Archive for the 'Uncategorized' Category

Studér geofag!

hemisphere eastFrist for søknad til samordna opptak er like rundt hjørnat. Er du interessert i realfag så er geofag eit sikkert valg – aldri har vel kunnskap den blå planeten vore så aktuell som i dag. Klima, energi, miljø, naturessursar, naturfarer – alt finn du innan geofagstudia.




Geofag ved Universitetet i Oslo:
http://www.uio.no/studier/program/geofag/
http://www.uio.no/studier/program/fam/
Fotomosaikk: NASA

Reklame

Ekko feirar Ragnar Fjørtoft

MartinEkko (NRK P1) feira i dag 100-årsdagen til Ragnar Fjørtoft med intervju med Anton Eliassen, direktør ved Meteorologisk institutt, som hovudoppslag. Ragnar Fjørtoft var ein føregangsmann for utviklinga av numerisk vêrvarsling og med i gruppa ved Institute for Advanced Studies på Princeton som gjorde dei fyrste vellukka numeriske værprognosene i 1950/51, og slik bestefar til Yr. Han var direktør for Meteorologisk institutt frå 1955 til 1978, og professor II ved instituttet vårt frå 1967 til 1983. Det er meir geofag i denne Ekko-sendinga – i «Abels tårn» diskuterar Rune Selbekk og Einar Uggerud om diamantar og då særleg mikrodiamantar er spennande eller ikkje.

Heile sendinga høyrer du her.

To ERC Starting Grant-vinnarar!

ERCERC Grants har vorte ei svært viktig kjelde til finansiering av fri forskning, og er tilsvarande prestisjetunge. Dei kjem i tre versjonar – «Starting Grants» (to til sju år etter ph.d), «Consolidator Grant» (sju til 12 år etter ph.d.) , «Advanced Grants» (internasjonale toppforskarar) og  «Synergy Grants» (ny mekanisme for små forskargrupper). Instituttet var vertsinstitusjon for fire søknader til «Starting Grant» innan naturvitskap og teknologi  i siste runde, og resultata ligg no føre. Fem søkarar frå Norge vann fram, fire av desse var frp vårt fakultet, og to var «våre» – Adriano Mazzini og Douwe van Hinsbergen, begge frå SFFen Physics of Geological Processes. Dette syner både kor dyktige PGP har vore til å rekruttere og utvikle unge internasjonale forskarar, og at UiO/Fakultet for matematikk og naturvitskap har etablert eit svært godt støtteapparat for søkarane. Adriano og Douwe får rundt 12 mill NOK kvar over fem år til prosjekta sine – vi gratulerer på det varmaste. Søkarane er ikke bundne til vertsinstitusjonen for gjennomføring av prosjekta, og Douwe har alt teke mot fyrsteamanuensisstilling ved Universitetet i Utrecht, som er hans Alma Mater.

Prosjekta er:

Douwe van Hinsbergen:
Subduction Initiation reconstructed from Neotethyan Kinematics: An  integrated geological and numerical study of the driving forces behind plate tectonics. Acronym: SINK

Adriano Mazzini:
Lusi: a unique natural laboratory for multidisciplinary studies of  focussed fluid flow in sedimentary basins. Acronym: LUSI LAB

Meir informasjon på Forskningsrådet sine heimesider, her.

Geologi og ski-VM

Hans Arne NakremI eit intervju med professor Hans Arne Nakrem publisert på heimesidene til Naturhistorisk museum og på forskning.no dreg Hans Arne opp dei lange linjene frå perm, 250 millionar år attende i tid til ski-VM 2010 i Nordmarka. Den geologiske historia forklarar kvifor Nordmarka er eit ski-eldorado. Les meir her …

Storflom i Polen

Det er storflom i Polen, både i Vistula og Oder med sideelvar, med gjennombrot i flomverka mange stader – som Sandomierz, Wroclaw og rundt Krakow og Warsawa. Det er ikkje så mykje organisert informasjon å finne, og det ser ut som om lokal varsling har fungert dårleg. Heimesidene til Institute of Meteorology and Water Management» har oversikt av vannstand på utvalgde hydrologiske målestader. Flomstørrelsen ser ut til å vere over hundreårsflommen mange sentrale stader. Det ser ut til at flomkuliminasjonen i dei øvre og midtre delene av vassdraga, ned til Torun i Vistula og Brzeg i Oder, har kuliminert, men vannstanden er aukande i dei nedre delene. Det er meldt mindre regn framover. Den forrige storflommen i Polen var i juli 1997. Den ser ut til å ha vore større i Oder, men mindre enn den noverande i Vistula.

Vår i skogen

HønsehaukGeofagforskarar er pr. definisjon naturinteresserte. Dagens stemningsrapport og naturbilete kjem frå Dag A. Karlsen, frå skogane i Follo:
Fru hønsehauk er nå i «vårstemning» og «gubben» – som er mye mindre enn hunnen – våger seg frempå uten å få kloa i kassa.
Måren går fra å være kun nattaktivt til å operere også om dagen.
Grevlingen er ute og snøfter etter litt smågodt.

Sommarjobb på NGU?

Norges geologiske undersøkelser i Trondheim lyser ut sommarjobbar for geologistudentar. Meir informasjon finn du i denne posteren. Søknadsfristen er 28. februar.

Seminar med Rajendra Pachauri

Dr. Rajendera Pachauri, leiar for IPCC og direktør for the Energy and Resource Institute (TERI), vitjar Oslo i høve fredsprisutdelinga, og vil halde eit foredrag i CIENS fredag 11. desember, med CIENS, Cicero og UiO som arrangørar. Foredraget vert i Forum, auditoriet i CIENS-bygget. Tidspunkt og tittel kjem seinare.

Doktorgradstipend i atmosfæreforskning

Dette er ei treårig stilling knytt til NORKLIMA-prosjektet “Sources of Greenhouse Gases in East Asia” (SOGG-EA). Prosjektet er leia av Andreas Stohl ved NILU og vi er partner. Utlysinga finn du her.

Sommarfest

Det vart ikkje sommarfest før ferietida i år – vi kjem sterkt attende med ein seinsommar/haustfest i september. Så har de noko å glede dykk til i traurige feriedagar!