Posts Tagged 'energi'

Kvifor geofag?

Vindkraftverk på Huhnsrück

Dersom du står framfor det viktige valet av studium og framtidig arbeidsfelt, og oppteken av dei store miljøutfordringane i verda i dag bør du sjå på studieretningane i geofag. Her er ei liste over miljøspørsmål der geofaga står sentralt:

  • Klima og klmaendringar
  • Naturfare – flaum, skred, stormar, jordskjelv, vulkanutbrot, tsunami, tørke
  • Naturressursar – mineral, vatn, olje, kol, gass
  • Fornybar energi – vasskraft, vind, sol, hav
  • Vatnressursar og vassdragsforvaltning

I tillegg lærer du å forstå landskapet og kva som har forma det, om hav og atmosfære, om hydrosfære og kryosfære, om jordas historie og jordas indre. Velkomen til geofagstudiet!

Foto: NRS

Reklame

Helge reddar klimaet med krystallar

Helge på labbenDagens Næringsliv har i DNtalent-delen av nettavisa si plukka opp spennande resultat frå CO2-lagringsforskninga til instituttet. Helge Hellevang frontar saka, som gjeld krystallvokster av CO2 i geologiske lagringsmiljø. Dette er resultat av eksperimentelt arbeid i SUCCESS – forskningssenter for miljøvenleg energi. Les meir her.

Utgangspunktet for oppslaget i DN er artikkelen på heimesida vår, med den litt meir nøkterne tittelen CO2 danner krystaller

Borten Moe om Norge som Europas batteri

Ola Borten MoeTeknisk ukeblad refererer fra dagens miniseminar om Norges energiframtid under overskrifta «Moe knuste batteridrømmen» – «Energiminister Ola Borten Moe (Sp) knuser kraftbransjens drøm om Norge som Europas fornybarbatteri, og mener vi isteden bør levere fleksibel gass.» Les meir her.

Det er lov å undre seg over at ministeren brukar som motargument mot effektkøyring mot Europa frå sørnorske kraftverk at «Hvis Blåsjø-magasinet skulle begynne å stige og synke med ti meter i døgnet, kan det være noen som reagerer på det». Det ville dei sikkerte, men eksempelet er heilt urealistisk, ettersom det ville innebere installasjon av eit kraftverk med kapasitetet 20000 m3/s, og det mellom Blåsjø og havet, ettersom det ikkje finst noko mellomliggande magasin som kan ta imot slike vassmengder. Halve døgnet måtte ein så pumpe tilsvarende mengder saltvatn attende – det ville heilt sikkert nokon reagere på!

Olje- og energiministeren på Institutt for geofag

Ola Borten MoeFredag 26. august arrangerar UiO eit miniseminar over temaet «Norges energiutfordringer – hvilke grep tar vi?», kl 09:00 til 10:30 i Auditorium 1 på Institutt for geofag (Geologibygningen på Nedre Blindern). Det vert innlegg ved rektor Ole Petter Ottersen, statsråd Ola Borten Moe, professor Truls Norby og professor Arild Underdal.

Seminaret er ope for alle – meir om programmet her.

Store vasskraftreguleringar – kroken på døra eller redninga for fornybar energi?

OddatjønnsdammenNorsk elektrisitetsforsyning er basert på fornybar energi, og ryggrada er dei store vasskraftreguleringane. Reguleringskapasiteten i dette systemet har også gjeve Norge ei rolle i det europeiske energisystemet som lastutjamnar mot andre energibærarar. I nyttårstalen 2001 sa statsminister Jens Stoltenberg:
Men fordelene ved disse utbyggingene er ikke store nok til at de forsvarer de ugjenkallelige inngrepene i naturen. Uberørt natur får en stadig større verdi. Vi nå er kommet dit at tiden for nye store vannkraftutbygginger i Norge er over.

Energiforsyning og klimaendringar heng tett saman. Er det i dag, ti år etter Stoltenbergs nyttårstale, på tide å ta opp att diskusjonen om nye vasskraftreguleringar? I samband med jubileumsfeiringa til UiO arrangerar Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Institutt for geofag debattmøtet «Store vasskraftreguleringar – gårsdagens eller framtidas fornybare energi?» i Litteraturhuset Fredag 20. mai kl 16. Alle er velkomne. Meir informasjon finn du her.