Posts Tagged 'forskerutdanning'



Ny doktor

JulienDen 23. april forsvarte Julien Declercq avhandlinga si, «Dissolution rates and mechanisms; Experiments on alteration and reactivity of glasses and carbonates» for ph.d.-graden. Prøveforelesinga var «The long and short term Carbon Cycle – with emphasis on CO2 exchange between atmosphere and rocks». Vi gratulerer Julien og rettleiarane, Per Agaard, Eric Oelkers (CNRS/Université Paul Sabatier) og Jens Jahren!

Reklame

Stipendiatstillingar

Den strategiske stipendiattildelinga frå fakultetet er no klar. Instituttet fekk ein til stasningsområdet «Petroleumssystemer og bassengutvikling», to til det strategiske satsningsområdet «Water as a regulator in biogeochemical cycles» og ein til kryosfæreforsking. Tidlegare er det gjeve to til SUCCESS – Forskningssenter for miljøvenleg energi. Stillingane er med i ei stor fellesutlysning frå fakultetet. Søknadsfristen er 15. mai, men det er mogeleg for studentar som tek mastergrad i vårsemesteret å søke.

Disputas

Fredag 23. april forsvarar Julien Declercq avhandlinga si «Dissolution rates and mechanisms; Experiments on alteration and reactivity of glasses and carbonates» for graden philosophiae doctor. Prøveforelesning kl 10:15 over oppgjeve tema «The long and short term Carbon Cycle – with emphasis on CO2 exchange between atmosphere and rocks», og disputas kl 13:15, alt i auditorium I, Geologibygget. Meir her.

Ny doktor

Jan HendrikDen 16. april forsvarte Jan Hendrik van Koeverden avhandlinga si, «Alternative Petroleum Systems in the Greater Barents Sea Region» for ph.d.-graden. Prøveforelesinga var «Terrestrial source rocks». Jan Henrdrik tek no til i ny jobb i Statoil. Vi gratulerer han og rettleiarane, Dag Karlsen og Morten Bergan, RWE Dea Norge AS!

Ny doktor

Torsdag 14. januar disputerte Marcus Beuchert, PGP, for graden philosphiae doctor med forsvaret av avhandlinga «Viscoelasticity, Centrifugal Forces and Long-Term Stability of Boundary Layer Anomalies in Mantle Convection Models». Rettleiarar har vore Yuri Podladchikov, Nina Simon og Lars Rüpke. Vi gratulere både den nyslegne doktoren, rettleiarar og PGP! Marcus arbeider no ved Goethe Universität Frankfurt am Main, Facheinheit Geophysik.

Disputas

Komande torsdag, 14. januar, disputerer Marcus Beuchert, PGP, for graden philosphiae doctor i Auditorium I, Geologibygningen. Prøveforelesninga, over temaet «The evolution of continents» er kl 10:15, og forsvaret av avhandlinga «Viscoelasticity, Centrifugal Forces and Long-Term Stability of Boundary Layer Anomalies in Mantle Convection Models» er kl 14:15. Les meir her.

Eg minner om at disputasar, og ikkje minst prøveforelesningane, er fine høver til å oppdatere seg på utviklinga i geofaga!

Ny doktorar

Desember tilhøyrde jentene:
11/12 disputerte Hedda Breien, og forsvarte avhandlinga «On the dynamics of subaqueous and subaerial gravity mass flows – a comparison». Hedda har vore VISTA-stipendiat (samarabeid mellom Vitenskapsakademiet og Statoil), har hatt arbeidsplassen sin i hovudsak på International Centre of Geohazards, og har hatt Anders Elverhøi og Kaare Høeg som rettleiarar. Mykje av det eksperimentelle arbeidet er utført ved St Anthony Falls Laboratory, University of Minnesota. Hedda har teke til i forskarstilling ved NGI.

14/12 disputerte Lene Kristensen, og forsvarte avhandlinga «Glacier surges and landforms in a permafrost environment at the tidewater glacier Paulabreen, inner Van Mijenfrorden, Svalbard». Doktorgradsstudiet og arbeidet er gjennomført på Universitetssenteret på Svalbard, og disputasen vart også halden på UNIS. Rettleiarar har vore Hanne H. Christiansen og Ole Humlum. At Lene låg værfast på Bjørnøya til dagen før disputasen ga eit ekstra spenningsmoment til denne disputasen! Lene tek i desse dagar til i stilling ved det interkommunale skredsenteret knytta til Åkneset – Åknes/Tafjord Beredskap IKS.

Vi gratulerer Hedda og Lene, og rettleiarane deira!

Disputasar

Vi har to disputasar før jul. Hedda Breien (Vista/ICG) disputerar fredag 11. desember med avhandlinga «On the dynamics of subaqueous and subaerial gravity mass flows – a comparison». Prøveforelesning og disputas er i Auditorium I i Geologibygningen. Måndag 14 desember disputerar Lene Kristensen (UNIS) med avhandlinga «Glacier surges and landforms in a permafrost environment at the tidewater glacier Paulabreen, inner Van Mijenfjorden, Svalbard». Disputasen vert halden på UNIS.

Nordic PhD course on climate and hydrology

Vi har denne veka gjesting av det nordiske forskarkurset «Nordic PhD course on climate and hydrology». Dette er eit samarbeid mellom Lunds universitetet, Göteborgs universitetet, University of Oulu, Universitetet i Oslo og Universidad Federal do Rio Grande do Sul (som vi forstår eit litt utvida Norden-begrep). Professor Chong-yu Xu er vår person i kursleiinga, og vi har ein ph.d.-student med, Cosmo Socrates Ngongondo. 21-23 oktober skal deltakarane ha førelesningar hjå oss og vitje NVE og Meteorologisk institutt.

Ny dr. philos.

Cand. real. Bjørn Røsting disputerte torsdag 8. oktober for graden dr. philos., med avhandlinga «Use of potential vorticity in monitoring and improving numerical analyses and simulations of severe winter storms in Western Europe». Bjørn Røsting arbeider dagleg ved Værvarslingsavdelinga ved met.no. Vi gratulerer!