Posts Tagged 'geografi'



Tour de France og geologi

Sur l'oeil du géologueAlle som fylgjer Tour de France på TV kan ikkje unngå å verte slegne av kor variert landskapet er. Touren tek oss gjennom kystflatene, kulturlandskapet og fjellkjedene – Massif Central, Pyreneane og Alpane. Fantastisk turistreklame, og hjå mange reiser det vel også spørsmål om korleis dette landskapet har vorte forma. På heimesidene til touren, letour.fr, finn ein under etappebeskrivelsane også ein kort video for kvar etappe som gejv aktuell informasjon om geologien – «Sur l’oeil du géologue/Through the geologist’s eyes» – laga av BRGM, Frankrikes nasjonale geologi/geofag-institutt. På heimesidene til BRGM er det også ei samla oversikt over etappane og videoane på eit geologisk kart. Fin måte å nå ut til eit stort publikum på!

Advertisements

Om å måle elvestraum frå verdsrommet

St. Lawrence RiverVår Andreas Kääb og Terry Prowse frå Environment Canada har nett publisert eit banebrytande arbeid om å måle straumvektorar i elv frå verdsrommet i «Geophysical Research Letters»: «Cold-regions river flow observed from space». Dei har nytta målingar frå satelittane Terra (ASTER-data – radiometer), ALOS (stereobilete) og IKONOS (stereobilete) av is i rørsle, og har dermed kunne lage augneblikksbilete av straummønsteret over store strekningar. Eksempla i artikkelen er 80 kilometer av St. Lawrence River inkludert munningen ved Quebec, og 50 km av Mackenzie. Prosjektet er ei samfinansiering med tilskot frå Forskningsrådet, ICG, canadiske forskningsrådsmedel og International Polar Year. Meir informasjon finn du her, eller ved å ta kontakt med Andi.

Gjengen som ikkje manglar snø

AustfonnaFolka våre er også i år på plass på Austfonna. Som dei fleste vil vite er det den store iskappa, den sjuande største i verda, på Nordaustlandet på Svalbard. Her gjer dei bakkemålingar for Cryosat og andre glasiologiske undersøkingar frå ein teltcamp midt inne på breen. Ein rapport frå arbeidet finn du på Cryosatbloggen, her. Biletet er teke av Thomas Vikhamar Schuler, som var med i fortroppen som oppretta leiren i påsken.

Gode søkartal på Geofag

Antall primærskereSamordna opptak friga søkartala til høgare utdanning i dag. På landsbasis aukar talet på søkarar i snitt med 5.3% frå 2010 til 2011, og søkinga til realfag med 8.6%. På fakultetet aukar talet på primærsøkarar med 14%. På «våre» program er stoda at for Geofag: Geologi, geofysikk og geografi held den gode utviklinga fram, med 98 primærsøkarar, opp 18% frå i fjor, og meir enn ei fordobling frå 2005 (41 søkarar). Fysikk, astronomi og meteorologi, har ein liten nedgang frå i fjor, men har ser ut til å ha stabilisert seg på rundt 140 søkarar etter ein svak periode for nokre år sidan. Skal ein peike på ei negativ utvikling må det vere at lektorprogrammet i realfag har ein nedgang på 22%. Vi treng dyktige lærarar i realfag!

På dei andre lærestadane ser vi gjennomgåande ein auke for geologi-programma, og stor sett status quo for dei andre geofaga. Det er særleg hyggeleg å kunne gratulere Høgskulen i Sogn og Fjordane med ein auke frå 17 til 26 på det unge programmet i geologi og geofare!

Kjelde: Samordna opptak

Radioaktivitet og geografi

Dei norske skiskyttarane har fått kalde føter (det har dei sikkert ofte) når det gjeld å delta i skiskyttarshowet i Russland som avsluttar sesongen. Grunnen skal vere at det er er på Kamtsjatkahavøya, nærare bestemt i Petropavlovsk-Kamtsjatskij, og dei fryktar radioaktivitetet fra Fukushima-kraftverket. NRK melder at stadion berre ligg 300 km frå Japan.

Det er kanskje på tide at NRK og skiskyttarane oppdaterer karta sine. Mellom Japan og Kamtsjatka ligg øybogen Kurilane, og den nordlegaste øya ligg ca 300 km frå Petropavlovsk. Etter den andre verdskrigen annekterte Russland heile øyrekka, og grensa går nå heilt nede ved Hokkaido, 1400 km unna. Derfrå er det 800 km vidare til Fukushima, til saman 2200 km. Det er altså som om nokon skulle la være å stille opp i Holmenkollen dersom det var problem med eit kjernekraftverk i Spania.

Og eg som trudde at skiskyttarar var tøffe jenter og gutar!