Posts Tagged 'ERC'

ERC Advanced Grant til Andreas Kääb

AndiAndreas Kääb, professor i naturgeografi ved Institutt for geofag, har fått innvilga Advanced Grant-prosjektet «Global Glacier Mass Continuity – ICEMASS» frå European Research Council. Prosjektet tek mål av seg til å kartlegge og analysere endringane i bremasse ved hjelp av fjernmåling (laser og radar frå satelitt) og kombinere dette med digitale terrengmodellar med tanke på etablere ein global massebalanse for brear. Dette vil vere eit viktig bidrag til å kartlegge klimaendringar, til å fastlegge verknaden av bresmelting på havnivåendringar, til å kvantifisere tilskotet frå bre til vassføring i elvane, og betre modellane for isostatiske endringar.

Advanced Grants er reine grunnforskningsprosjekt over fem år, med ei øvre råme frå ERC på 3,5 mill EUR. Desse topp-prosjekta har høg presisje i forskningsmiljøa, og dette er det andre geofag-tildelingen av Advanced Grants på UiO – det fyrste var Trond Torsvik sitt prosjekt «Beyond Plate Tectonics».

Vi gratulerer Andi og gruppa hans – og solar oss i atterskinet!

ERC Advanced Grants allow exceptional established research leaders of any nationality and any age to pursue ground-breaking, high-risk projects that open new directions in their respective research fields or other domains. The ERC Advanced Grant funding targets researchers who have already established themselves as independent research leaders in their own right. European Research Council

Reklame

To ERC Starting Grant-vinnarar!

ERCERC Grants har vorte ei svært viktig kjelde til finansiering av fri forskning, og er tilsvarande prestisjetunge. Dei kjem i tre versjonar – «Starting Grants» (to til sju år etter ph.d), «Consolidator Grant» (sju til 12 år etter ph.d.) , «Advanced Grants» (internasjonale toppforskarar) og  «Synergy Grants» (ny mekanisme for små forskargrupper). Instituttet var vertsinstitusjon for fire søknader til «Starting Grant» innan naturvitskap og teknologi  i siste runde, og resultata ligg no føre. Fem søkarar frå Norge vann fram, fire av desse var frp vårt fakultet, og to var «våre» – Adriano Mazzini og Douwe van Hinsbergen, begge frå SFFen Physics of Geological Processes. Dette syner både kor dyktige PGP har vore til å rekruttere og utvikle unge internasjonale forskarar, og at UiO/Fakultet for matematikk og naturvitskap har etablert eit svært godt støtteapparat for søkarane. Adriano og Douwe får rundt 12 mill NOK kvar over fem år til prosjekta sine – vi gratulerer på det varmaste. Søkarane er ikke bundne til vertsinstitusjonen for gjennomføring av prosjekta, og Douwe har alt teke mot fyrsteamanuensisstilling ved Universitetet i Utrecht, som er hans Alma Mater.

Prosjekta er:

Douwe van Hinsbergen:
Subduction Initiation reconstructed from Neotethyan Kinematics: An  integrated geological and numerical study of the driving forces behind plate tectonics. Acronym: SINK

Adriano Mazzini:
Lusi: a unique natural laboratory for multidisciplinary studies of  focussed fluid flow in sedimentary basins. Acronym: LUSI LAB

Meir informasjon på Forskningsrådet sine heimesider, her.