Posts Tagged 'kryosfære'

Føremelding frå geofagstudentane

Snømåling25. februar var studentane i GEO2010 Overflatehydrologi og GEG2110 Landformdannende prosesser ute i felt for å ta snømålingar. Målingane var frå byrjinga planlagt til mars, men slik denne vinteren utviklar seg verka det tryggast å ta dei medan vi enno har snø i marka. 25 studentar fordelt på fem grupper la ut til Nikulpmyrene i Tryvannsåsen og målte snøstrekk både i ope terreng og i skog. Trass i mildveret var det i snitt 60-70 cm snødjup med nokså kompakt snø, så skiføret i høgda (Nikulpmyrene ligg 420 moh) skal nok halde ei god stund enno. Men det finst ikkje tele, og snøen er nokså metta, så smeltebekkar kan fort opne seg.

Reklame

Studér geofag!

hemisphere eastFrist for søknad til samordna opptak er like rundt hjørnat. Er du interessert i realfag så er geofag eit sikkert valg – aldri har vel kunnskap den blå planeten vore så aktuell som i dag. Klima, energi, miljø, naturessursar, naturfarer – alt finn du innan geofagstudia.




Geofag ved Universitetet i Oslo:
http://www.uio.no/studier/program/geofag/
http://www.uio.no/studier/program/fam/
Fotomosaikk: NASA

Dei gamle fjell i syningom

Jotunheimen frå FillefjellA-magasinet til Aftenposten førre helga har ein artikkel omkring forskarstriden om alderen og opphavet til den norske fjellheimen – «Fjellkrangelen». Den rådande forståinga om utviklinga til dei norske fjella, som framstilt mellom anna i verket «Landet blir til» og som bygger på ein hundreårig forskningstradisjon, er at den kaledonske fjellhevinga i devon, vel 400 millionar år sidan, då noverande Nord-Amerika og Europa støytte saman, som ga ei fjellkjede like høg og dramatisk som Himalaya i dag, i det store og heile vart nederodert til flatt landskap, som delvis har vore under havnivå. I paleocen, for ca 65 millionar år sidan, opna Norskehavet seg, og den aktive mantelen førde til at landet (den paleiske flata) heva seg, mest i vest. Det er denne løfta plata med som er utgangspunktet for dei fjella vi har i dag, og som er utforma særleg av istidene dei siste 2.7 millionar år. Mekanismene rundt løftinga av landplata er ikkje fullt ut forstått, og dei siste åra er det etablert ein konkurrerande teori som i hovudsak seier at dei norske fjella er restane av den kaledonske fjellkjeda, og at den einaste løftinga som har vore er isostatisk, det vil seie at den er eit resultat av at fjellmassene vert mindre og lettare ettersom erosjonen skrid fram. I fylgje den rådande modellen er dei paleiske flatene – høgfjellsplatåa – framkome ved forvitring og erosjon ved havnivå før løftinga fann stad, medan den alternative modellen baserer seg på at dei i hovudsak er utforma ved glasial erosjon under istidene. Mekanismen vert beskreven som «buzzsaw» – at breane verkar som ei liggande sirkelsag som kappar ned toppane over glasiasjonsnivået.

Det er altså ikkje berre spørsmålet om alderen til fjella og dei paleiske flatene som skil desse teoriane, det er fundamentalt forskjellige modellar for landskapsutvikling som kolliderar, og som vanskeleg kan foreinast. Slik sett er det ikkje rart debatten er høglytt og intens i den grad at den hamnar i A-magasinet. I røynda er dette eit godt eksempel på korleis forskning fungerar – ny teoriar vert lagt fram og intenst diskutert inntil ein vinn fram, eller det opnar seg ein tredje veg. I dette tilfellet trengs det også kompetanse på mange fagfelt for å kaste lys over problemet – strukturgeologi, geofysikk, geodynamikk, tektonikk, sedimentologi, klimatologi, geomorfologi, glasiologi med meir.

Kven vil vinne fram her? Vert det eit paradigmeskifte i synet på Norges geologi, eller vil dei etablere modellane stå prøven og framleis vere grunnlaget for vidareutvikling av forståinga av den skandinaviske fjellheimen? Det vil verte avgjort på den viktigaste arenaen for vitskapleg diskusjon – dei fagfellevurderte tidsskrifta. Det kan vere verdt å minne om at ikkje alle nye teoriar vinn fram.

Eg let meg trollbinde av kor mykje informasjon om jordas utviklingshistorie det er mogeleg å lede ut av det augneblikksbiletet landskapet av i dag er. Og denne utviklingshistoria er ikkje berre eit akademisk spørsmål om kor gamle fjella er, men gjev oss også informasjon om kvar vi finn olje og mineralressursar, og – på den meir filosofiske sida – innsikt i at verda alltid er i endring.

Nokre sentrale nyare arbeid i denne samanhengen:
Den «tradisjonelle» modellen:
Gabrielsen, Roy Helge; Faleide, Jan Inge; Pascal, Christophe; Braathen, Alvar; Nystuen, Johan Petter; Etzelmuller, Bernd; O’Donell, Sejal (2010). Latest Caledonian to Present tectonomorphological development of southern Norway. Marine and Petroleum Geology, 27(3), 709-723.

Lidmar-Bergstrom, K.; Bonow, J.M.; Japsen, P. (2013) Stratigraphic Landscape Analysis and geomorphological paradigms: Scandinavia as an example of Phanerozoic uplift and subsidence. Global and Planetary Change 100, 153-171.

Osmundsen P.T.; Redfield, T.F. (2011) Crustal taper and topography at passive continental margins. Terra Nova, 00, 1-13.

Alternativ modell:
Nielsen, SB, Gallagher, K, Leighton, C, Balling, N, Svenningsen, L, Jacobsen, BH, Thomsen, E, Nielsen, OB, Heilmann-Clausen, C, Egholm, DL, Summerfield, M, Clausen, OR, Piotrowski, JA, Thorsen, MR, Huuse, M, Abrahamsen, N, King, C., Lykke-Andersen, H., (2009) The evolution of western Scandinavian topography: A review of Neogene uplift versus the ICE (isostasy-climate-erosion) hypothesis. Journal of Geodynamics, vol 47(2-3), 72-95.

Steer, P., Huismans, R.S., Valla, P.G., Gac, S., and Herman, F., (2012) Bimodal Plio–Quaternary glacial erosion of fjords and low-relief surfaces in Scandinavia, Nature Geoscience 5, 635–639.

Biletet: Jotunheimen sett over paleisk flate. (Fillefjell, Nils Roar Sælthun)

Ein ekstrem studiestad

Endre Før Gjermundsen på feilarbeid på Svalbard under doktorgradsstudietEndre Før Gjermundsen, doktorgradsstipendiat på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) og Institutt for geofag, har doktorgradsarbeidet sitt på nunatakkar på Svalbard og kva dei kan avsløre om glasiasjonshistoria og klimavariasjonar. Feltarbeidet hans er så spektakulær både når det gjeld lokalitetar og utføring at «Ut i naturen» på NRK sette av ein stor bolk til han i jubileumsprogrammet sitt 18. desember. Innslaget finn du her – start 11 minutt ute i klippet.

Endre disputerar 8. mars ved instituttet, tittel på avhandlinga er «Reconstruction of the Weichselian Ice Sheet in NW and Central Spitsbergen».

Kongens gullmedalje til Geir Moholdt

Geir MoholdtGeir Moholdt får Hans Majestet Kongens gullmedalje for avhandlinga «Elevation change and mass balance of Svalbard glaciers from geodetic data» (”Høydeendring og massebalanse av isbreene på Svalbard beregnet fra geodetiske data”). Moholdt brukte målingar frå ICESat og bakkemålingar for å bestemme romfordelinga av endringane i massebalansen for breane over heile Svalbard, og metodane han utvikla i doktoravhandlinga er sentrale i Nature-artikkelen «Sharply increased mass loss from glaciers and ice caps in the Canadian Arctic Archipelago» Alex S. Gardner, Geir Moholdt, Bert Wouters et al. Geir Moholdt er no postdoktor ved Scripps Institution of Oceanography, UC San Diego.

Gullmedaljen vert utdelt ved Universitetet sin årsfest 31. august. Les pressemeldinga frå UiO her.

Gratulasjonar til Geir!

Foto: Thorben Dunse

Sommar på Grønland

NASA Earth ObservatoryGrønland, vår store granne i vest, har ikkje eit særleg gjestfritt klima – det har nordmenn lange røynsler med. Det ligg likevel lengre sør enn kva Europa-sentrerte kart gjev inntrykk av, frå 59° 45′ på Kapp Farvel (som Oslo) til 83° 36′ i nord. Vêret på Grønland har ein tendens til å vere i motfase med Skandinavia, så no når vi har hatt ein dårleg sommar er det ikke overraskande at Grønland har hatt ein uvanleg varm sommar. Midt i juli var det varmegrader til topps på Summit, 3216 moh på 72° N, og snøsmelting over heile brekappa – ein svært uvanleg situasjon. Den våte snøen vart registrert av jordovervakningssatelittane, og NASA publiserte endringa av arealet med våt snø frå 8. til 12. juli som «Image of the Day» 25. juli. Dette vart mellom anna fanga opp av Dagbladet, og det er interessant å samanlike den nøkterne pressemeldinga frå NASA med det noko meir sensasjonsprega oppslaget i Dagbladet, som gjev inntrykk av ein dramatisk nedsmelting av Grønlandsisen:
NASA
Dagbladet

Det sagt, så skal vi ikkje klage over at media interesserar seg for geofag og klima!

Bilete frå NASA Earth Observatory

Kryosfærekriminalitet

BøyabreenBBC melder at ein mann er arrestert i Chile for å ha stole fem tonn is frå Jorge Montt-breen i Patagonia. Isen var tenkt nytta til whisky-on-the-rocks i Santiago. Verdet på lasta er oppgjeve til 3 mill pesos, ca 30000 kr. I fylgje dette skulle Jostedalsbreen, som har eit volum på 73 km3, ha ein marknadsverdi på 400 000 000 000 000 kr …
Foto: Bøyabreen (NRS)

Seminar om vatn

SnølandskapI klima- og miljø-veka i høve UiO sitt 200-års jubileum arrangerer Institutt for geofag og Det matematisk-naturvitskapelege fakultet to seminar med tema vatn. Desse er:

Onsdag 18 mai kl 15-17:
Den frosne verden – kryosfæren
Kryosfære: hva det er, hvorfor og hvordan vi utforske den – Thomas Vikhamar Schuler
Permafrost i Norge: tinende topper og minkende multemyrer – Karianne Staalesen Lilleøren
A short history of Svalbard glacier evolution – Christopher Nuth

Torsdag 19. mai kl 15-17:
Vann og klima
Vann som motor i vær og klima – Frode Stordal
Vannressurser og ekstremer i Europa – Lena M. Tallaksen
Norge: Varmere, våtere, villere? – Nils Roar Sælthun

Alle er velkome. Begge seminara vert haldne i Auditorium I i Geologibygningen.

Om å måle elvestraum frå verdsrommet

St. Lawrence RiverVår Andreas Kääb og Terry Prowse frå Environment Canada har nett publisert eit banebrytande arbeid om å måle straumvektorar i elv frå verdsrommet i «Geophysical Research Letters»: «Cold-regions river flow observed from space». Dei har nytta målingar frå satelittane Terra (ASTER-data – radiometer), ALOS (stereobilete) og IKONOS (stereobilete) av is i rørsle, og har dermed kunne lage augneblikksbilete av straummønsteret over store strekningar. Eksempla i artikkelen er 80 kilometer av St. Lawrence River inkludert munningen ved Quebec, og 50 km av Mackenzie. Prosjektet er ei samfinansiering med tilskot frå Forskningsrådet, ICG, canadiske forskningsrådsmedel og International Polar Year. Meir informasjon finn du her, eller ved å ta kontakt med Andi.

Gjengen som ikkje manglar snø

AustfonnaFolka våre er også i år på plass på Austfonna. Som dei fleste vil vite er det den store iskappa, den sjuande største i verda, på Nordaustlandet på Svalbard. Her gjer dei bakkemålingar for Cryosat og andre glasiologiske undersøkingar frå ein teltcamp midt inne på breen. Ein rapport frå arbeidet finn du på Cryosatbloggen, her. Biletet er teke av Thomas Vikhamar Schuler, som var med i fortroppen som oppretta leiren i påsken.