Posts Tagged 'jordskjelv'

Geofagleg aprilsnarr

Sidan det er 1. april i dag – er det mogeleg å lage ein geofagleg aprilsnarr? Det beste forslaget eg makta å kome med sjølv var å foreslå at komiteen som bedømde doktordisputasen på instituttet i dag skulle kunngjere at kandidaten var underkjent. Forslaget vart av gode grunnar nedstemt. Så i staden måtte eg sjekka litt rundt om i verda, og fann eit oppslag, i Politiken: «Danmark er blevet mindre efter japansk jordskælv». Utgangspunktet er at Danmark etter jordskjelvet i Japan har flytta seg 50 cm sørover, og sidan grensa ligg fast er 30 km2 av dansk jord vorten tysk.

Tykkjer den var god, eg! Andre som har funne tilsvarande gullkorn?

Reklame

1000-års bylgje?

TsunamiDet er sjølvsagt for tidleg å analysere den katastrofale tsunamien i Japan – det fysiske omfanget er knapt kartlagt enno. Dr. Roger Musson, som er leiar for «Seismic Hazards and Archives» ved British Geological Survey, har likevel tankar om at dette kan vere ei 1000-års hending. Bakgrunnen er at den førre tsunamien i Japan av samme storleik ser ut til å ha vore den i 869 e.kr., og at ein kjenner til et par tidlegare hendingar i samme klasse over dei siste 3000 åra. Slike hendingar set både historiske og geologiske spor, og det er grunnlaget for at ein kan ha ei meining om frekvensen. At det er ei tusenårshending betyr (diverre for Japan) ikkje at det er 1000 år til neste gong, men at det er 1/1000 sannsynlegheit for at hendelsen skal skje i eit bestemt år. Nå må ein nok tru at det går eit stund til neste gong i Japan, sidan det nok tek tid før det bygger seg opp store nok spenningar i jordskorpa til at det kan utløyse eit nytt styrke 9-jordskjelv.

Ein skal også merke seg at dersom analysen til Musson er rett, så betyr det at dette var ei tusenårshending i Japan, ikke globalt.

Meir hjå BBC, som også har rettane til biletet.