Posts Tagged 'internasjonalt samarbeid'

Jörn Thiede heidra

Jörn ThiedeProfessor Jörn Thiede har fått Den norsk-tyske Willy-Brandt-stiftelsens sin pris, Willy Brandt-prisen, for 2011, saman med journalisten Therese Bjørneboe. Prisen vert kvart år delt ut til ein tyskar og ein nordmann som har gjort ein særleg innsats for å utvikle dei norske-tyske forbindelsane. Les meir om prisen her.

Jörn Thiede født i 1941, er paleontolog av utdanning, og var direktør ved Alfred Wegener Institut für Polar- und Meereskunde i Bremerhaven frå 1997 til 2007. Han har dei siste åra særleg arbeidd med å få etablert ESFRI-prosjektet Aurora Borealis, ein stor fellesfinansiert forskningsisbrytar. Han var universitetslektor/førstelektor ved UiB frå 1973-1975, professor i historisk geologi ved UiO 1977 til 1982, og har hatt tett kontakt med det geologiske miljøet i Norge sidan, mellom anna har han vore professor II ved UNIS.

Jörn kjem til UiO 8. februar i høve Alfred Wegener-seminaret.

Reklame

Geoengineering og klimamanipulering

Jón Egill KristjánssonInstituttet deltek i eit stort EU-prosjekt om «geoengineering» – tekniske inngrep for å motverke klimaendring. Prosjektet, «Implications and risks of engineering solar radiation to limit climate change (IMPLICC)» er ein del av det sjuende rammeprogrammet og har fem partnerar frå dei fremste europeiske forskingsmiljøa på dette feltet. Dei inngrepa prosjektet ser på er reflektorar i verdsrommet, innsprøyting av svovel i stratosfæren og innsprøyting av sjøsalt i atmosfæren for å auke mengda av låge skyer. Professor Jón Egill Kristjánsson ved Avdeling for meteorologi og oseanografi leier arbeidet ved UiO. Han deltok i to «Ekko»-innslag i P2 denne veka. For dei som gjekk glipp av dette har vi podcast av sendingane her:
3. nov kl 13:40: Viten: Klima – Vår magiske virkelighet
4. nov kl 9:03: Klimamanipulering.

Om å måle elvestraum frå verdsrommet

St. Lawrence RiverVår Andreas Kääb og Terry Prowse frå Environment Canada har nett publisert eit banebrytande arbeid om å måle straumvektorar i elv frå verdsrommet i «Geophysical Research Letters»: «Cold-regions river flow observed from space». Dei har nytta målingar frå satelittane Terra (ASTER-data – radiometer), ALOS (stereobilete) og IKONOS (stereobilete) av is i rørsle, og har dermed kunne lage augneblikksbilete av straummønsteret over store strekningar. Eksempla i artikkelen er 80 kilometer av St. Lawrence River inkludert munningen ved Quebec, og 50 km av Mackenzie. Prosjektet er ei samfinansiering med tilskot frå Forskningsrådet, ICG, canadiske forskningsrådsmedel og International Polar Year. Meir informasjon finn du her, eller ved å ta kontakt med Andi.

Gjengen som ikkje manglar snø

AustfonnaFolka våre er også i år på plass på Austfonna. Som dei fleste vil vite er det den store iskappa, den sjuande største i verda, på Nordaustlandet på Svalbard. Her gjer dei bakkemålingar for Cryosat og andre glasiologiske undersøkingar frå ein teltcamp midt inne på breen. Ein rapport frå arbeidet finn du på Cryosatbloggen, her. Biletet er teke av Thomas Vikhamar Schuler, som var med i fortroppen som oppretta leiren i påsken.

Sterk avsmelting frå arktiske brear

AustfonnaI ein artikkel i siste Nature dokumenterar ei kanadisk/norsk/nederlandsk/amerikansk forskargruppe stor auke i avsmelting og massetap frå breane i kanadisk arktis dei siste åra. Artikkelen er «Sharply increased mass loss from glaciers and ice caps in the Canadian Arctic Archipelago», Alex S. Gardner, Geir Moholdt, Bert Wouters, Gabriel J. Wolken, David O. Burgess, Martin J. Sharp, J. Graham Cogley, Carsten Braun & Claude Labine. Vår mann i gruppa er Geir Moholdt, som disputerte i januar, og som no er postdoktor ved Scripps Institute of Ocanography.

Området som er studert er breane i kanadisk arktis, det vil seie øyene mot Nordvestpassasjen. Det samla brearealet er sammen 148 000 kvadratkilometer, nesten halvparten av Norges totalareal, og perioden som er studert er 2004 til 2009. Forskarane har nytta tre ulike og uavhengige måleteknikkar for å estimere endingane i brevolum. Geir Moholdt har nytta lasermålingar frå satelitten ICESat – dette er del av doktorgradsarbeidet hans. Nederlenderane har nytta gravitasjonsmålingar fra GRACE-satellitten, som registrerar endringar i tyngefeltet, medan den nordamerikanske gruppa har nytta tradisjonelle bremålingar og modellering basert på klimadata. Denne metoden kan nyttast frå 60-talet og fram til i dag. Over dei seks åra har breane mista 2.5 m i snitt, og tapet har vore klart størst dei tre siste åra. Seks år er alt for lite til å gje ein sikker langtidstrend, men arbeidet viser for det fyrste at desse breområdene reagerar snøgt på klimasignal og at denne regionen no den viktigaste kjelda til havnivåauke utanom Grønland. I tillegg viser dette forskningsarbeidet at dei tre uavhengige målemetodane gjev sammenliknbare resultat.

Pressemelding om arbeidet finn du her.

Den stille veka

EGUDen stille veka på Institutt for geofag er ikkje påskeveka, men EGU-veka. Denne veka møtes tusener av forskarar frå heile verda, og særleg frå Europa, til den årvisse generalforsamlinga i European Geoscience Union i Wien. Her legg dei fram forskninga si, møter gamle og nye kollegaer og diskuterar dei store spørsmåla og utfordringane innan geofaga. Ikkje minst er dette ein god møtestad for unge forskarar, som kan presentere prosjekta sine medan dei er undervegs, i postersesjonar. For alt eg veit kan det vel verte tid til ein kvitvin på byen óg.

Norske media har lite om denne viktige vitskaplege samlinga, men BBC Science har eigen vitskapsjournalist i Wien som rapporterar dagleg. Saker BBC har teke opp så langt denne veka er den snøgge smeltinga av breane i Sør-Amerika, planane til det internationale Integrated Ocean Drilling Program (IODP) om å bore for å ta opp 1.5 km kjerneprøver frå Chicxulub-krateret i Mexico, og det tunne ozon-laget i nordområda i år på grunn av den kalde vinteren. Chicxulub-nedslaget for 65 millionar år er enormt – krateret er 180 km i diameter, og mange meiner at det var det som tok knekken på dinosaurane. BBC-oppslaget om ozon har intervju med Geir Braathen frå WMO, tidlegare forskningssjef på NILU.

Nyhendestraumen (med video) frå EGU finn du her.

Vitjing frå prærien

Norse nationUte på prærien i Midt-Vesten, i Iowa, ligg Decorah, ein liten «norsk» by med vel 8000 innbyggarar. For norskamerikanerar er byen særleg kjent for Decorah-Posten, norsk avis som vart utgjeven frå 1874 til 1972, slektgransking på biblioteket, og Luther College. Luther College vart grunnlagt av norske innvandrarar i 1861 og feirar dermed jubileum i år. Det er altså berre 50 år yngre enn UiO – rektor Ottersen har nett vitja dei i høve jubileet. Det er eit «liberal arts» college, altså bachelor-høgskule, og talet på studentar har vokse frå 16 til 2500. I januar tilbyr dei «danningskurs» for sisteårstudentar i utlandet. Ei av klassane, to lærarar og 25 studentar frå all slags fagområde, vitja oss i januar etter å ha vore i Tyskland og Danmark. Kurset var «Advanced Models of Sustainability», som har fokus på fornybar energi. Hjå oss lærde dei om norsk vasskraft – produksjon og marknad, om konflikter rundt vasskraftutbygging og monstermastdebatten. Det var mitt tilskot. Vidare hadde dei forelesingar om smarte gatelys i Oslo og Hynor – den norske hydrogenvegen (frå Stavanger til Oslo). Dagen etter diskuterte dei Lofoten og oljeutvinning med Natur og ungdom. For den som måtte vere intessert: Kurset er på fire US credits og kostar 3800 USD …

Biletet: «Norse Nation», frå heimesidene til Luther College.

Samarbeid med Vietnam National University om geohazards

VNU14. juni var det underteikna ein trekantavtale om samarbeid innan undervisning og forsking innan naturfarar mellom Vietnam National University (VNU), NGI og UiO, og ein generell samarbeidsavtale mellom VNU og UiO. Samarbeidet har finansiell støtte frå UD, og dei to landa ser på dette som så viktig at både miljøvernminister Solheim og visestatsminister Huang Trung Hai var til stade ved underteikninga her i Oslo. Pressemeldinga frå UD finn du her.

I høve underteikninga vart vi vitja av ein delegasjon frå VNU, det var rektor Mai Throng Nhuan (geokjemikar og også leiar for Department of Geoenvironment), viserektor Nguyen Hoang Luong, (faststoff-fysikar), Nguyen Van Vuong, Dean of Faculty of Geology (tektonikk og geodynamikk) og Vu Quoc Huy, Dean, Faculty of Development Economics. Fokus for samarbeidet vil i fyrste omgang være hjelp til å bygge opp eit engelskspråkleg masterprogram i Hanoi tilsvarande vår linje «Environmental Geology and Geohazards», og student- og lærarutveksling i samband med dette. Delegasjone sette ellers stor pris på å møte dei vietnamesiske doktorkandidatane våre, Phan og Pham.
Biletet: Valérie og rektor Nhuan i livleg diskusjon.

Nordisk toppforskningssenter til Jon Ove Hagen

Vinnerene Under sluttkonferansen for Det internasjonale polaråret (IPY) vart vinnarane av tre nordiske toppforskningssenter innan «Interaction between Climate Change and the Cryosphere» annonsert. Dei tre sentra er SVALI – Stability and Variations of Arctic Land Ice, leia av Jon Ove Hagen, DEFROST (biogeokjemi og permafrost), leia av Torben R. Christensen, Lunds Universitet og CRAICC – Cryosphere-Atmosphere Interactions in a Changing Arctic Climate, leia av Markku Kulmala, University of Helsinki. Dei tre sentra deler 100 mill kroner mellom seg over prosjektperioden på fem år. I tillegg til å ha prosjektleia for SVALI er vi representert i DEFROST med Bernd Etzelmüller og CRAICC med Jón Egill Kristjánsson, og toarane våre, Hanne Christiansen (UNIS) og Øystein Hov og Trond Iversen (met.no) har sentrale roller. Meir om sentra finn du i Magnus Friberg sin presentasjon ved tildelingsseremonien 10. juni. og på heimesidene til Nordforsk. Våre beste gratulasjonar til Jon Ove og alle involverte!
På bileta: Feiring
Frå utdelinga, frå venstre: Torben R. Christensen, Lund, Magnus Friberg, leder av ICCCs programkomité, Michael Andersson, Nordforsk, Jon Ove Hagen, UiO, Caroline Leck, Stockholms Universitet, og Andreas Stohl, NILU.
Frå feiringa, frå venstre: Anne Hormes, UNIS, Jon Ove Hagen, UiO, Christoper Nuth, UiO, Jack Kohler, NPI og Thomas Vikhamar Schuler, UiO.

The cryosphere kid

Does sending a geography student to Norway offer the answer to fostering Arctic scientists of the future? «Canadian Geographic» har vore med Robert Way, ein av dei kanadiske utvekslingsstudentane i CryoEx-programmet (leia av Bernd Etzelmüller), på strabasane hans i den norske fjellheimen. Les om opplevingane hans her.