Posts Tagged 'havnivå'

Munch, havnivå og landheving

SkrikVerknad av klimaendringar har fått ein uventa plass i den kulturpolitiske debatten (krangelen) om plasseringen av det nye Munch-museet. To innlegg i Aftenposten, fyrst Axel Mykleby (Blue Shield Norge) 7. november og no Jeremy B. Hutchings og Erling Skaug (begge UiO) 14. november meiner Lambda er særleg utsett for flaum frå Akerselva og stormflo i fjorden på grunn av havnivåstigning. Flaum i Akerselva påverkar ikkje vassnivået i Bjørvika, så den suta kan vi la ligge.

Når det gjeld havnivåstigning kom Kartverket i vår med ein ny forskningsrapport – «Estimates of Future Sea-Level Changes for Norway». Halfdan Pascal Kierulf (deltidsstilling ved Institutt for geofag) er ein av forfatterane. Denne gjev ein prognose for endringar som skuldast temperaturauke og bresmelting på 44 cm over 100 år for Oslo, og samtidig ei landheving og geoide-endring som tilsvarar -54 cm. altså ei netto senking av havnivået på 10 cm. For Stavanger og Bergen er det derimot ein netto auke i havnivået, på 28 og 23 cm. No er det sjølvsagt stor usikkerheit i desse prognosene, og rapporten gjev også ein ekstrem-prognose på 83 cm, basert på 6 grader oppvarming og oppskalerte tilskot frå Grønlandsisen og Antarktis. Likevel ser det nok ut til at Munch ikkje treng uroe seg meir for flaum enn andre naturkatastrofar anten samlinga hamnar ved fjorden eller på Tøyen.

«Skrik» kan ellers vere inspirert av dei raude solnedgangane som oska i atmosfæren frå Krakatoa-utbrotet i 1883 ga – så det er ein samanheng mellom geofag og kunst.

Advertisements

Sterk avsmelting frå arktiske brear

AustfonnaI ein artikkel i siste Nature dokumenterar ei kanadisk/norsk/nederlandsk/amerikansk forskargruppe stor auke i avsmelting og massetap frå breane i kanadisk arktis dei siste åra. Artikkelen er «Sharply increased mass loss from glaciers and ice caps in the Canadian Arctic Archipelago», Alex S. Gardner, Geir Moholdt, Bert Wouters, Gabriel J. Wolken, David O. Burgess, Martin J. Sharp, J. Graham Cogley, Carsten Braun & Claude Labine. Vår mann i gruppa er Geir Moholdt, som disputerte i januar, og som no er postdoktor ved Scripps Institute of Ocanography.

Området som er studert er breane i kanadisk arktis, det vil seie øyene mot Nordvestpassasjen. Det samla brearealet er sammen 148 000 kvadratkilometer, nesten halvparten av Norges totalareal, og perioden som er studert er 2004 til 2009. Forskarane har nytta tre ulike og uavhengige måleteknikkar for å estimere endingane i brevolum. Geir Moholdt har nytta lasermålingar frå satelitten ICESat – dette er del av doktorgradsarbeidet hans. Nederlenderane har nytta gravitasjonsmålingar fra GRACE-satellitten, som registrerar endringar i tyngefeltet, medan den nordamerikanske gruppa har nytta tradisjonelle bremålingar og modellering basert på klimadata. Denne metoden kan nyttast frå 60-talet og fram til i dag. Over dei seks åra har breane mista 2.5 m i snitt, og tapet har vore klart størst dei tre siste åra. Seks år er alt for lite til å gje ein sikker langtidstrend, men arbeidet viser for det fyrste at desse breområdene reagerar snøgt på klimasignal og at denne regionen no den viktigaste kjelda til havnivåauke utanom Grønland. I tillegg viser dette forskningsarbeidet at dei tre uavhengige målemetodane gjev sammenliknbare resultat.

Pressemelding om arbeidet finn du her.

Brear og havnivå

GlaciodynDagens doktordisputas er Chris Nuth som disputerte med avhandlinga «Quantification and interpretation of glacier elevation changes». Prøveforelesinga var «How level is the sea». Chris sitt doktorarbeide er knytta til IPY-prosjektet GLACIODYN, og tek for seg avsmelting på breane på Svalbard, og kor mykje dette betyr for havnivået. Han kombinerar fjernmålingsmetodar og bakkemålingar på nye måtar, og kjem slik fram til både betre estimat for utviklinga av breane på Svalbard, og ny metodikk som kan brukast over heile verda. Meir om arbeide til Chris finn du her.

Vil du fylgje breforskarane våre i felt, så ta ein titt på denne videoen.

Best på isbrear

Jon Ove HagenProfessor Jon Ove Hagen vann som kjent eitt av dei tre nordiske toppforskningssentra innan kryosfære og klima, NCoE SVALI – Stability and Variations of Arctic Land Ice, med konsortiet sitt. I jubileumsmagasinet til Nordforsk vert han presentert saman med sentret. Les her.

Magasinet inneheld ellers mykje leseverdig, heile magasinet finn du her.