Under sluttkonferansen for Det internasjonale polaråret (IPY) vart vinnarane av tre nordiske toppforskningssenter innan «Interaction between Climate Change and the Cryosphere» annonsert. Dei tre sentra er SVALI – Stability and Variations of Arctic Land Ice, leia av Jon Ove Hagen, DEFROST (biogeokjemi og permafrost), leia av Torben R. Christensen, Lunds Universitet og CRAICC – Cryosphere-Atmosphere Interactions in a Changing Arctic Climate, leia av Markku Kulmala, University of Helsinki. Dei tre sentra deler 100 mill kroner mellom seg over prosjektperioden på fem år. I tillegg til å ha prosjektleia for SVALI er vi representert i DEFROST med Bernd Etzelmüller og CRAICC med Jón Egill Kristjánsson, og toarane våre, Hanne Christiansen (UNIS) og Øystein Hov og Trond Iversen (met.no) har sentrale roller. Meir om sentra finn du i Magnus Friberg sin presentasjon ved tildelingsseremonien 10. juni. og på heimesidene til Nordforsk. Våre beste gratulasjonar til Jon Ove og alle involverte!
På bileta: 
Frå utdelinga, frå venstre: Torben R. Christensen, Lund, Magnus Friberg, leder av ICCCs programkomité, Michael Andersson, Nordforsk, Jon Ove Hagen, UiO, Caroline Leck, Stockholms Universitet, og Andreas Stohl, NILU.
Frå feiringa, frå venstre: Anne Hormes, UNIS, Jon Ove Hagen, UiO, Christoper Nuth, UiO, Jack Kohler, NPI og Thomas Vikhamar Schuler, UiO.