Posts Tagged 'kvikkleire'

Skjeggestad bru og kvikkleira

FarekartDet er mykje kvikkleire i Norge, over store deler av arealet som er under øvre marine grense. Kvikkleire som er i sin opphavelege posisjon er i grunnen dømt til å rase ut etter kvart som havsaltet som stabiliserer henne vaskast ut. Dette er ein langsam prosess, over årtusener, og på ein gjeven stad er eit leirfall ein sjeldan hendelse som det er vanskeleg å føreseie. For lineær infrastruktur som vegar og jarnveg vert biletet eit anna – det er stor sannsynlegheit for at ein strekning vert råka i levetida til strukturen.

Etter leirfallet ved Skjeggestad bru sit ein utanforståande som eg att med to funderingar: Den eine – burde ikkje bruer i leirskredutsette områder vere fundamentert og dimensjonert med tanke på leirskred, eller i det minste ha varslingssystem for rørsle i grunnen? Den andre: Det ser ut til at det allereide hadde vore utgliding i terrenget ved brua – det er snakk om synkehol eller utgliding langs elva. Likevel køyres ein bulldosar ut for planere, eit potensielt svært farleg oppdrag, utan varsling av kommune eller vegvesen, og utan geotekniske undersøkingar. Det ser ut til at risikobiletet rundt leirskred er dårleg forstått, sjølv mellom dei som arbeider i «frontlinja» i slike høve.

Biletet: Eit utsnitt av farekartet for leirskred (http://atlas.nve.no) for området rundt Skjeggestad bru. Som vi ser er i området rett ved brua merka av, men like nord og sør for brua er det to soner med ulik fareklasse.

Reklame