Posts Tagged 'glasiologi'

Kvifor geofag?

Vindkraftverk på Huhnsrück

Dersom du står framfor det viktige valet av studium og framtidig arbeidsfelt, og oppteken av dei store miljøutfordringane i verda i dag bør du sjå på studieretningane i geofag. Her er ei liste over miljøspørsmål der geofaga står sentralt:

  • Klima og klmaendringar
  • Naturfare – flaum, skred, stormar, jordskjelv, vulkanutbrot, tsunami, tørke
  • Naturressursar – mineral, vatn, olje, kol, gass
  • Fornybar energi – vasskraft, vind, sol, hav
  • Vatnressursar og vassdragsforvaltning

I tillegg lærer du å forstå landskapet og kva som har forma det, om hav og atmosfære, om hydrosfære og kryosfære, om jordas historie og jordas indre. Velkomen til geofagstudiet!

Foto: NRS

Nansenbelønninga til Jon Ove Hagen

Jon Ove HagenProfessor Jon Ove Methlie Hagen,Institutt for geofag ved UiO, fekk fredag 10.10.2014, på Fridtjof Nansens fødedag, tildelt Nansenbelønninga, eller Framkomiteens Belønning for Polarforskning som det formelt heiter.

Utdrag frå komiteen si grunngjeving:

Professor Jon Ove Methlie Hagen har mer enn 25 års erfaring innen feltet glasiologi med hovedfokus på studier av hvordan arktiske isbreers masse øker eller minker over tid. Han er en ledende norsk glasiolog som gjennom sin forskning har vært med på å gi meget viktige bidrag til bedre å forstå hvordan våre breer og ikke minst våre store isdekker vil respondere på fremtidige klimaendringer.

Prisen vart utdelt av Ole Petter Ottersen, rektor ved UiO.

Til lukke, Jon Ove! Dette er vel fortent!

Studér geofag!

hemisphere eastFrist for søknad til samordna opptak er like rundt hjørnat. Er du interessert i realfag så er geofag eit sikkert valg – aldri har vel kunnskap den blå planeten vore så aktuell som i dag. Klima, energi, miljø, naturessursar, naturfarer – alt finn du innan geofagstudia.




Geofag ved Universitetet i Oslo:
http://www.uio.no/studier/program/geofag/
http://www.uio.no/studier/program/fam/
Fotomosaikk: NASA

ERC Advanced Grant til Andreas Kääb

AndiAndreas Kääb, professor i naturgeografi ved Institutt for geofag, har fått innvilga Advanced Grant-prosjektet “Global Glacier Mass Continuity – ICEMASS” frå European Research Council. Prosjektet tek mål av seg til å kartlegge og analysere endringane i bremasse ved hjelp av fjernmåling (laser og radar frå satelitt) og kombinere dette med digitale terrengmodellar med tanke på etablere ein global massebalanse for brear. Dette vil vere eit viktig bidrag til å kartlegge klimaendringar, til å fastlegge verknaden av bresmelting på havnivåendringar, til å kvantifisere tilskotet frå bre til vassføring i elvane, og betre modellane for isostatiske endringar.

Advanced Grants er reine grunnforskningsprosjekt over fem år, med ei øvre råme frå ERC på 3,5 mill EUR. Desse topp-prosjekta har høg presisje i forskningsmiljøa, og dette er det andre geofag-tildelingen av Advanced Grants på UiO – det fyrste var Trond Torsvik sitt prosjekt “Beyond Plate Tectonics”.

Vi gratulerer Andi og gruppa hans – og solar oss i atterskinet!

ERC Advanced Grants allow exceptional established research leaders of any nationality and any age to pursue ground-breaking, high-risk projects that open new directions in their respective research fields or other domains. The ERC Advanced Grant funding targets researchers who have already established themselves as independent research leaders in their own right. European Research Council

Kongens gullmedalje til Geir Moholdt

Geir MoholdtGeir Moholdt får Hans Majestet Kongens gullmedalje for avhandlinga “Elevation change and mass balance of Svalbard glaciers from geodetic data” (”Høydeendring og massebalanse av isbreene på Svalbard beregnet fra geodetiske data”). Moholdt brukte målingar frå ICESat og bakkemålingar for å bestemme romfordelinga av endringane i massebalansen for breane over heile Svalbard, og metodane han utvikla i doktoravhandlinga er sentrale i Nature-artikkelen “Sharply increased mass loss from glaciers and ice caps in the Canadian Arctic Archipelago” Alex S. Gardner, Geir Moholdt, Bert Wouters et al. Geir Moholdt er no postdoktor ved Scripps Institution of Oceanography, UC San Diego.

Gullmedaljen vert utdelt ved Universitetet sin årsfest 31. august. Les pressemeldinga frå UiO her.

Gratulasjonar til Geir!

Foto: Thorben Dunse

Sommar på Grønland

NASA Earth ObservatoryGrønland, vår store granne i vest, har ikkje eit særleg gjestfritt klima – det har nordmenn lange røynsler med. Det ligg likevel lengre sør enn kva Europa-sentrerte kart gjev inntrykk av, frå 59° 45′ på Kapp Farvel (som Oslo) til 83° 36′ i nord. Vêret på Grønland har ein tendens til å vere i motfase med Skandinavia, så no når vi har hatt ein dårleg sommar er det ikke overraskande at Grønland har hatt ein uvanleg varm sommar. Midt i juli var det varmegrader til topps på Summit, 3216 moh på 72° N, og snøsmelting over heile brekappa – ein svært uvanleg situasjon. Den våte snøen vart registrert av jordovervakningssatelittane, og NASA publiserte endringa av arealet med våt snø frå 8. til 12. juli som “Image of the Day” 25. juli. Dette vart mellom anna fanga opp av Dagbladet, og det er interessant å samanlike den nøkterne pressemeldinga frå NASA med det noko meir sensasjonsprega oppslaget i Dagbladet, som gjev inntrykk av ein dramatisk nedsmelting av Grønlandsisen:
NASA
Dagbladet

Det sagt, så skal vi ikkje klage over at media interesserar seg for geofag og klima!

Bilete frå NASA Earth Observatory

Kryosfærekriminalitet

BøyabreenBBC melder at ein mann er arrestert i Chile for å ha stole fem tonn is frå Jorge Montt-breen i Patagonia. Isen var tenkt nytta til whisky-on-the-rocks i Santiago. Verdet på lasta er oppgjeve til 3 mill pesos, ca 30000 kr. I fylgje dette skulle Jostedalsbreen, som har eit volum på 73 km3, ha ein marknadsverdi på 400 000 000 000 000 kr …
Foto: Bøyabreen (NRS)

Høgsesong for disputasar

TorborgEin månad ut i året har vi allereide hatt tre doktordisputasar. Fyrst ut var Lars Eivind Augland, med avhandlinga “Intercontinental interactions between Baltica and Laurentia – Terrane identifications and correlations in the Caledonides”. sa har vi på løpande band hatt Misganu Debella-Gilo med avhandlinga “Matching of repeat remote sensing images for precise analysis of mass movements” og Torborg Heid over temaet “Deriving glacier surface velocities from repeat optical images”. Vi gratulerar dei nye doktorane og rettleiarane deira. For den som vil ha snøgge innføringar i kva som skjer på forskningsfronten i geofaga er prøveforelesningane eit flott tilbod. Prøveforelesningane til desse tre var til dømes: “Exhumation of high grade metamorphic rocks”, “Laser scanning in geosciences” og “Remote sensing of changes in surface velocities of Greenland outlet glaciers, and what may be influencing these changes”. Og tru meg, desse førelesningane er av høg klasse!

Seminar om vatn

SnølandskapI klima- og miljø-veka i høve UiO sitt 200-års jubileum arrangerer Institutt for geofag og Det matematisk-naturvitskapelege fakultet to seminar med tema vatn. Desse er:

Onsdag 18 mai kl 15-17:
Den frosne verden – kryosfæren
Kryosfære: hva det er, hvorfor og hvordan vi utforske den – Thomas Vikhamar Schuler
Permafrost i Norge: tinende topper og minkende multemyrer – Karianne Staalesen Lilleøren
A short history of Svalbard glacier evolution – Christopher Nuth

Torsdag 19. mai kl 15-17:
Vann og klima
Vann som motor i vær og klima – Frode Stordal
Vannressurser og ekstremer i Europa – Lena M. Tallaksen
Norge: Varmere, våtere, villere? – Nils Roar Sælthun

Alle er velkome. Begge seminara vert haldne i Auditorium I i Geologibygningen.

Om å måle elvestraum frå verdsrommet

St. Lawrence RiverVår Andreas Kääb og Terry Prowse frå Environment Canada har nett publisert eit banebrytande arbeid om å måle straumvektorar i elv frå verdsrommet i “Geophysical Research Letters”: “Cold-regions river flow observed from space”. Dei har nytta målingar frå satelittane Terra (ASTER-data – radiometer), ALOS (stereobilete) og IKONOS (stereobilete) av is i rørsle, og har dermed kunne lage augneblikksbilete av straummønsteret over store strekningar. Eksempla i artikkelen er 80 kilometer av St. Lawrence River inkludert munningen ved Quebec, og 50 km av Mackenzie. Prosjektet er ei samfinansiering med tilskot frå Forskningsrådet, ICG, canadiske forskningsrådsmedel og International Polar Year. Meir informasjon finn du her, eller ved å ta kontakt med Andi.