Posts Tagged 'klima'

Eit semester på Svalbard

På BertilbreenEr du godt i gang med bachelorstudier innan realfag og interessert i Arktis, så kan eit semester på Universitetssenteret på Svalbard, UNIS, vere noko å tenkje på. Som hydrolog vil eg sjølvsagt promotere kurset AT-209, Arktisk hydrologi og klimaendringar – Arctic hydrology and climate change (undervisningsspråket er engelsk). Dette kurset gjev 15 studiepoeng, så du treng eit kurs til. Arctic hydrology and climate change er eit full-semesterkurs, med feltkurs (i området ved Pyramiden) og kortare dagekskursjonar ut frå Longyearbyen. Det krev ingen forkunnskap i hydrologi eller geofag. Meir om kurset her: http://www.unis.no/course/at-209-arctic-hydrology-and-climate-change/
Siste søknadsdag er 15. april. Ring eller mail meg for meir informasjon.

Foto: NRS

Reklame

Studér geofag!

hemisphere eastFrist for søknad til samordna opptak er like rundt hjørnat. Er du interessert i realfag så er geofag eit sikkert valg – aldri har vel kunnskap den blå planeten vore så aktuell som i dag. Klima, energi, miljø, naturessursar, naturfarer – alt finn du innan geofagstudia.




Geofag ved Universitetet i Oslo:
http://www.uio.no/studier/program/geofag/
http://www.uio.no/studier/program/fam/
Fotomosaikk: NASA

CIENS toppsenter opna

CIENS ToppsenterDenne veka opnar CIENS Toppsenter med ei rekke tilstelningar. Den offisielle opninga var i går 4. juni ved kunnskapsminister Kristin Halvorsen, som hadde ein inspirert og engasjert opningstale. Vidare var det innlegg frå mellom anna Arvid Hallén, Ole Petter Ottersen og Marit Kjeldby (Klif), Trine Skei Grande, Anne Kjersti Fahlvik, Jon Brandsar (Statkraft), Stein Lier-Hansen (Norsk industri) og Marianne Harg (Tekna). I tillegg faglege smakebitar. Opningsdagen vart avrunda med ein paneldiskusjon med mellom anna to av medlemmene i Kyrke-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget – Marianne Aasen (AP) og Henning Warloe (H).

Toppsenteret er to takpåbygg på CIENS-bygget – eit konferansesenter med tre møterom med 10 til 70 plassar, stort fellesområde og takterrasse, og eit kontorbygg som høver god til senteretableringar. Det viktigaste med Toppsenteret er likevel at det er ein konkret manifestasjon av CIENS-samarbeidet, og det nok er hovedgrunnen til at det er så stor interesse for sentret utanfrå. CIENS har stor goodwill både i Forskningsrådet og i Kunnskapsdepartementet – så nå er det i stor grad opp til partnerane og forskarane sjølv å innfri forventingane om å være nasjonalt kraftsenter i miljøforsking.

Foto: NRS

Dagens disputas – meteorittkrater Ritland

AbdusI dag, 27. mai, disputerar Abdus samad Azad for graden Ph.D. ved Institutt for geofag. Avhandlingen er «Sedimentation in the Ritland Impact Structure, western Norway». Ritlandstrukturen er det nyleg oppdaga meteorittkrateret i Hjelmeland – ca 500 millionar år gamalt og danna av ein meteoritt med 115 m diameter. Krateret er ca 2.4 km i diameter, og det tredje som er funne i Norge når ein også reknar med Mjølnir-krateret i Barentshavet. Strukturen vart stadfesta som nedslagskrater i 2008.

Komité for disputasen er professor Philippe Claeys, Vrije Universiteit Brussel, Dr. Lars Harald Blikra, Åknes nasjonalt senter for fjellskredovervaking og professor Annik M.Myhre frå instituttet. Rettleiarar er professor Henning Dypvik, seniorgeolog Fridtjof Riis, Oljedirektoratet og dr. Elin Kalleson. Les meir om arbeidet til Abdus her.

Prøveforelesninga var «Coarse-grained sedimentation in different geological settings and its palaeoenvironmental significance» – om alle former for masseflytting av grovt materiale.

Dagens disputas – hydrologiske modellar

MartinI dag, 21. mai, disputerar Martin Morawietz for graden Ph.D. ved Institutt for geofag. Avhandlingen er «Statistical uncertainty processing for probabilistic streamflow forecasting – Parametric and non-parametric approaches based on an autoregressive error model» – eit sentralt tema innan hydrologisk modellering, og ikkje minst flomvarsling, som jo er eit heitt tema om dagen. Prøveforelesinga «Do different hydrological processes have different model error signatures? Comparing ice-melt-fed, snowmelt-fed and rainfall-fed floods» er ein utfordring – det er ei viktig problemstilling, men det er gjort overraskande lite forsking innan det feltet, så her får kandidaten noko å bryne seg på. Komité for disputasen er Dr. Vazken Andréassian, Hydrosystems and Bioprocesses Research Unit (HBAN), National Research Institute of Science and Technology for Environment and Agriculture (Irstea), Frankrike, Associate Professor Micha Werner, UNESCO-IHE Institute for Water Education/Deltares, Delft, Nederland og professor Bernd Etzelmüller frå instituttet. Rettleiarar er professor Chong-Yu Xu, professor emeritus Lars Gottschalk og professor Lena M. Tallaksen. Les meir om arbeidet til Martin her.

CEED startar opp

CEEDI dag 1. mars, ein månad etter at Physics of Geological Processes runda 10 år og dermed forlet statusen som Centre of Excellence startar CEED – Senter for Jordas utvikling og dynamikk opp under leiing av professor Trond Helge Torsvik. Senteret har fylgjande hovedtema: Jordas djupe indre, Jordas dynamikk, Jordas miljøkriser, Jorda og naboplanetane og i tillegg til dette numerisk modellering og visualisering som ein sentral aktivitet. Les meir om senteret her.
Vi seer fram til eit nytt tiår med internasjonal toppforsking!

Dei gamle fjell i syningom

Jotunheimen frå FillefjellA-magasinet til Aftenposten førre helga har ein artikkel omkring forskarstriden om alderen og opphavet til den norske fjellheimen – «Fjellkrangelen». Den rådande forståinga om utviklinga til dei norske fjella, som framstilt mellom anna i verket «Landet blir til» og som bygger på ein hundreårig forskningstradisjon, er at den kaledonske fjellhevinga i devon, vel 400 millionar år sidan, då noverande Nord-Amerika og Europa støytte saman, som ga ei fjellkjede like høg og dramatisk som Himalaya i dag, i det store og heile vart nederodert til flatt landskap, som delvis har vore under havnivå. I paleocen, for ca 65 millionar år sidan, opna Norskehavet seg, og den aktive mantelen førde til at landet (den paleiske flata) heva seg, mest i vest. Det er denne løfta plata med som er utgangspunktet for dei fjella vi har i dag, og som er utforma særleg av istidene dei siste 2.7 millionar år. Mekanismene rundt løftinga av landplata er ikkje fullt ut forstått, og dei siste åra er det etablert ein konkurrerande teori som i hovudsak seier at dei norske fjella er restane av den kaledonske fjellkjeda, og at den einaste løftinga som har vore er isostatisk, det vil seie at den er eit resultat av at fjellmassene vert mindre og lettare ettersom erosjonen skrid fram. I fylgje den rådande modellen er dei paleiske flatene – høgfjellsplatåa – framkome ved forvitring og erosjon ved havnivå før løftinga fann stad, medan den alternative modellen baserer seg på at dei i hovudsak er utforma ved glasial erosjon under istidene. Mekanismen vert beskreven som «buzzsaw» – at breane verkar som ei liggande sirkelsag som kappar ned toppane over glasiasjonsnivået.

Det er altså ikkje berre spørsmålet om alderen til fjella og dei paleiske flatene som skil desse teoriane, det er fundamentalt forskjellige modellar for landskapsutvikling som kolliderar, og som vanskeleg kan foreinast. Slik sett er det ikkje rart debatten er høglytt og intens i den grad at den hamnar i A-magasinet. I røynda er dette eit godt eksempel på korleis forskning fungerar – ny teoriar vert lagt fram og intenst diskutert inntil ein vinn fram, eller det opnar seg ein tredje veg. I dette tilfellet trengs det også kompetanse på mange fagfelt for å kaste lys over problemet – strukturgeologi, geofysikk, geodynamikk, tektonikk, sedimentologi, klimatologi, geomorfologi, glasiologi med meir.

Kven vil vinne fram her? Vert det eit paradigmeskifte i synet på Norges geologi, eller vil dei etablere modellane stå prøven og framleis vere grunnlaget for vidareutvikling av forståinga av den skandinaviske fjellheimen? Det vil verte avgjort på den viktigaste arenaen for vitskapleg diskusjon – dei fagfellevurderte tidsskrifta. Det kan vere verdt å minne om at ikkje alle nye teoriar vinn fram.

Eg let meg trollbinde av kor mykje informasjon om jordas utviklingshistorie det er mogeleg å lede ut av det augneblikksbiletet landskapet av i dag er. Og denne utviklingshistoria er ikkje berre eit akademisk spørsmål om kor gamle fjella er, men gjev oss også informasjon om kvar vi finn olje og mineralressursar, og – på den meir filosofiske sida – innsikt i at verda alltid er i endring.

Nokre sentrale nyare arbeid i denne samanhengen:
Den «tradisjonelle» modellen:
Gabrielsen, Roy Helge; Faleide, Jan Inge; Pascal, Christophe; Braathen, Alvar; Nystuen, Johan Petter; Etzelmuller, Bernd; O’Donell, Sejal (2010). Latest Caledonian to Present tectonomorphological development of southern Norway. Marine and Petroleum Geology, 27(3), 709-723.

Lidmar-Bergstrom, K.; Bonow, J.M.; Japsen, P. (2013) Stratigraphic Landscape Analysis and geomorphological paradigms: Scandinavia as an example of Phanerozoic uplift and subsidence. Global and Planetary Change 100, 153-171.

Osmundsen P.T.; Redfield, T.F. (2011) Crustal taper and topography at passive continental margins. Terra Nova, 00, 1-13.

Alternativ modell:
Nielsen, SB, Gallagher, K, Leighton, C, Balling, N, Svenningsen, L, Jacobsen, BH, Thomsen, E, Nielsen, OB, Heilmann-Clausen, C, Egholm, DL, Summerfield, M, Clausen, OR, Piotrowski, JA, Thorsen, MR, Huuse, M, Abrahamsen, N, King, C., Lykke-Andersen, H., (2009) The evolution of western Scandinavian topography: A review of Neogene uplift versus the ICE (isostasy-climate-erosion) hypothesis. Journal of Geodynamics, vol 47(2-3), 72-95.

Steer, P., Huismans, R.S., Valla, P.G., Gac, S., and Herman, F., (2012) Bimodal Plio–Quaternary glacial erosion of fjords and low-relief surfaces in Scandinavia, Nature Geoscience 5, 635–639.

Biletet: Jotunheimen sett over paleisk flate. (Fillefjell, Nils Roar Sælthun)

Ein ekstrem studiestad

Endre Før Gjermundsen på feilarbeid på Svalbard under doktorgradsstudietEndre Før Gjermundsen, doktorgradsstipendiat på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) og Institutt for geofag, har doktorgradsarbeidet sitt på nunatakkar på Svalbard og kva dei kan avsløre om glasiasjonshistoria og klimavariasjonar. Feltarbeidet hans er så spektakulær både når det gjeld lokalitetar og utføring at «Ut i naturen» på NRK sette av ein stor bolk til han i jubileumsprogrammet sitt 18. desember. Innslaget finn du her – start 11 minutt ute i klippet.

Endre disputerar 8. mars ved instituttet, tittel på avhandlinga er «Reconstruction of the Weichselian Ice Sheet in NW and Central Spitsbergen».

Tverrfagleg klimaforsking i fjellet

Brachinecta PaludosaI det siste A-magasinet (nr 48) tek Halvor Hegtun for seg historia bak ein artikkel i Freshwater Biology: «Climate-driven range retraction of an Arctic freshwater crustacean», forfattarar Markus Lindholm, Frode Stordal, Jannicke Moe, Dag O. Hessen og Per Aass. Per Aass (emeritus på Naturhistorisk museum) kartla på fjellturane sine på tidleg 70-tal utbreiinga av tusenbeinkrepsen (brachinecta paludosa) i nordre del av Langfjella (sørgrense ved Besseggen). Nå, 40 år etter, har forskar Markus Lindholm på NIVA med kollegaer gått i fotefara til Per Aass og funne store endringar i utbreiinga av det vesle krepsdyret. Professor Frode Stordal ved Institutt for geofag har analysert klimaendringane over samme periode, og finn ei endring på 1.3 grader, som tilsvarer ei høgdendring på rundt 200 m. Endringa i utbreiingsmønsteret til krepsen er konsistent med endringane i klimaet.

Interessant lesnad, god forskningsjournalistikk og eit godt eksempel på samarbeid mellom fagmiljøa i CIENS og UIO (NIVA, Institutt for geofag, Biologisk institutt og Naturgeografisk museum. og mellom forskargenerasjonane. Ikkje minst syner dette kor verdfulle godt systematiserte gamle data og feltobservasjonar er, og kor viktig det er å ta vare på slikt datatilfang.

Plansjen: G.O.Sars si teikning av tusenbeinskrepsen, 1890-talet. Creative Commons. Unn deg ein titt på detaljane!

Munch, havnivå og landheving

SkrikVerknad av klimaendringar har fått ein uventa plass i den kulturpolitiske debatten (krangelen) om plasseringen av det nye Munch-museet. To innlegg i Aftenposten, fyrst Axel Mykleby (Blue Shield Norge) 7. november og no Jeremy B. Hutchings og Erling Skaug (begge UiO) 14. november meiner Lambda er særleg utsett for flaum frå Akerselva og stormflo i fjorden på grunn av havnivåstigning. Flaum i Akerselva påverkar ikkje vassnivået i Bjørvika, så den suta kan vi la ligge.

Når det gjeld havnivåstigning kom Kartverket i vår med ein ny forskningsrapport – «Estimates of Future Sea-Level Changes for Norway». Halfdan Pascal Kierulf (deltidsstilling ved Institutt for geofag) er ein av forfatterane. Denne gjev ein prognose for endringar som skuldast temperaturauke og bresmelting på 44 cm over 100 år for Oslo, og samtidig ei landheving og geoide-endring som tilsvarar -54 cm. altså ei netto senking av havnivået på 10 cm. For Stavanger og Bergen er det derimot ein netto auke i havnivået, på 28 og 23 cm. No er det sjølvsagt stor usikkerheit i desse prognosene, og rapporten gjev også ein ekstrem-prognose på 83 cm, basert på 6 grader oppvarming og oppskalerte tilskot frå Grønlandsisen og Antarktis. Likevel ser det nok ut til at Munch ikkje treng uroe seg meir for flaum enn andre naturkatastrofar anten samlinga hamnar ved fjorden eller på Tøyen.

«Skrik» kan ellers vere inspirert av dei raude solnedgangane som oska i atmosfæren frå Krakatoa-utbrotet i 1883 ga – så det er ein samanheng mellom geofag og kunst.