the weather. Professor Joseph Lacasce
Det var godt frammøte og svært interesserte tilhøyrarar på alle foredraga. Stor takk til alle som var med, og til Thor Thorsen som drog i trådane.
Forskningstorget 2009
Published 2009/09/24 CIENS , Instituttsaker Leave a CommentStikkord:formidling, skulen
Enkelte har vel fått med seg at StatoilHydro og Oslo kommune etablerar eit samarbeid om undervisningsstyrking i utsette skular. Opplegget går ut på å rekruttere flinke realfag-masterar til å få pedagogisk etterutdanning ved «Teach First» og undervise to år i ungdomsskulen. StatoilHydro ser på si side på dette som leiarutvikling, og tilbyr jobbintervju mm etter endt periode. Dette er i utgangspunktet eit engelsk opplegg, «Teach First», utvikla for å støtte svake skular i utsette område. Meir om saka i DN. Det mest banebrytande i saka er kanskje at det fokuserar på lærararen som leiar(emne). Kanskje noko for våre studentar også – ikkje minst for dei som ikkje er geologar.
Vidareutdanningskurs for lærarar
Published 2009/07/15 Instituttsaker Leave a CommentStikkord:skulen, utdanning
Det er nå mogleg å melde seg på «Geofag – videreutdanning for lærere». Påmeldingsskjema og informasjon finnes på denne sida: http://www.geo.uio.no/evu/geofagvgs.html. Påmeldingsfristen er 3. august.
Årets kurs er det fyrste av fire, og heiter «Arbeid i geotop – feltarbeid i geofag». Det er på 15 studiepoeng. Programmet er eit samarbeid mellom Naturfagsenteret og Institutt for geofag.
Fagleg-pedagogisk dag er attende
Published 2009/07/07 Instituttsaker , UiO Leave a CommentStikkord:skulen
Det vert Fagleg-pedagogisk dag for lærarane på Austlandet 8. januar 2010 – det er fint at arrangementet er attende. Vi må melde inn våre opplegg til fakultetet innan 20. august – vi bør ta sikte på ei foredragsrekke i Auditorium I frå kl 10:15 til 16. Vi har nok å by på!