Posts Tagged 'biologi'

Geofag og biologi

Aubrey RobertsMange ser på geofag og biologi som to skilde deler av verda, med lite kontakt. I røynda er det mykje overlapp og aukande fagleg kontakt – til dømes innan klimaforskinga, dei biogeokjemiske syklusane (t.d. vatn, karbon) og ikkje minst innan paleontologien (makro- og mikro-). Den som i år vann Norske Shell Geopris for beste presentasjon av masterarbeid ved Den geologiske vinterkonferansen var Aubrey Roberts, bachelor i biologi og nå masterstudent ved Institutt for biovitenskap med Jørn Hurum ved Naturvitenskapelig Museum som rettleiar. Foredraget og masterarbeidet hennar er «Characterization of a new Ophthalmosaurid ichtyosaur from the Upper Jurassic of Spitsbergen». Les om tildelinga på Geoforskning.no, og Aubrey si forteljing om korleis ho hamna i eit gjørmehol på Svalbard saman med geologar og forhistoriske fiskeøgler på masterbloggen hennar.

Vi gratulerar på det varmaste!

Foto: Halfdan Carstens

Advertisements

Tverrfagleg klimaforsking i fjellet

Brachinecta PaludosaI det siste A-magasinet (nr 48) tek Halvor Hegtun for seg historia bak ein artikkel i Freshwater Biology: «Climate-driven range retraction of an Arctic freshwater crustacean», forfattarar Markus Lindholm, Frode Stordal, Jannicke Moe, Dag O. Hessen og Per Aass. Per Aass (emeritus på Naturhistorisk museum) kartla på fjellturane sine på tidleg 70-tal utbreiinga av tusenbeinkrepsen (brachinecta paludosa) i nordre del av Langfjella (sørgrense ved Besseggen). Nå, 40 år etter, har forskar Markus Lindholm på NIVA med kollegaer gått i fotefara til Per Aass og funne store endringar i utbreiinga av det vesle krepsdyret. Professor Frode Stordal ved Institutt for geofag har analysert klimaendringane over samme periode, og finn ei endring på 1.3 grader, som tilsvarer ei høgdendring på rundt 200 m. Endringa i utbreiingsmønsteret til krepsen er konsistent med endringane i klimaet.

Interessant lesnad, god forskningsjournalistikk og eit godt eksempel på samarbeid mellom fagmiljøa i CIENS og UIO (NIVA, Institutt for geofag, Biologisk institutt og Naturgeografisk museum. og mellom forskargenerasjonane. Ikkje minst syner dette kor verdfulle godt systematiserte gamle data og feltobservasjonar er, og kor viktig det er å ta vare på slikt datatilfang.

Plansjen: G.O.Sars si teikning av tusenbeinskrepsen, 1890-talet. Creative Commons. Unn deg ein titt på detaljane!