Posts Tagged 'meteorologi'



Kondensasjonsstriper – eit spesielt eksperiment

contrailAt flytrafikk kan påverke klimaet og veret er eit kjent tema i klimaforskninga – det gjeld drivhuseffekkten av CO2-utsleppa, men også verknadene av kondensasjonsstripene (contrails), som kan endre strålingsbalansen både i det kortbølga og langbølga området. Instituttet har vore involvert i forskning rundt dette spørsmålet lenge – mellom anna som medlem av det europeiske Network of Excellence ECATS (Environmentally Compatible Air Transport System), som nå er vidareført som sammenslutningen ECATS International. Når det gjeld kondensasjonsstriper har det springande punktet vore om effekten av dei er auka drivhuseffekt (pga redusert utgåande langbølga stråling) eller redusert drivhuseffekt (pga auka refleksjon av innkomande kortbylgja stråling. Det siste tilskotet til diskusjonen er ein artikkel i Journal of Climatology som analyserer bakketemperaturen i Tyskland i samband med massive allierte bombeangrep under andre verdskrigen. Forfattarane finn at den umiddelbare verknaden er ein temperaturreduksjon. Ein uventa bruk av gamle data, og eit eksperiment som vi får tru ikkje kan gjerast omatt!

Advertisements

Gode søkartal på Geofag

Antall primærskereSamordna opptak friga søkartala til høgare utdanning i dag. På landsbasis aukar talet på søkarar i snitt med 5.3% frå 2010 til 2011, og søkinga til realfag med 8.6%. På fakultetet aukar talet på primærsøkarar med 14%. På «våre» program er stoda at for Geofag: Geologi, geofysikk og geografi held den gode utviklinga fram, med 98 primærsøkarar, opp 18% frå i fjor, og meir enn ei fordobling frå 2005 (41 søkarar). Fysikk, astronomi og meteorologi, har ein liten nedgang frå i fjor, men har ser ut til å ha stabilisert seg på rundt 140 søkarar etter ein svak periode for nokre år sidan. Skal ein peike på ei negativ utvikling må det vere at lektorprogrammet i realfag har ein nedgang på 22%. Vi treng dyktige lærarar i realfag!

På dei andre lærestadane ser vi gjennomgåande ein auke for geologi-programma, og stor sett status quo for dei andre geofaga. Det er særleg hyggeleg å kunne gratulere Høgskulen i Sogn og Fjordane med ein auke frå 17 til 26 på det unge programmet i geologi og geofare!

Kjelde: Samordna opptak

Det lengste året

ForskningsflyDet internasjonale polaråret (IPY) vert i desse dagar avslutta med ein nasjonal sluttkonferanse i Tromsø. «Året» tok til i 2007, med to år med konsentrert internasjonal feltinnsats og så analyser og publisering. Institutt for geofag har hatt leiinga av to prosjekt, og har delteke i mange andre. «Våre» prosjekt er IPY-Thorpex, leia av Jón Egill Kristjánsson og GLACIODYN, leia av Jon Ove Hagen. Det fyrste er om polare lågtrykk og polarstormar, og har fått stort oppslag i Aftenposten i dag 12. april, under titttelen «De gjorde værvarslet sikrere». Her finn du intervju med Øystein Hov og Jón Egill. GLACIODYN handlar om verknaden av klimaendringar på breane i Arktis. Prosjektet har no fått ein avløysar i det nordiske toppforskningssenteret SVALI, også leia av Jon Ove. For begge prosjekta, og for IPY generelt, gjeld det at dei store datamengdene som har vorte innsamla vil vere til stor nytte for internasjonal prolarforskning i mange år framover.

Stipendiatpublikasjon på topp

StjernDen mest leste artikkelen i Journal of Geophysical Research – Atmospheres siste veka er Camilla W. Stjern, Andreas Stohl og Jón Egill Kristjánsson: «Have aerosols affected trends in visibility and precipitation in Europe?», publisert 29. januar. Camilla Weum Stjern er doktorgradsstipendiat hjå oss, Andreas Stohl er seniorforskar på NILU og Jón Egill Kristjánsson er professor på instituttet. Det er flott å sjå ein doktorgradskandidat som fyrsteforfattar få så godt tilslag på ein artikkel i eit av dei mest prestisjetunge tidsskrifta innan fagfeltet. Gratulasjonar til alle tre forfatterane!

Ny naturkatastrofe undervegs i Queensland

YasiQueensland har berre så vidt kome seg over storflaumen før neste katastrofe trugar. Den tropiske syklonen Yasi er nå i ferd med å nå land ved Cairns. Yasi er i høgste styrkeklasse, 5, og har vindstyrke på over 300 km/t. Dette er den sterkaste stormen som nokon gong er registrert i Australia, og overgår i vindstyrke for eksempel Katrina som raserte New Orleans i 2005. Tropiske syklonar har dobbel øydeleggande effekt – fyrst ved vinden, og så ved flaumar og skred som fylgjer den sterke nedbøren, 1 m (1000 mm) nedbørhøgde er ikkje uvanleg. Stormen når land nå i ettermiddag 2. februar (natt i Australia).

Meir om varsel og oversikter finn du på heimesidene til Australian Bureau of Meteorology.

Satellittdekning og andre bilete frå BBC.

Biletet er frå Wikimedia Commons