25. februar var studentane i GEO2010 Overflatehydrologi og GEG2110 Landformdannende prosesser ute i felt for å ta snømålingar. Målingane var frå byrjinga planlagt til mars, men slik denne vinteren utviklar seg verka det tryggast å ta dei medan vi enno har snø i marka. 25 studentar fordelt på fem grupper la ut til Nikulpmyrene i Tryvannsåsen og målte snøstrekk både i ope terreng og i skog. Trass i mildveret var det i snitt 60-70 cm snødjup med nokså kompakt snø, så skiføret i høgda (Nikulpmyrene ligg 420 moh) skal nok halde ei god stund enno. Men det finst ikkje tele, og snøen er nokså metta, så smeltebekkar kan fort opne seg.
Archive for the 'UiO' Category
Føremelding frå geofagstudentane
Published 2015/03/01 Funderingar , UiO Leave a CommentStikkord:geofag, kryosfære, snø, studier, utdanning
Studentundersøkinga 2014
Published 2014/02/03 Instituttsaker , UiO Leave a CommentStikkord:geofag, realfag, studier, utdanning
NOKUT publiserar i dag Studentundersøkinga 2014, ei intervjuundersøking som går til alle programstudentar i Norge – stort sett svarar ein tredel, alt i alt 17600. Undersøkinga er ganske detaljert, og respondentane gjev karakter frå 1 til 5, der 5 er best. Hovedinntrykket er det ikkje står så verst til, alt i alt gjev 77% fire eller fem som uttrykk for kor nøgde dei er med sitt eige studium.
Korleis det står til med geofaga? Som heilheitsvurdering får Fysikk, astronomi og meteorologi (FAM) 4.4, Geofag: geologi, geofysikk og geografi (GGG) får 4.2. FAM scorar best på læringsmiljø, engasjement og eksamen, dårlegast på undervisning (likevel 3.5), medan GGG gjer det best på yrkesrelevans og eksamen, men er heilt nede på 2.6 på medverknad og har eit klart betringspotensial på undervisning (3.0). Masterprogrammet ligg med 4.0 i heilheitsvurdering, og jamnt over rundt 4, også her svakast på medverknad og undervisning.
Det er alltid spennande å samanlikne seg med andre. Dersom vi ser rundt oss på Matematisk-naturvitskapleg fakultet toppar Matematikk, informatikk og teknologi av dei bachelor-programma som har nok svar til å få karakter med 4.7 som heilheitsvurdering, så kjem Informatikk: språk og kommunikasjon med 4.6, etter det FAM, Molekylærbiologi og biologisk kjemi og GGG. All bachelorprogram på MatNat der det er nok respondentar har 4 eller betre som heilheitsvurdering.
På nasjonal basis er gjennomsnittet av geofag-bachelorprogramma 4.1, og Geovitenskap i Bergen og Geologi og geofare i Sogndal toppar med 4.7. Hatten av for dei!
Det er meir detaljar på NOKUT si studentbarometerside – her
Foto: NRS, Introduksjonsmøte GGG
CIENS toppsenter opna
Published 2013/06/05 CIENS , Fagnytt , Instituttsaker , UiO Leave a CommentStikkord:CIENS, formidling, klima, miljø
Denne veka opnar CIENS Toppsenter med ei rekke tilstelningar. Den offisielle opninga var i går 4. juni ved kunnskapsminister Kristin Halvorsen, som hadde ein inspirert og engasjert opningstale. Vidare var det innlegg frå mellom anna Arvid Hallén, Ole Petter Ottersen og Marit Kjeldby (Klif), Trine Skei Grande, Anne Kjersti Fahlvik, Jon Brandsar (Statkraft), Stein Lier-Hansen (Norsk industri) og Marianne Harg (Tekna). I tillegg faglege smakebitar. Opningsdagen vart avrunda med ein paneldiskusjon med mellom anna to av medlemmene i Kyrke-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget – Marianne Aasen (AP) og Henning Warloe (H).
Toppsenteret er to takpåbygg på CIENS-bygget – eit konferansesenter med tre møterom med 10 til 70 plassar, stort fellesområde og takterrasse, og eit kontorbygg som høver god til senteretableringar. Det viktigaste med Toppsenteret er likevel at det er ein konkret manifestasjon av CIENS-samarbeidet, og det nok er hovedgrunnen til at det er så stor interesse for sentret utanfrå. CIENS har stor goodwill både i Forskningsrådet og i Kunnskapsdepartementet – så nå er det i stor grad opp til partnerane og forskarane sjølv å innfri forventingane om å være nasjonalt kraftsenter i miljøforsking.
Foto: NRS
Kampen om arktisk senter er avgjort
Published 2013/05/29 Fagnytt , Instituttsaker , UiO Leave a CommentStikkord:arktis, geofag, petroleumsforskning, senter
I statbudsjettet for 2012 var det lagt inn to nye senter for petroleumsforskning, eit forsknings- og kompetansesenter for petroleumsvirksomhet i nordområdene og Arktis og eit for auka utvinning. Ei viktig føring for det fyrste var at det skulle lokaliserast i nord. Begge sentra er utlyst og vil verte administrert av Forskningsrådet. Søknadsfristen for det arktiske senteret var i februar. Det var to konsortium som søkte, eit leia av Universitetet i Tromsø, og eit av Høgskulen i Narvik. Institutt for geofag deltok i Tromsø-konsortiet – Jan Inge Faleide gjorde ein stor innsats i søknadsarbeidet og er leiar av arbeidspakke 1 – Basin analysis. Utfallet vart offentleggjort med pressekonferanse i dag; Tromsøinitiativet, «ARCEx – Research Centre for Arctic Petroleum Exploration» vann fram. Vi gratulerer UiT og senterleiar Karin Andreassen ved Institutt for Geologi – og Jan Inge!
Nasjonale forskningspartnerar i senteret er:
University of Tromsø – Faculty of Science and Technology (UiT-NT)
University of Tromsø – Faculty of Biosciences, Fisheries and Economics (UiT-BFE)
Akvaplan-Niva (APN)
Northern Research Institute (NORUT)
University of Oslo – Department of Geosciences (UiO-Geo)
The University Centre in Svalbard (UNIS)
University of Bergen – Department of Earth Sciences (UiB-Geo)
Norwegian University of Science and Technology (NTNU)
The Geological Survey of Norway (NGU)
University of Stavanger- Centre for Risk Management and Societal Safety (UiS-SEROS)
International Research Institute of Stavanger (IRIS)
Meir om tildelinga frå Forskningsrådet her, og frå UiT her.
Foto: NRS
Dagens disputas – meteorittkrater Ritland
Published 2013/05/27 Fagnytt , Instituttsaker , UiO Leave a CommentStikkord:forskerutdanning, geofag, geologi, klima, kratere, meteoritt, sedimentologi
I dag, 27. mai, disputerar Abdus samad Azad for graden Ph.D. ved Institutt for geofag. Avhandlingen er «Sedimentation in the Ritland Impact Structure, western Norway». Ritlandstrukturen er det nyleg oppdaga meteorittkrateret i Hjelmeland – ca 500 millionar år gamalt og danna av ein meteoritt med 115 m diameter. Krateret er ca 2.4 km i diameter, og det tredje som er funne i Norge når ein også reknar med Mjølnir-krateret i Barentshavet. Strukturen vart stadfesta som nedslagskrater i 2008.
Komité for disputasen er professor Philippe Claeys, Vrije Universiteit Brussel, Dr. Lars Harald Blikra, Åknes nasjonalt senter for fjellskredovervaking og professor Annik M.Myhre frå instituttet. Rettleiarar er professor Henning Dypvik, seniorgeolog Fridtjof Riis, Oljedirektoratet og dr. Elin Kalleson. Les meir om arbeidet til Abdus her.
Prøveforelesninga var «Coarse-grained sedimentation in different geological settings and its palaeoenvironmental significance» – om alle former for masseflytting av grovt materiale.
Dagens disputas – hydrologiske modellar
Published 2013/05/21 Fagnytt , Instituttsaker , UiO Leave a CommentStikkord:flom, forskerutdanning, geofag, hydrologi, klima, modeller
I dag, 21. mai, disputerar Martin Morawietz for graden Ph.D. ved Institutt for geofag. Avhandlingen er «Statistical uncertainty processing for probabilistic streamflow forecasting – Parametric and non-parametric approaches based on an autoregressive error model» – eit sentralt tema innan hydrologisk modellering, og ikkje minst flomvarsling, som jo er eit heitt tema om dagen. Prøveforelesinga «Do different hydrological processes have different model error signatures? Comparing ice-melt-fed, snowmelt-fed and rainfall-fed floods» er ein utfordring – det er ei viktig problemstilling, men det er gjort overraskande lite forsking innan det feltet, så her får kandidaten noko å bryne seg på. Komité for disputasen er Dr. Vazken Andréassian, Hydrosystems and Bioprocesses Research Unit (HBAN), National Research Institute of Science and Technology for Environment and Agriculture (Irstea), Frankrike, Associate Professor Micha Werner, UNESCO-IHE Institute for Water Education/Deltares, Delft, Nederland og professor Bernd Etzelmüller frå instituttet. Rettleiarar er professor Chong-Yu Xu, professor emeritus Lars Gottschalk og professor Lena M. Tallaksen. Les meir om arbeidet til Martin her.
Quacq… what? Geofag på UiO gjer det bra på QS-rangeringa
Published 2013/05/09 Funderingar , UiO Leave a CommentStikkord:geofag, geografi, rangeringar og evalueringar, universitetsranking
Trass i det spesielle namnet er Quacquarelli Symonds-rangeringa (QS) den mest interessante av dei store universitetsrangeringane på institituttnivå. Dette fordi dei går ned på fagdisiplin-nivå. Dei baserar rangeringa i hovudsak på spørjeundersøkelsar i akademia (40%), hjå arbeidsgjevarar (internasjonalt – 10%) og siteringar pr vitskapleg tilsett (20%). I tillegg kjem intervju med eigne studentar, del internasjonale studentar, og del internasjonale tilsette. 2013-rangeringa er no publisert, og mellom anna plukka opp av Aftenposten: «Norske universiteter best i historie, geografi og medievitenskap».
Det er rett at Universitetet i Oslo gjer det best i samfunnsvitskap og humaniora, og er inne mellom dei 50 beste miljøa i verda innan kommunikasjon og mediastudier, historie, geografi, pedagogikk og statsvitskap. Når det gjeld naturvitskapane er biletet meir variabelt. Geofag – «Earth & Marine Sciences» – gjer det bra. Vi ligg mellom plass 50 og 100 (QS-rangeringa har berre nummerert liste på dei 50 på topp) – best av dei norske miljøa, og saman med København og Uppsala av dei skandinaviske universiteta. Det er ingen skandinaviske universitet mellom dei 50 beste.
UiO gjer det godt på akademisk omdøme og siteringar. Det som dreg ned er omdømet hjå arbeidsgjevarane, noko geofag deler med dei andre naturfaga i Oslo. Den same tendensen ser vi for Bergen – er vi for lite synlege hjå det internasjonale næringslivet? «Earth and Marine Science»-rangeringa til QS finn du her.
CEED startar opp
Published 2013/03/01 Fagnytt , Instituttsaker , UiO Leave a CommentStikkord:CoE, geodynamikk, geofag, geofysikk, geologi, klima, SFF
I dag 1. mars, ein månad etter at Physics of Geological Processes runda 10 år og dermed forlet statusen som Centre of Excellence startar CEED – Senter for Jordas utvikling og dynamikk opp under leiing av professor Trond Helge Torsvik. Senteret har fylgjande hovedtema: Jordas djupe indre, Jordas dynamikk, Jordas miljøkriser, Jorda og naboplanetane og i tillegg til dette numerisk modellering og visualisering som ein sentral aktivitet. Les meir om senteret her.
Vi seer fram til eit nytt tiår med internasjonal toppforsking!
Nytt gamalt kontinent
Published 2013/02/25 Fagnytt , Instituttsaker , UiO 1 CommentStikkord:CEED, geodynamikk, geofag, geofysikk, geologi, PGP
I en artikkel i Nature Geoscience samlar Trond Torsvik og medarbeiderar prov for at det under havryggen frå Reunion, Mauritius og nordover i det Indiske Hav ligg ei oppbroten kontinentalplate. Plata vart reven laus som ein rest frå dei hovuddelene då den indiske kontinentalplata skilde lag med Madagaskar for 83 millionar år sidan. Dei døyper dette oppbrotne mikrokontinentet Mauritia. Det er ikkje eit opplagt reisemål, ettersom det er dekka av kilometer av basalt frå vulkanar i midhavsryggene her. Seychellane er derimot er granittiske og ein liknande kontinentalrest, om frå eit anna område.
Forfattarane baserar seg mellom anna på datering av zirkon-krystallar frå strendene på Mauritius – desse visar seg å vere rundt ein milliard år gamle og truleg transportert opp med lavaen, på bestemmelse av tjukkleiken av jordskorpa i dette området (25-30 km, mykje tjukkare enn vanleg havskorpe, og på modellering av platerørsle. Vi gratulerar med ein flott opptakt til Centre for Earth Evolution som startar opp 1. mars!
Trond H. Torsvik, Hans Amundsen, Ebbe H. Hartz, Fernando Corfu, Nick Kusznir, Carmen Gaina, Pavel V. Doubrovine, Bernhard Steinberger, Lewis D. Ashwal & Bjørn Jamtveit (2013) A Precambrian microcontinent in the Indian Ocean. Nature Geoscience DOI: 10.1038/
Figurutsnitt fra artikkelen