Det er storflom i Polen, både i Vistula og Oder med sideelvar, med gjennombrot i flomverka mange stader – som Sandomierz, Wroclaw og rundt Krakow og Warsawa. Det er ikkje så mykje organisert informasjon å finne, og det ser ut som om lokal varsling har fungert dårleg. Heimesidene til Institute of Meteorology and Water Management» har oversikt av vannstand på utvalgde hydrologiske målestader. Flomstørrelsen ser ut til å vere over hundreårsflommen mange sentrale stader. Det ser ut til at flomkuliminasjonen i dei øvre og midtre delene av vassdraga, ned til Torun i Vistula og Brzeg i Oder, har kuliminert, men vannstanden er aukande i dei nedre delene. Det er meldt mindre regn framover. Den forrige storflommen i Polen var i juli 1997. Den ser ut til å ha vore større i Oder, men mindre enn den noverande i Vistula.
Posts Tagged 'geohazards'
Storflom i Polen
Published 2010/05/24 Fagnytt , Uncategorized Leave a CommentStikkord:flom, geohazards
Siggi om Eyjafjallajökull
Published 2010/04/24 Instituttsaker Leave a CommentStikkord:formidling, geohazards, naturfenomen, vulkaner
Professor Sigurður R Gíslason frå systerinstituttet vårt på Háskóli Íslands, Jarðvísindastofnun Háskólans, held eit fascinerande foredrag om Eyjafjallajökull-utbrotet for eit fullpakka Forum i CIENS torsdag 22. april, med unike bilete og eigne video-opptak. Intervju med Siggi på VG-nett finn du her.
Gjesteforelesing om Eyjafjallajökull-utbrotetimages
Published 2010/04/21 Fagnytt , Instituttsaker Leave a CommentStikkord:geohazards, naturfenomen, vulkaner
Professor Sigurður R Gíslason frå systerinstituttet vårt på Háskóli Íslands, Jarðvísindastofnun Háskólans, held torsdag 22. april kl 15:15 ei gjesteforelesnng om det brennvarme temaet
The volcanic eruption in the Eyjafjallajökull volcano
Sigurður har med seg ferske foto og videoar frå utbrotet. Vi reknar med at denne forelesinga har brei interesse, og har lagt den til auditoriet Forum i CIENS-bygget (Forskningsparken) (kart). Forelesaren kjem rett frå Reykjavik, og som ein vil forstå er det ei viss usikkerheit knytta til om han når fram.
Vulkanoske og verdien av kunnskap
Published 2010/04/19 Funderingar Leave a CommentStikkord:geohazards, vulkaner
Det er ikkje enkelt å vurdere verdien av kunnskap og forsking. Vulkanutbrotet i Eyjafjallajökull har likevel gjeve oss eit godt døme på fylgjene av å ikkje ha nok kunnskap. Flytrafikken i Europa har stoppa opp – ikkje fordi det er naudsynt, men fordi vi ikkje har nok kunnskap. Vi har rettnok rimeleg bra atmosfæremodellar til å gje prognoser for utbreiingsområdet til oskeskya, men modellane kan ikkje gje detaljert informasjon, og det manglar overvakingssystem som kan gje informasjon om konsentrasjon, størrelse og samansetjing av oskepartiklane. Ein veit heller ikkje nok om kva som er terskelverdiar for skader av ulikt omfang på fly. Sivil luftfart arbeider naturleg nok under strenge tryggleikskrav. Når kunnskap om slike ytre påverkander som oskepartiklane manglar, må ein kompensere for dette med svært store tryggleiksmarginar. Verdien av auka kunnskap ligg i at ein kan redusere desse marginane utan at det går ut over tryggleiken.
Med meir kunnskap om denne naturhendinga (som måtte kome, og vil kome omatt) ville truleg flytrafikken i Europa berre hatt mindre avvik desse dagane.
Så er oska frå vulkanen under Eyjafjallajökull her. Ein fin demonstrasjon av kor fort luftstraumane i den øvre delen av troposfæren over Nordatlanteren går. Samstundes er det ei påminning om dei veldige kreftene i djupet under Island, krefter som driv kontinent frå kvarandre og som er i stand til setje Europa på ende på ein augneblink. Eit lite utbrot som dette lagar kaos i lufttransporten over store deler av Europa – ein kan då undras over kva verknad eit utbrot som Lakagigar-utbrotet i 1783-84 ville ha i dag. Ut over dei katastrofale verknaden det hadde på Island (over 20% av folket døydde i hungersnaud), ga klimaverknadene uår i Europa. Frå desse uåra kan ein lesa ei eit årsakskjede som fører til den franske revolusjonen, Napoleon, Napoleonskrigane, Grunnlova og unionen med Sverige …
Ny utvikling i vulkanutbrotet i Eyjafjallajökull
Published 2010/04/14 Fagnytt Leave a CommentStikkord:geohazards, naturfenomen, vulkaner
20. mars starta eit vulkanutbrot på Eyjafjallajökull på Sør-Island. Systerinstituttet vårt på Háskóli Íslands i Reykjavik, Jarðvísindastofnun Háskólans – Institute of Earth Sciences – har meir informasjon. Utbrotet er spektakulært, men i seg sjølv ikke dramatisk. Den dramatiske bakteppet er likevel at dei tre tidlegare utbrota i denne vulkanen i historisk tid (920, 1612, 1821) har vorte fylgd av utbrot i Katla. Katla er ein av dei farlegaste vulkanane på Island. I dag 14. april ser det ut til at utbrotet går inn i ein ny fase:
Eyjafjallajökull eruption: A new phase started on 14 April 2010
A new phase of the Eyjafjallajökull eruption started around midnight on the 14th of April, where melt penetrated its way to the central crater beneath the glacier. Bad weather makes visual observations difficult, but surveillance flights with radar and temperature sensors will shed light on the new conditions later today.
20. mars starta eit vulkanutbrot på Eyjafjallajökull på Sør-Island. Systerinstituttet vårt på Háskóli Íslands i Reykjavik, Jarðvísindastofnun Háskólans – Institute of Earth Sciences – har meir informasjon. Utbrotet er spektakulært, men i seg sjølv ikke dramatisk. Den dramatiske bakteppet er likevel at dei tre tidlegare utbrota i denne vulkanen i historisk tid (920, 1612, 1821) har vorte fylgd av utbrot i Katla. Katla er ein av dei farlegaste vulkanane på Island.
Det svært kraftige jordskjelvet i Chile 27. februar, styrke 8.8, er det femte største jordskjelvet sidan 1900. Det har ein energi som er mange hundre gonger så stor som Haiti-jordskjelvet i januar. At det er mindre katastrofalt enn Haiti-jordskjelvet skuldast både lokaliseringa og at Haiti-samfunnet er mykje meir sårbart enn Chile. Du finn meir på dei norske jordskjelvsidene, og ikkje minst hjå USGS. Tsunamivarselt finn du meir om på Pacific Tsunami Warning Centre.
I Dagsavisen 1. mars kommenterer Arild Andresen på jordskjelvet og tektonikken på Stillehavsranda.
Jordskjelvet på Haiti
Published 2010/01/20 Fagnytt Leave a CommentStikkord:geofysikk, geohazards, seismologi
Den som er interessert i dei geovitskapleg sidene av jordskjelvet finn informasjon på Norsars jordskjelvside jordskjelv.no, og i meir detalj hjå USGS.
IUGS uttalar:
TRAGIC EARTHQUAKE HITS HAITI
As we were going to press with this latest IUGS e-Bulletin, a magnitude 7.0 earthquake struck Haiti, near the city of Port-au-Prince on 12 January 2010 causing immeasurable loss of life and damage to critical infrastructure. As we usher in the year 2010, we are humbly reminded that many tragedies around the world often relate to the dynamic nature of planet Earth. As Earth Scientists, we all well appreciate the need to better understand the causes of natural hazards. It is terrible and unfortunate that events such as earthquakes, tsunamis, landslides and volcanic eruptions continue to impact such significant numbers of people around the world. Our collective efforts through geoscience education, practical field research and innovative studies can help to minimize the risks of natural hazards, reduce human vulnerability and enhance the safety of the global society. On behalf of the many geoscientists represented by the IUGS, we send our heartfelt condolences and sympathies to the many people affected by this recent catastrophe.