Som ansvarleg for eit bachelorkurs (Arctic Hydrology and Climate Change) på UNIS – Universitetssenteret på Svalbard – har eg hatt godt høve til å fundere på kva som gjer dette til ein spesiell studiestad. Eg fylgjer gjerne studentane eit halvt år, og ser at dette er eit halvår som ikkje berre er eit minne for livet, men som også formar og utviklar i uvanleg grad. Alle lærestader er spesielle, men UNIS har kvalitetar som set institusjonen i ein særklasse.
Naturen: Det skiftande lyset, dagslyset som svinn inn i polarmørket, det barske landskapet med pastellfargane, og det artsfattige men alltid nærværande dyrelivet gjev ei kjensle av å være på ein lett uverkeleg stad – ytterst i verda.
Klassen: Studentar med svært ulik bakgrunn og erfaringar – i år er åtte nasjonalitetar representert i klassen på 12 – utviklar fort eit sterkt klassesamhald etter å ha hoppa i fjorden og trava over fly, fjell og bre i felt saman.
Nettverket vert globalt, og sosiale media gjer det lett å halde kontakt etter at Svalbardtida er omme – og dei fleste gjer det.
Lokalsamfunnet: Longyearbyen er liten (ca 2000 innbuarar), men med eit uventa stort tilbod av forretningar, restaurantar, barar og foreningar. Dei fastbuande har oppdaga kor viktige studentane er for aktivitetane lokalt, og dørane står opne for den som vil delta i aktivitetar og foreningsliv.
Den beste undervegs-evalueringen på UNIS er at studentane halvvegs i semesteret er på vill jakt etter opplegg som kan forlenge opphaldet –