Posts Tagged 'realfag'

Studentundersøkinga 2014

IntromøteNOKUT publiserar i dag Studentundersøkinga 2014, ei intervjuundersøking som går til alle programstudentar i Norge – stort sett svarar ein tredel, alt i alt 17600. Undersøkinga er ganske detaljert, og respondentane gjev karakter frå 1 til 5, der 5 er best. Hovedinntrykket er det ikkje står så verst til, alt i alt gjev 77%  fire eller fem som uttrykk for kor nøgde dei er med sitt eige studium. 

Korleis det står til med geofaga? Som heilheitsvurdering får Fysikk, astronomi og meteorologi  (FAM) 4.4, Geofag: geologi, geofysikk og geografi (GGG) får 4.2. FAM scorar best på læringsmiljø, engasjement og eksamen, dårlegast på undervisning (likevel 3.5), medan GGG gjer det best på yrkesrelevans og eksamen, men er heilt nede på 2.6 på medverknad og har eit klart betringspotensial på undervisning (3.0). Masterprogrammet ligg med 4.0 i heilheitsvurdering, og jamnt over rundt 4, også her svakast på medverknad og undervisning.

Det er alltid spennande å samanlikne seg med andre. Dersom vi ser rundt oss på Matematisk-naturvitskapleg fakultet toppar Matematikk, informatikk og teknologi av dei bachelor-programma som har nok svar til å få karakter med 4.7 som heilheitsvurdering, så kjem Informatikk: språk og kommunikasjon med 4.6, etter det FAM, Molekylærbiologi og biologisk kjemi og GGG. All bachelorprogram på MatNat der det er nok respondentar har 4 eller betre som heilheitsvurdering.

På nasjonal basis er gjennomsnittet av geofag-bachelorprogramma 4.1, og Geovitenskap i Bergen og Geologi og geofare i Sogndal toppar med 4.7. Hatten av for dei!
Det er meir detaljar på NOKUT si studentbarometerside – her
Foto: NRS, Introduksjonsmøte GGG

Reklame

Statoil sin realfagpris

Statoil har engasjert seg sterkt i realfagsrekrutteringa, og arrangerer kvart år ein realfagskonkurranse for vidaregåande skular i samarbeid med dei regionale vitensentra. Dei regionale vinnarane vart kåra i april, for Austlandet vann Lise Wessel Larsen, Maria Storm-Gran og Sofie Smith Vågen frå Elvebakken vgs. Nå har det vore nasjonal finale, og nasjonale vinnarar er Lea Sjurine Starck, Rebekka Frøystad og Simon Stava fra Danielsen vgs skole i Bergen. Det ser ut som gutane må skjerpe seg! På regionalt nivå skulle laga skulle svare på fem oppgåver med fylgjande overskrifter:
Oppgave 1 – Klimautslipp fra kull, verdens mest forurensende fossile energikilde, eller bruk av vannkraft?
Oppgave 2 – Sukkertare – en alternativ energikilde?
Oppgave 3 – Kjernereaksjoner – kan de løse fremtidens klima og energiutfordringer?
Oppgave 4 – Energiutfordringer etter ulykken i Fukoshima
Oppgave 5 – Energieffektivitet – Tenke globalt, handle lokalt. Hva kan du gjøre?

Den som har lyst til å røyne seg mot «morgondagens heltar» finn dei fulle oppgåvene her.

Arbeidsgjevarundersøkinga 2010

UiO har gjennomført ei undersøking mellom arbeidsgjevarane om kva dei tykkjer om kandidatar frå universitetet. Undersøkinga femner om fakulteta MatNat, SV, UV og HF.  Prosjektleiar har vore Kristoffer Barbøl Vikebak, MatNat, og undersøkinga er gjennomført av TNS Gallup som web-skjema mellom arbeidsgjevarar med meir enn fire tilsette. Annik Myhre representerte MatNat i styringsgruppa. Av dei som har svart har 1895 tilsette frå UiO innan dei aktuelle fagområda. Gjennomgåande er dei godt nøgde med UiO-kandidatane, og dei aller fleste (92%) vil tilsette fleire av våre. Dei med tilsette fra MatNat (663) vurderar som dei viktigaste kvalifikasjonane:

  1. Evne til å tileigne seg ny kunnskap
  2. Evne til å formidle kunnskap
  3. Evne til å arbeide sjøvstendig

MatNat-kandidatane scorar best på fagkompetanse, 4.4 på ein skala frå 1 til 5 (best). Etter det evne til analyttisk tenking, evne til å tileigne seg ny kunnskap og evne til å arbeide sjølvstendig, alle med score 4.2. Av tre viktigaste kvalifikasjonane, sett frå arbeidsgjevarsida er det altså svært god score på evne til å tileigne seg ny kunnskap, medan karakterane på evne til å formidle kunnskap er 3.9 og evne til å arbeide produktivt i team 3.6. Det siste er nok eit signal om at vi bør satse meir på gruppearbeid i undervisninga. Svakast score får kandidatane våre på evne til å leie (3.4) og å ha god bransje/verksemdkunnskap (3.3) – dette er likevel ikkje dårlege karakterar.

Det ser ellers ut til at kandidatane våre gjennomgåande gjev seg sjølv noko dårlegare karakterar enn arbeidsgjevarane. Dette er rettnok frå to ulike undersøkingar, denne og Kandidatundersøkinga 2008, men det er generelt sett godt samsvar mellom dei to.

Meir om undersøkinga og kortversjon av rapporten finn du her.