Archive for the 'Instituttsaker' Category

Studentundersøkinga 2014

IntromøteNOKUT publiserar i dag Studentundersøkinga 2014, ei intervjuundersøking som går til alle programstudentar i Norge – stort sett svarar ein tredel, alt i alt 17600. Undersøkinga er ganske detaljert, og respondentane gjev karakter frå 1 til 5, der 5 er best. Hovedinntrykket er det ikkje står så verst til, alt i alt gjev 77%  fire eller fem som uttrykk for kor nøgde dei er med sitt eige studium. 

Korleis det står til med geofaga? Som heilheitsvurdering får Fysikk, astronomi og meteorologi  (FAM) 4.4, Geofag: geologi, geofysikk og geografi (GGG) får 4.2. FAM scorar best på læringsmiljø, engasjement og eksamen, dårlegast på undervisning (likevel 3.5), medan GGG gjer det best på yrkesrelevans og eksamen, men er heilt nede på 2.6 på medverknad og har eit klart betringspotensial på undervisning (3.0). Masterprogrammet ligg med 4.0 i heilheitsvurdering, og jamnt over rundt 4, også her svakast på medverknad og undervisning.

Det er alltid spennande å samanlikne seg med andre. Dersom vi ser rundt oss på Matematisk-naturvitskapleg fakultet toppar Matematikk, informatikk og teknologi av dei bachelor-programma som har nok svar til å få karakter med 4.7 som heilheitsvurdering, så kjem Informatikk: språk og kommunikasjon med 4.6, etter det FAM, Molekylærbiologi og biologisk kjemi og GGG. All bachelorprogram på MatNat der det er nok respondentar har 4 eller betre som heilheitsvurdering.

På nasjonal basis er gjennomsnittet av geofag-bachelorprogramma 4.1, og Geovitenskap i Bergen og Geologi og geofare i Sogndal toppar med 4.7. Hatten av for dei!
Det er meir detaljar på NOKUT si studentbarometerside – her
Foto: NRS, Introduksjonsmøte GGG

Reklame

Midtvegsevalueringar for forskingssentra for miljøvenleg energi

På CIENS Toppsenter-opninga var representantane frå Forskningsrådet svært nøgde med gode midtvegsevalueringar for FME-ane. Evalueringa ligg ute på heimesidene til Forskningsrådet, og for Institutt for geofag er det særleg omtalen av FME-SUCCESS som er aktuell, instituttet har ein sentral plass her, med ein hovudnode og Per Aagaard som ein av to vitskaplege leiarar i senteret. Omtalen er svært positiv, eg klypper frå avsnittet om fagleg aktivitet:
The Centre has successfully and in a laudably short time gathered the competence and critical size required to conduct the research work needed to achieve the main objectives and associated subobjective. The results disseminated through scientific publications and international conferences show that the overall quality of the research performed by the Centre is excellent and of high international calibre. The team has been able to focus on the main knowledge gaps related to geological storage of CO2 and take advantage of the existence of Norwegian pilot and demonstration storage projects.

Godt jobba!

CIENS toppsenter opna

CIENS ToppsenterDenne veka opnar CIENS Toppsenter med ei rekke tilstelningar. Den offisielle opninga var i går 4. juni ved kunnskapsminister Kristin Halvorsen, som hadde ein inspirert og engasjert opningstale. Vidare var det innlegg frå mellom anna Arvid Hallén, Ole Petter Ottersen og Marit Kjeldby (Klif), Trine Skei Grande, Anne Kjersti Fahlvik, Jon Brandsar (Statkraft), Stein Lier-Hansen (Norsk industri) og Marianne Harg (Tekna). I tillegg faglege smakebitar. Opningsdagen vart avrunda med ein paneldiskusjon med mellom anna to av medlemmene i Kyrke-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget – Marianne Aasen (AP) og Henning Warloe (H).

Toppsenteret er to takpåbygg på CIENS-bygget – eit konferansesenter med tre møterom med 10 til 70 plassar, stort fellesområde og takterrasse, og eit kontorbygg som høver god til senteretableringar. Det viktigaste med Toppsenteret er likevel at det er ein konkret manifestasjon av CIENS-samarbeidet, og det nok er hovedgrunnen til at det er så stor interesse for sentret utanfrå. CIENS har stor goodwill både i Forskningsrådet og i Kunnskapsdepartementet – så nå er det i stor grad opp til partnerane og forskarane sjølv å innfri forventingane om å være nasjonalt kraftsenter i miljøforsking.

Foto: NRS

Kampen om arktisk senter er avgjort

RiggI statbudsjettet for 2012 var det lagt inn to nye senter for petroleumsforskning, eit forsknings- og kompetansesenter for petroleumsvirksomhet i nordområdene og Arktis og eit for auka utvinning. Ei viktig føring for det fyrste var at det skulle lokaliserast i nord. Begge sentra er utlyst og vil verte administrert av Forskningsrådet. Søknadsfristen for det arktiske senteret var i februar. Det var to konsortium som søkte, eit leia av Universitetet i Tromsø, og eit av Høgskulen i Narvik. Institutt for geofag deltok i Tromsø-konsortiet – Jan Inge Faleide gjorde ein stor innsats i søknadsarbeidet og er leiar av arbeidspakke 1 – Basin analysis. Utfallet vart offentleggjort med pressekonferanse i dag; Tromsøinitiativet, «ARCEx – Research Centre for Arctic Petroleum Exploration» vann fram. Vi gratulerer UiT og senterleiar Karin Andreassen ved Institutt for Geologi – og Jan Inge!

Nasjonale forskningspartnerar i senteret er:
University of Tromsø – Faculty of Science and Technology (UiT-NT)
University of Tromsø – Faculty of Biosciences, Fisheries and Economics (UiT-BFE)
Akvaplan-Niva (APN)
Northern Research Institute (NORUT)
University of Oslo – Department of Geosciences (UiO-Geo)
The University Centre in Svalbard (UNIS)
University of Bergen – Department of Earth Sciences (UiB-Geo)
Norwegian University of Science and Technology (NTNU)
The Geological Survey of Norway (NGU)
University of Stavanger- Centre for Risk Management and Societal Safety (UiS-SEROS)
International Research Institute of Stavanger (IRIS)

Meir om tildelinga frå Forskningsrådet her, og frå UiT her.

Foto: NRS

Dagens disputas – meteorittkrater Ritland

AbdusI dag, 27. mai, disputerar Abdus samad Azad for graden Ph.D. ved Institutt for geofag. Avhandlingen er «Sedimentation in the Ritland Impact Structure, western Norway». Ritlandstrukturen er det nyleg oppdaga meteorittkrateret i Hjelmeland – ca 500 millionar år gamalt og danna av ein meteoritt med 115 m diameter. Krateret er ca 2.4 km i diameter, og det tredje som er funne i Norge når ein også reknar med Mjølnir-krateret i Barentshavet. Strukturen vart stadfesta som nedslagskrater i 2008.

Komité for disputasen er professor Philippe Claeys, Vrije Universiteit Brussel, Dr. Lars Harald Blikra, Åknes nasjonalt senter for fjellskredovervaking og professor Annik M.Myhre frå instituttet. Rettleiarar er professor Henning Dypvik, seniorgeolog Fridtjof Riis, Oljedirektoratet og dr. Elin Kalleson. Les meir om arbeidet til Abdus her.

Prøveforelesninga var «Coarse-grained sedimentation in different geological settings and its palaeoenvironmental significance» – om alle former for masseflytting av grovt materiale.

Dagens disputas – hydrologiske modellar

MartinI dag, 21. mai, disputerar Martin Morawietz for graden Ph.D. ved Institutt for geofag. Avhandlingen er «Statistical uncertainty processing for probabilistic streamflow forecasting – Parametric and non-parametric approaches based on an autoregressive error model» – eit sentralt tema innan hydrologisk modellering, og ikkje minst flomvarsling, som jo er eit heitt tema om dagen. Prøveforelesinga «Do different hydrological processes have different model error signatures? Comparing ice-melt-fed, snowmelt-fed and rainfall-fed floods» er ein utfordring – det er ei viktig problemstilling, men det er gjort overraskande lite forsking innan det feltet, så her får kandidaten noko å bryne seg på. Komité for disputasen er Dr. Vazken Andréassian, Hydrosystems and Bioprocesses Research Unit (HBAN), National Research Institute of Science and Technology for Environment and Agriculture (Irstea), Frankrike, Associate Professor Micha Werner, UNESCO-IHE Institute for Water Education/Deltares, Delft, Nederland og professor Bernd Etzelmüller frå instituttet. Rettleiarar er professor Chong-Yu Xu, professor emeritus Lars Gottschalk og professor Lena M. Tallaksen. Les meir om arbeidet til Martin her.

Åtte spennande år

NRSI dag tek Brit Lisa Skjelkvåle Monsen over som leiar av Institutt for geofag. Eg kan lene meg litt bakover og sjå attende på åtte spennande år sidan eg starta det fyrste åremålet mitt den 1. mars 2005. Eg har fått vore med på ein periode med stor vekst og utvikling av geofaga, både nasjonalt og på instituttet. Nokre tal visar dette:

  • Fyrstevalssøkarar til bachelorprogrammet i geofag: 2005: 47, 2013: 167 – og 155 søkarar til Fysikk, astronomi og meteorologi
  • Doktordisputasar: 2005: 8, 2012: 25 (rettnok eit særleg aktivt år)
  • Publikasjonar i internasjonale tidsskrift: 2005: 100, 2012 213

At talet på faste vitskaplege tilsette heller har gått ned enn å auke i denne tida set desse tala i sitt rette perspektiv, og peikar også på ein klar ubalanse i finansieringa av universitet.

Eg har fått vere med på gjennomføringa av to Senter for framifrå forsking (PGP og ICG), oppstart av eit nytt (CEED), etablering av av eit Senter for miljøvenleg energi (FME-SUCSESS) og eit Nordisk senter for framifrå forsking (SVALI). Vi hadde stor aktivitet i det internasjonale polaråret, og leia to store IPY-prosjekt. Vi har fått to ERC Advanced Grants, og har vore gjennom ei fagevaluering med flygande faner. Eg er takksam for å fått vore med på dette og meir til, og er svært stolt av å ha kunna samarbeide med slike flotte medarbeidarar. Takk til alle, og takk for meg!

Nils Roar
P.S. Denne bloggen held fram, men nok med eit meir personleg preg. Mykje geofag vert det i alle fall. Takk til dei 7919 som har titta innom så langt!

Gode søkartal til geofag

Tala frå Samordna opptak for studieåret 2013/14 er nå offentleggjort, og vi kan glede oss over svært god søking til studieprogramma våre. «Geofag: geologi, geofysikk og geografi» har 167 fyrstevalgsøkarar, opp 17% frå i fjor, og «Fysikk, astronomi og meteorologi» er attende til gammal styrke med 155 søkarar, opp 27%. Sjølv etter auken av talet på plassar dei siste åra er nå geofag-proframmet det som flest søkarar i høve til studieplassar på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, 2,23 pr studieplass.

Samtidig har vi også stor auke på søkinga til masterprogrammet, 152 1. prioritet-søknader. Geofag er i vinden!

CEED startar opp

CEEDI dag 1. mars, ein månad etter at Physics of Geological Processes runda 10 år og dermed forlet statusen som Centre of Excellence startar CEED – Senter for Jordas utvikling og dynamikk opp under leiing av professor Trond Helge Torsvik. Senteret har fylgjande hovedtema: Jordas djupe indre, Jordas dynamikk, Jordas miljøkriser, Jorda og naboplanetane og i tillegg til dette numerisk modellering og visualisering som ein sentral aktivitet. Les meir om senteret her.
Vi seer fram til eit nytt tiår med internasjonal toppforsking!

Nytt gamalt kontinent

MauritiaI en artikkel i Nature Geoscience samlar Trond Torsvik og medarbeiderar prov for at det under havryggen frå Reunion, Mauritius og nordover i det Indiske Hav ligg ei oppbroten kontinentalplate. Plata vart reven laus som ein rest frå dei hovuddelene då den indiske kontinentalplata skilde lag med Madagaskar for 83 millionar år sidan. Dei døyper dette oppbrotne mikrokontinentet Mauritia. Det er ikkje eit opplagt reisemål, ettersom det er dekka av kilometer av basalt frå vulkanar i midhavsryggene her. Seychellane er derimot er granittiske og ein liknande kontinentalrest, om frå eit anna område.

Forfattarane baserar seg mellom anna på datering av zirkon-krystallar frå strendene på Mauritius – desse visar seg å vere rundt ein milliard år gamle og truleg transportert opp med lavaen, på bestemmelse av tjukkleiken av jordskorpa i dette området (25-30 km, mykje tjukkare enn vanleg havskorpe, og på modellering av platerørsle. Vi gratulerar med ein flott opptakt til Centre for Earth Evolution som startar opp 1. mars!

Trond H. Torsvik, Hans Amundsen, Ebbe H. Hartz, Fernando Corfu, Nick Kusznir, Carmen Gaina, Pavel V. Doubrovine, Bernhard Steinberger, Lewis D. Ashwal & Bjørn Jamtveit (2013) A Precambrian microcontinent in the Indian Ocean. Nature Geoscience DOI: 10.1038/

Figurutsnitt fra artikkelen