Posts Tagged 'geomatikk'

Studér geofag!

hemisphere eastFrist for søknad til samordna opptak er like rundt hjørnat. Er du interessert i realfag så er geofag eit sikkert valg – aldri har vel kunnskap den blå planeten vore så aktuell som i dag. Klima, energi, miljø, naturessursar, naturfarer – alt finn du innan geofagstudia.




Geofag ved Universitetet i Oslo:
http://www.uio.no/studier/program/geofag/
http://www.uio.no/studier/program/fam/
Fotomosaikk: NASA

Reklame

Høgsesong for disputasar

TorborgEin månad ut i året har vi allereide hatt tre doktordisputasar. Fyrst ut var Lars Eivind Augland, med avhandlinga «Intercontinental interactions between Baltica and Laurentia – Terrane identifications and correlations in the Caledonides». sa har vi på løpande band hatt Misganu Debella-Gilo med avhandlinga «Matching of repeat remote sensing images for precise analysis of mass movements» og Torborg Heid over temaet «Deriving glacier surface velocities from repeat optical images». Vi gratulerar dei nye doktorane og rettleiarane deira. For den som vil ha snøgge innføringar i kva som skjer på forskningsfronten i geofaga er prøveforelesningane eit flott tilbod. Prøveforelesningane til desse tre var til dømes: «Exhumation of high grade metamorphic rocks», «Laser scanning in geosciences» og «Remote sensing of changes in surface velocities of Greenland outlet glaciers, and what may be influencing these changes». Og tru meg, desse førelesningane er av høg klasse!

Om å måle elvestraum frå verdsrommet

St. Lawrence RiverVår Andreas Kääb og Terry Prowse frå Environment Canada har nett publisert eit banebrytande arbeid om å måle straumvektorar i elv frå verdsrommet i «Geophysical Research Letters»: «Cold-regions river flow observed from space». Dei har nytta målingar frå satelittane Terra (ASTER-data – radiometer), ALOS (stereobilete) og IKONOS (stereobilete) av is i rørsle, og har dermed kunne lage augneblikksbilete av straummønsteret over store strekningar. Eksempla i artikkelen er 80 kilometer av St. Lawrence River inkludert munningen ved Quebec, og 50 km av Mackenzie. Prosjektet er ei samfinansiering med tilskot frå Forskningsrådet, ICG, canadiske forskningsrådsmedel og International Polar Year. Meir informasjon finn du her, eller ved å ta kontakt med Andi.

Sterk avsmelting frå arktiske brear

AustfonnaI ein artikkel i siste Nature dokumenterar ei kanadisk/norsk/nederlandsk/amerikansk forskargruppe stor auke i avsmelting og massetap frå breane i kanadisk arktis dei siste åra. Artikkelen er «Sharply increased mass loss from glaciers and ice caps in the Canadian Arctic Archipelago», Alex S. Gardner, Geir Moholdt, Bert Wouters, Gabriel J. Wolken, David O. Burgess, Martin J. Sharp, J. Graham Cogley, Carsten Braun & Claude Labine. Vår mann i gruppa er Geir Moholdt, som disputerte i januar, og som no er postdoktor ved Scripps Institute of Ocanography.

Området som er studert er breane i kanadisk arktis, det vil seie øyene mot Nordvestpassasjen. Det samla brearealet er sammen 148 000 kvadratkilometer, nesten halvparten av Norges totalareal, og perioden som er studert er 2004 til 2009. Forskarane har nytta tre ulike og uavhengige måleteknikkar for å estimere endingane i brevolum. Geir Moholdt har nytta lasermålingar frå satelitten ICESat – dette er del av doktorgradsarbeidet hans. Nederlenderane har nytta gravitasjonsmålingar fra GRACE-satellitten, som registrerar endringar i tyngefeltet, medan den nordamerikanske gruppa har nytta tradisjonelle bremålingar og modellering basert på klimadata. Denne metoden kan nyttast frå 60-talet og fram til i dag. Over dei seks åra har breane mista 2.5 m i snitt, og tapet har vore klart størst dei tre siste åra. Seks år er alt for lite til å gje ein sikker langtidstrend, men arbeidet viser for det fyrste at desse breområdene reagerar snøgt på klimasignal og at denne regionen no den viktigaste kjelda til havnivåauke utanom Grønland. I tillegg viser dette forskningsarbeidet at dei tre uavhengige målemetodane gjev sammenliknbare resultat.

Pressemelding om arbeidet finn du her.

Brear og havnivå

GlaciodynDagens doktordisputas er Chris Nuth som disputerte med avhandlinga «Quantification and interpretation of glacier elevation changes». Prøveforelesinga var «How level is the sea». Chris sitt doktorarbeide er knytta til IPY-prosjektet GLACIODYN, og tek for seg avsmelting på breane på Svalbard, og kor mykje dette betyr for havnivået. Han kombinerar fjernmålingsmetodar og bakkemålingar på nye måtar, og kjem slik fram til både betre estimat for utviklinga av breane på Svalbard, og ny metodikk som kan brukast over heile verda. Meir om arbeide til Chris finn du her.

Vil du fylgje breforskarane våre i felt, så ta ein titt på denne videoen.

Mangel på geokompetanse

geomatikkDet er stor etterspurnad etter geofagleg kompetanse i samfunnet. Tekniske Ukeblad har i dag eit oppslag med tittelen «Vill jakt på kartdata-hoder» der hovudmeldinga er at bransjen er bekymra for framtida sidan prosjekta og utfordringane står i kø medan rekrutteringa sviktar. Samtidig leitar oljebransen både etter nye funn og norske fagfolk. Tilsvarande meldingar får vi frå andre miljøa som rekrutterar frå faget vårt. Geofag opnar dørane til arbeidslivet!

Gjesteforelesning om terrenganalyse og naturfare

Dr. Richard Pike, USGS, gjev torsdag 6. mai kl 14:15 ei gjesteforelesning over temaet «Debris Flows in Guatemala from Hurricane Mitch Localized by Wind-driven Rainfall?». Stad: Aud III, Geologibygget. Samandrag.

Ny gratis global terrengmodell

NASA og Japans Ministry of  Economy, Trade and Industry annonserte 29. juni at dei har produsert ein global terrengmodell basert på ASTER-målingar som er lagt ut i public domain. Oppløysinga er 30 m og formatet er GeoTIFF. Frå heimesidene til NASA:

ASTER Global Digital Elevation Map Announcement

Japan’s Ministry of Economy, Trade and industry (METI) and NASA announced the release of the ASTER Global Digital Elevation Model (GDEM) on June 29, 2009. The GDEM was created by stereo-correlating the 1.3 million scene ASTER VNIR archive, covering the Earth’s land surface between 83N and 83S latitudes. The GDEM is produced with 30 meter postings, and is formatted in 1 x 1 degree tiles as GeoTIFF files. Each GDEM file is accompanied by a Quality Assessment file, either giving the number of ASTER scenes used to calculate a pixel’s value, or indicating the source of external DEM data used to fill the ASTER voids.

http://asterweb.jpl.nasa.gov/gdem.asp