Posts Tagged 'priser'

Statoil sin realfagpris

Statoil har engasjert seg sterkt i realfagsrekrutteringa, og arrangerer kvart år ein realfagskonkurranse for vidaregåande skular i samarbeid med dei regionale vitensentra. Dei regionale vinnarane vart kåra i april, for Austlandet vann Lise Wessel Larsen, Maria Storm-Gran og Sofie Smith Vågen frå Elvebakken vgs. Nå har det vore nasjonal finale, og nasjonale vinnarar er Lea Sjurine Starck, Rebekka Frøystad og Simon Stava fra Danielsen vgs skole i Bergen. Det ser ut som gutane må skjerpe seg! På regionalt nivå skulle laga skulle svare på fem oppgåver med fylgjande overskrifter:
Oppgave 1 – Klimautslipp fra kull, verdens mest forurensende fossile energikilde, eller bruk av vannkraft?
Oppgave 2 – Sukkertare – en alternativ energikilde?
Oppgave 3 – Kjernereaksjoner – kan de løse fremtidens klima og energiutfordringer?
Oppgave 4 – Energiutfordringer etter ulykken i Fukoshima
Oppgave 5 – Energieffektivitet – Tenke globalt, handle lokalt. Hva kan du gjøre?

Den som har lyst til å røyne seg mot «morgondagens heltar» finn dei fulle oppgåvene her.

Reklame

Geofag og biologi

Aubrey RobertsMange ser på geofag og biologi som to skilde deler av verda, med lite kontakt. I røynda er det mykje overlapp og aukande fagleg kontakt – til dømes innan klimaforskinga, dei biogeokjemiske syklusane (t.d. vatn, karbon) og ikkje minst innan paleontologien (makro- og mikro-). Den som i år vann Norske Shell Geopris for beste presentasjon av masterarbeid ved Den geologiske vinterkonferansen var Aubrey Roberts, bachelor i biologi og nå masterstudent ved Institutt for biovitenskap med Jørn Hurum ved Naturvitenskapelig Museum som rettleiar. Foredraget og masterarbeidet hennar er «Characterization of a new Ophthalmosaurid ichtyosaur from the Upper Jurassic of Spitsbergen». Les om tildelinga på Geoforskning.no, og Aubrey si forteljing om korleis ho hamna i eit gjørmehol på Svalbard saman med geologar og forhistoriske fiskeøgler på masterbloggen hennar.

Vi gratulerar på det varmaste!

Foto: Halfdan Carstens

Brøggerprisen til Roy Helge Gabrielsen

Roy GabrielsenVinterkonferansen 2013, geologane sin viktigaste nasjonale møtestad, går mot slutten, og Norsk Geologisk Forenings heiderspris, Brøggerprisen, gjekk i år til professor Roy Helge Gabrielsen. Dette er ei utmerking som heng høgt, statuttane er som fylgjer:

§1 Brøggerprisen (NGFs Hederspris) er opprettet av Norsk Geologisk Forening og tjener følgende formål:

a) Prisen skal tjene som en æresbevisning til en geolog som har bidratt på en unik måte til forståelsen av norsk geologi eller geovitenskap generelt.

b) Prisen skal hjelpe til med å forbedre profileringen av norsk geologi i samfunnet, tatt i betraktning den betydning geofagene har for norsk økonomi og samfunnsutviklingen generelt.

§2 For å komme i betraktning må kandidaten oppfylle følgende betingelser:

a) Kandidatens har gjennom en livslang innsats bidratt på faglig høyt nivå vedrørende norsk geologi eller geovitenskap generelt.

b) Kandidatens arbeid må inneholde nye og vesentlige bidrag til forståelsen av norsk geologi, og/eller geovitenskap generelt.

Les meir om tildelinga på geoforskning.no.
Vi gratulerar på det varmaste!

Møbius til Bjørn Jamtveit

Under Forskningsrådet sin festkveld i Konserthuset fekk Bjørn Jamtveit, professor ved Institutt for geofag og leiar for Physics of Geological Processes Forskningsrådet sin gjevaste pris, Møbius, prisen for fremragende forskning. Prisen er på ein million kroner. Samstundes fekk Nils Christian Stenseth, professor ved Biologisk institutt og leiar for Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis prisen for forskningsformidling. Vi gratulerar på det varmaste! Juryens grunngjeving med meir finn du på Forskningsrådet sine heimesider.

Bjørn Jamtveit får Nansenbelønninga

Bjørn JamtveitProfessor Bjørn Jamtveit,  Institutt for geofag,  leiar for PGP, er tildelt Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning innan realfag og medisin for 2010. Prisen er tildelt Bjørn for dei orginale bidraga hans til forståelse av geologiske prosessar, og han er den fyrste geologen som får prisen sidan professor Ivan Th. Rosenqvist vart tildelt Nansenbelønninga i 1972. Prisen – medalje, diplom og 150 000 kr – vart utdelt ved årsmøtet i Vitenskapsakademiet måndag 3. mai. Vi gratulerer!

Pris til Kimberly Casey

KimberlyKimberly Ann Casey, stipendiat på NatGeo, vann ein av tre «Best Student Poster Awards» på SGA 2009, Smart Science for Exploration and Mining conference by the Society for Geology Applied to Mineral Deposits, 17-20 Aug 2009, Townsville, Australia. Tittelen på posteren var: «Proposed methodology for detection of geochemical species on glaciers». Vi gratulerer!