Posts Tagged 'Afrika'

Arild i P2

I Radioselskapet i NRK P2 tirsdag 10. november mellom 11 og 12 fortel Arild Andresen om Afar-forsenkningen på Afrikas horn, og dei tektoniske prosessane som føregår her («Afrika sprekk opp»).

Partnerskap-program med University of Dar es Salaam

Universitetet i Oslo  sende i april inn anbud til SIU på å vere norsk partner til University of Salaam i Tanzania under PITRO-programmet (Programme for Institutional Transformation, Research and Outreach).  Prosjektet går over tre år, fagleg fokus er på utdanning, miljø og «good governance».  Det er no bekrefta et UiO har fått oppgåva. Prosjektleiar ver Desmond McNeill frå SUM, og det er utlyst ei halv stilling som administrativ koordinator. Vår kontakt inn mot prosjektet er Henning Dypvik, innan området Environmental Studies in Geosciences.

Reklame

Prosjektsøknad NOMA

Instituttet har lagt inn ein prosjektsøknad til den nye NOMA-utløsningen – Norad sitt masterprogram. Temaet er «Master in Water Resources/Science», og hovudsamarbeidspartner i sør er University of Malawi. Det er snakk om to kull med opptak i 2010 og 2012. Vår prosjektleiar er ChongYu Xu, og prosjektleiar ved University of Malawi er John Saka. Prosjektet knyter seg til to eksisterande prosjekt med overlappande tema og partnerkonstellasjon: NUFU-prosjektet «Water Science» (prosjektleiar Lena Tallaksen) og «Socioeconomic Consequences of Climate Change in Sub-equatorial Africa (SoCoCA)» (prosjektleiar Frode Stordal).