Instituttet deltek i eit stort EU-prosjekt om «geoengineering» – tekniske inngrep for å motverke klimaendring. Prosjektet, «Implications and risks of engineering solar radiation to limit climate change (IMPLICC)» er ein del av det sjuende rammeprogrammet og har fem partnerar frå dei fremste europeiske forskingsmiljøa på dette feltet. Dei inngrepa prosjektet ser på er reflektorar i verdsrommet, innsprøyting av svovel i stratosfæren og innsprøyting av sjøsalt i atmosfæren for å auke mengda av låge skyer. Professor Jón Egill Kristjánsson ved Avdeling for meteorologi og oseanografi leier arbeidet ved UiO. Han deltok i to «Ekko»-innslag i P2 denne veka. For dei som gjekk glipp av dette har vi podcast av sendingane her:
3. nov kl 13:40: Viten: Klima – Vår magiske virkelighet
4. nov kl 9:03: Klimamanipulering.
Posts Tagged 'Prosjekt'
Geoengineering og klimamanipulering
Published 2011/11/04 Fagnytt , UiO Leave a CommentStikkord:geoengineering, geofag, internasjonalt samarbeid, klima, klimamanipulering, meteorologi, Prosjekt
Allmøte om BOA fredag den 13
Published 2009/11/12 Instituttsaker Leave a CommentStikkord:arrangement, Prosjekt
Eg minner om allmøtet komande fredag den 13 kl 13:15 i Auditorium I i Geologibygningen. Vi skal ta opp status og erfaringer fra innføring av «Reglement for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA)» – det nye prosjektbudsjettering- og regnskapssystemet, og ikkje minst kva verknader det vil ha for prosjektleiarane våre. Møtet ligg mellom Natgeos faglunsj og PEGGs seminar, så her er det gode høve til å kombinere fag og mammon.
Utlysing av nye SFI
Published 2009/10/27 Finansieringskjelder , Instituttsaker Leave a CommentStikkord:Prosjekt
Forskningsrådet har lyst ut til skissesøknader for nye senter for forskingsdreven innovasjon – SFI. Det er snakk om minst seks senter med oppstart i 2011. Det er i utgangspunktet ei open utlysing når det gjeld tema, men det er likevel peika på fem temaområdet det er ynskje om søknader innan. Desse er:
- Privat tjenesteyting
- Offentleg sektor/helsesektoren
- Transport
- Mat
- Miljøteknologi
Fristen for skissene er 21. desember, frist for full søknad vil vere 21. april. Meir informasjon finn du her. Ta kontakt med instituttleiar dersom du har idear eller er kontakta om søknadssamarbeid.
Oksygenfritt bunnvann i Bærumsbassenget – allereie på 1700-tallet?
Published 2009/07/07 Fagnytt Leave a CommentStikkord:Prosjekt
Elisabeth Alve har saman med Aud Helland og Jan Magnusson frå NIVA undersøkt oksygentilhøva i Bærumsbassenget på oppdrag fra Bærum kommune. Det er ein fyldig omtale av rapporten på NIVAs heimesider.
Partnerskap-program med University of Dar es Salaam
Published 2009/07/02 Instituttsaker , UiO 1 CommentStikkord:Afrika, Prosjekt, utdanning
Universitetet i Oslo sende i april inn anbud til SIU på å vere norsk partner til University of Salaam i Tanzania under PITRO-programmet (Programme for Institutional Transformation, Research and Outreach). Prosjektet går over tre år, fagleg fokus er på utdanning, miljø og «good governance». Det er no bekrefta et UiO har fått oppgåva. Prosjektleiar ver Desmond McNeill frå SUM, og det er utlyst ei halv stilling som administrativ koordinator. Vår kontakt inn mot prosjektet er Henning Dypvik, innan området Environmental Studies in Geosciences.
Prosjektsøknad NOMA
Published 2009/07/01 Instituttsaker Leave a CommentStikkord:Afrika, Prosjekt, utdanning, vatn
Instituttet har lagt inn ein prosjektsøknad til den nye NOMA-utløsningen – Norad sitt masterprogram. Temaet er «Master in Water Resources/Science», og hovudsamarbeidspartner i sør er University of Malawi. Det er snakk om to kull med opptak i 2010 og 2012. Vår prosjektleiar er ChongYu Xu, og prosjektleiar ved University of Malawi er John Saka. Prosjektet knyter seg til to eksisterande prosjekt med overlappande tema og partnerkonstellasjon: NUFU-prosjektet «Water Science» (prosjektleiar Lena Tallaksen) og «Socioeconomic Consequences of Climate Change in Sub-equatorial Africa (SoCoCA)» (prosjektleiar Frode Stordal).