Vi har no godkjent Frida-rapporten for vitskapleg publisering i 2009. Dette syner ein fin auke frå i fjor, vi har 187 DBH-godkjente vitskaplege publikasjonar, av desse to antologiar, resten artiklar. Av desse kjem ca 30 frå dei geofag-forskarane på PGP som ikkje har formell tilknyning til instituttet. I fjor var talet 154, altså ein auke på litt over 20%. For heile fakultetet var auken til samanlikning 7%. Lista vert toppa av Chongyu Xu med 24, Jan Inge faleide med 15 og Jens Jahren med 11. Dette er resultat som varierer frå år til år – det viktigaste er at vi no har eit godt nivå på publiseringa. Dette gjeld altså nivå 1 og 2-publikasjonar i DBH-systemet, og er langt frå heile sanninga. Tel vi all vitskapleg produksjon som er registrert i Frida og inkluderar konferansebidrag, populærvitskapelege artiklar, posterar o.l., er vi oppe i 482.
Posts Tagged 'Frida'
Siste import av ISI-publikasjonar til Frida var 26. januar, og den har truleg fått med seg det meste av 2009. Nå er det slik at importen ikkje går rett til Frida, men vert kvalitetssikra sentralt ved UiO, slik at det stadig siv inn nye artiklar. Eg ber likevel alle gå inn på Frida og sjekke om produksjonen for 2009 er på plass, og legge inn eventuelle restansar. Legg også inn publikasjonar, foredrag mm som ikkje gjev publiseringspoeng – på grunn av geofagevalueringa er det viktig at totalproduksjonen er dokumentert, og ikkje minst formidlingsaktivitetane.
I tillegg skal fylgjande registrerast:
- prisar
- forskningsopphald på over ei veke (inn og ut)
- forskningsterminar
- arrangementer (her tek vi med det aller meste, også interne seminar pga evalueringa)
Dersom du ikkje legg inn informasjonen sjølv, så send email med informasjon til instituttleiar eller Thor Thorsen, så skal vi sjå til at det vert registrert. Så sant det er mogeleg, ber eg om at de kvalitetssikrar publikasjonar i løpet av måndag, resten av informasjonen er det fint om kjem på plass i løpet av neste veke.
Frida: http://frida.uio.no
Dersom du loggar deg inn på Frida (eller andre system som nyttar Feide innloggingssystem) så får du no opp eit skjermbilete som syner fødselsnummeret ditt og varslar om at dette vert nytta som identifikasjon og dermed vert sendt til Frida. Dette kan få nokon kvar til å skvette og tenke seg om to gonger før ein loggar seg inn. Det ein skal vere klar over er at dette ikkje er noko nytt – fødselsnummeret har også vorte nytta tidlegare. Det som er nytt er at det vert informert om dette (etter pålegg frå Datatilsynet?)