Posts Tagged 'infrastruktur'

Skjeggestad bru og kvikkleira

FarekartDet er mykje kvikkleire i Norge, over store deler av arealet som er under øvre marine grense. Kvikkleire som er i sin opphavelege posisjon er i grunnen dømt til å rase ut etter kvart som havsaltet som stabiliserer henne vaskast ut. Dette er ein langsam prosess, over årtusener, og på ein gjeven stad er eit leirfall ein sjeldan hendelse som det er vanskeleg å føreseie. For lineær infrastruktur som vegar og jarnveg vert biletet eit anna – det er stor sannsynlegheit for at ein strekning vert råka i levetida til strukturen.

Etter leirfallet ved Skjeggestad bru sit ein utanforståande som eg att med to funderingar: Den eine – burde ikkje bruer i leirskredutsette områder vere fundamentert og dimensjonert med tanke på leirskred, eller i det minste ha varslingssystem for rørsle i grunnen? Den andre: Det ser ut til at det allereide hadde vore utgliding i terrenget ved brua – det er snakk om synkehol eller utgliding langs elva. Likevel køyres ein bulldosar ut for planere, eit potensielt svært farleg oppdrag, utan varsling av kommune eller vegvesen, og utan geotekniske undersøkingar. Det ser ut til at risikobiletet rundt leirskred er dårleg forstått, sjølv mellom dei som arbeider i «frontlinja» i slike høve.

Biletet: Eit utsnitt av farekartet for leirskred (http://atlas.nve.no) for området rundt Skjeggestad bru. Som vi ser er i området rett ved brua merka av, men like nord og sør for brua er det to soner med ulik fareklasse.

Reklame

Geologibygningen

Det er ikkje nye garderobeskåp som tek opp plassen i vestibylen i Geologibygningen om dagen, men nye hovudtavler. Det skal altså skiftast tavler og stigeledningar. Tavlene vil verte innstallert komande helg. Straumen vert teken i to-tida på fredag, men skal vere attende til arbeidsstart på måndag. Instituttet sine serverar vert flytt til CIENS. Det vert avbrot på dei heimeområdene som ligg på desse, det gjeld fyrst og fremst fellesområda til instituttet. Arnstein Orten er vår mann på saka, og vil til ei kvart tid vere den som har best oversikt over den aktuelle situasjonen. Han kjem også til å melde frå når serverane våre er oppe og går att.

– og samstundes vil vi minne om ryddinga i bomberomet!

Pengar til avansert vitskapleg utstyr utdelt

Då er tildelinga til tungt avansert vitskapleg utstyr klar. Til MatNat kom det berre ei løyving, «Norwegian High-Throughput Sequencing Centre» ced CEES/Biologisk institutt fekk 23 millionar. Instituttet får trøyste seg med at NGIs søknad om «SAFFT – Shearing, fracturing and flow in geomaterials related to petroleum reservoirs, CO2 storage and geothermal energy production» gjekk inne, vi er partner på denne. Heile lista finn du her.

Oppgradering av mikrosonden

Muriel Eramberts søknad til UiOs interne finansiering av avansert vitskapleg utstyr i kostnadsråma 1 til 5 mill», «New EDS and new software to the Electron Microprobe» er innvilga. Dette  er ein svært velkomen og viktig oppgradering. Det var berre 11 utstyrssøknader som vart innvilga totalt, fire ved MatNat, så nålauget var trongt!